FENSFJORDEN
Publisert for omtrent to månader sidan|Nyheiter

Slik kan lokale aktørar påverke Stortinget sine avgjerder

Stortinget skal vurdere nye støtteordningar for grende- og samfunnshus. Lokale lag viser korleis dei kan bidra til å påverke politikarane.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 11.02.2026 12:00
Austrheim samfunnshus
SAMFUNNSHUS: Styret i Austrheim samfunnshus er blant dei lokale laga som har skrive høyringsuttale til stortingssaka om nye støtteordningar for "organisasjonseigde kulturbygg".

Det kan ofte kjennast som det er lang veg frå grisgrendte bygder på Vestlandet til Løvebakken og stortingskorridorane i Oslo, og mange kan kjenne på kjensla av at det ikkje alltid blir tatt høgde for lokale behov og ønske når dei politiske avgjerdene skal takast.

Men heldigvis finst det nokre måtar lokale røyster kan bli høyrde på, og bli ein del av vurderingsgrunnlaget politikarane fattar sine avgjerder på.

Politisk sak om grende- og samfunnshus

I løpet av våren skal Stortinget vurdere eit nytt forslag frå Senterparti-politikarane Erling Sande, Kjersti Toppe og Marit Grøthe knytt til støtteordningar for “organisasjonseigde kulturbygg”, altså grendahus, samfunnshus, ungdomshus, bedehus og andre liknande bygg eigd av frivillige lag og organisasjonar.

Dei omtalar slike bygg som “ein viktig del av den kulturelle infrastrukturen i Norge”.

“Desse husa har i generasjonar vore møteplassar for fellesskap, kultur og frivilligheit, og dei spelar ei sentral rolle for fritidstilbodet til barn og unge over heile landet”, skriv dei som bakgrunn for saka som no skal behandlast i Stortinget.

Dei viser til at det 5.500 slike bygg i Norge i dag, og at mange av desse er eldre bygg med store vedlikehalds- og oppgraderingsbehov.

Kommunar kan vere gode støttespelarar for lokale lag og organisasjonar, men frå statleg hald er det lite konkrete støtteordningar som treffer organisasjonseigde kulturhus. Det vil Sp-politikarane gjere noko med.

Dersom stortingsforslaget deira blir vedtatt, får regjeringa i oppgåve å lage til ei eiga ordning for å sikre at fleire tilskotsmidlar finn vegen til frivillig drifta kulturbygg. I tillegg vil dei opne for at lokale lag og organisasjonar kan få momskompensasjon for arbeid knytt til påbygging, ombygging og oppgradering av bygg, arbeid som i dag fell utanfor momskompensasjonsordninga.

Lokale lag på ballen

Mange lokale bygdehus opplever dei same utfordringane som politikarane beskriver som bakgrunnen for forslaget deira.

Det kjem mellom anna fram i høyringsrunden knytt til stortingsforslaget.

For det finst ein måte for lokale aktørar å påverke det som skjer i stortingskorridorane, nemleg ved å delta i høyringsrundene. Stortingspolitikarane skal ta med alle innkomne innspel i den vidare behandlinga av sakene.

Styret i Austrheim samfunnshus er blant dei lokale aktørane som har sendt inn høyringsinnspel, og dermed nytta moglegheita til å la si røyst bli høyrd.

“Som beskrive i forslaget har også vi eit ønske om å oppgradere og gjere større vedlikehald, men dette er vanskeleg. Det er vanskeleg fordi huset, som var bygd på 60-talet, har eit stort behov for oppgradering og vedlikehald. Dette skjer i økonomisk krevjande tider, med høg rente og dyr straum”, skriv samfunnshus-styret i uttalen.

Dei stiller seg difor positive til forslaget til dei tre Senterparti-politikarane.

“Vi stiller oss bak alle forslag som vil bidra til utvikling av lokale samlingsplassar, som vi er så glade i”, skriv dei.

Styret i Austrheim samfunnshus har også eit tilleggsinnspel, nemleg eit ønske om å få på plass ei ordning knytt til straumstøtte. Dei skriv at høge straumprisar, særleg vinterstid, er ei stor utfordring.

Innspel frå Gulen

Også to lokale lag i Gulen har skrive høyringsinnspel i saka. Nordgulfjorden Grendahus viser til kva slags oppgraderingsbehov dei står overfor, og at dei difor støttar forslaget frå Senterparti-representantane.

Dei står overfor oppgraderingar mellom anna knytt til:

  • grunnmurslekkasje.
  • etterisolering.
  • utdatert kjøkken.
  • for liten storsal.
  • nye krav til universell utforming.

“Dagens ordningar inneber at vi som eit frivillige lag må bere store meirutgifter, også når tiltaka er heilt nødvendige eller pålagde. Dette fører til at viktig utvikling blir utsett eller ikkje gjennomført”, skriv grendahuslaget, som omtalar det politiske forslaget som “treffsikkert”.

Også Ul Havgula på Byrknes har bidratt med høyringsinnspel, og dei poengterer at all drift av samfunnshuset deira skjer ved hjelp av dugnad.

Kva funksjon har høyringsinnspela?

Høyringsrunden er avslutta, og saka er no sendt til Stortinget sin familie- og kulturkomité som skal gjere ei vurdering av saka før endeleg avgjerd blir tatt av stortingspolitikarane.

Fleire andre aktørar, frå heile landet, har også kome med innspel i saka. Desse blir no tatt med i den vidare vurderinga.

Mange lokale lag og organisasjonar, samt større organisasjonar som Norges Husflidslag, Norges Ungdomslag og Frivillighet Norge, stiller seg bak forslaget frå Sp-representantane, og underbygger argumentasjonen som ligg til grunn for forslaget.

Gjennom ein høyringsrunde kan dermed aktørane som står problemstillingane nærast bidra med kunnskap om temaet og vise korleis det politiske forslaget kan hjelpe med utfordringane aktørane står overfor.

Familie- og kulturkomitéen har frist til 17. mars med å behandle saka og kome med si tilråding, før Stortinget etter planen skal røyste over saka veka etter.