Kan kome 24 nye omsorgsbustadar ved Mastrevik torg
Austrheim kommune treng fleire omsorgsbustadar. Løysinga kan bli å hente eit konsept frå det statseigde eigedomsselskapet Allstad. Konseptet inneber at kommunen blir leigetakar, og dermed slepp investeringskostnadar.


Torsdag i denne veka får kommunestyret i Austrheim ei sak på bordet om nye omsorgsbustadar. Kommunen må ruste seg for ei framtid med større behov for kommunale omsorgstenester, og eit av tiltaka som må vurderast er å etablere fleire omsorgsbustadar.
"Det er eit mål at fleire skal bu i eigen heim og få helse og omsorgstenester i heimen. Austrheim kommune har få omsorgsbustader og bustader med livsløpsstandard, som kan tildelast etter behov. Samtidig ser vi eit aukande behov for mindre bustader med universell utforming og livsløpsstandard", skriv kommunedirektøren i saksutgreiinga til kommunestyret.
Samarbeid med statleg selskap
I midten av november fekk levekårsutvalet i kommunen ein presentasjon av det statleg eigde eigedomsselskapet Allstad, som kan tilby eit ferdigutvikla konsept som kan tilføre 24 nye omsorgsbueiningar til kommunen. I tillegg kan dei levere eit dagsenter for heimebuande med demens. Kommunen ønsker også å vurdere om ny ambulansebase skal nytte same lokasjon.
Allstad viste i sin presentasjon til at dei har gjennomført liknande prosjekt i andre kommunar, mellom anna i Alstahaug i Nordland.
Konseptet inneheld bustadar som:
- "bør" vere 55 kvadratmeter eller større.
- har plass til alle bustadfunksjonar, inkludert dobbeltseng, vaskemaskin og privat uteareal.
- har plass til hjelpemidler.
Eit dagsenter kan til dømes innehalde kjøkken og spisestove, hobbyrom, verkstad, musikkrom og bibliotek.


Kommunen blir leigetakar - slepp investeringskostnadar
I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren at det vil bli nødvendig med nye omsorgsbustadar i kommunen.
"Kommunen har ikkje andre aktuelle tomter klare til slik utbygging, og det er i dag ingen tilgjengelege kommunale omsorgsbustader. Leige av nye omsorgsbustader vurderast som heilt nødvendig for å møte framtidig behov, og for å sikre gode og kostnadseffektive tenester til innbyggjarane", står det.
Og kommunedirektøren meiner konseptet til Allstad kan gjerast innanfor kommunen sin økonomiske bereevne.
Konseptet inneber nemlig at Allstad, saman med det nye eigedomsfondet Samfond, som mellom anna KLP har investert 1,15 milliardar kroner i, bygger og eig bygget/bygga som rommar omsorgsbustadane. Bygget/bygga blir deretter leigd ut til kommunen, med opsjon om framtidig kjøp.
"Allstad og Samfond tilbyr eit ferdig utvikla konsept der Allstad har kontroll på tomt, planlegg og gjennomfører prosjektet, medan Samfond finansierer og eig bygget. Dette blir leigd ut til kommunen gjennom langsiktige leigeavtalar, med moglegheit for opsjon om seinare kjøp", står det i saksutgreiinga.
Det betyr at kommunen ikkje får kostnadar knytt til sjølve bygginga. Konseptet er meint å vere i tråd med Husbanken sine krav for å få tilskot og momsrefusjon, noko som også er ein føresetnad for Allstad og Samfond.
"Modellen Allstad og Samfond tilbyr gjev Austrheim kommune moglegheit til å realisera prosjektet utan store eingongsinvesteringar. Samfond tek eigarskap, og kommunen kan inngå leigeavtale over lang tid. Husbankens investeringstilskot er sentralt for å gjere leigenivået akseptabelt. Dette er i tråd med den økonomiske bereevna kommunen har i inneverande økonomiplanperiode", skriv kommunedirektøren.
Ser på tomt ved Mastrevik torg
Saka var oppe til drøfting i formannskapet i sist veke, men det er kommunestyret som skal gjere endeleg vedtak om vegen vidare. Kommunedirektøren føreslår at kommunen går vidare ved å hente inn eit konkret tilbod frå Allstad.
Formannskapet støtta forslaget, men dei stilte spørsmål ved om det er moglegheiter for to soverom i bueiningane. Administrasjonen noterte seg dette med tanke på det vidare arbeidet.
Viss ei slik utbygging skal bli ein realitet, er det ei uutbygd tomt på baksida (sørvestsida) av Mastrevik torg som er aktuell. Denne tomta er i dag regulert til bustadføremål, men må omregulerast til tenesteyting før arbeidet startar.
Ein skissert framtidsplan viser til at byggestart kan skje allereie i 2027.
