Slik røysta fensfjordkommunane i 2021
Samla sett var Senterpartiet det mest populære partiet i Austrheim, Gulen, Masfjorden og Fedje ved sist stortingsval.


Måndag kveld begynner dei første valresultata å tikke inn, og i tillegg til den nasjonale fordelinga av røystene, er det spennande å sjå korleis det blir røysta rundt om i kvar enkeltkommune.
Ved stortingsvalet i 2021 røysta ein fjerdepart av innbyggarane i fensfjordkommunane (Austrheim, Gulen, Masfjorden og Fedje) for Senterpartiet. Dei fekk størst lokal oppslutnad med 25 prosent, medan Høgre fekk 22,2 prosent og Arbeidarpartiet 21,8 prosent.
FrP landa på 14,5 prosent, medan KrF fekk 5,8 prosent samla i dei fire kommunane.
SV og Raudt fekk høvesvis 2,8 og 2,1 prosent, medan Venstre fekk 1,7 og MDG 1,1 prosent.
Senterpartiet gjorde det særleg godt i Gulen og Masfjorden. 36,9 prosent av gulingane røysta Sp, og i Masfjorden fekk dei 30,5 prosent oppslutnad.
I Austrheim vart Høgre størst i 2021, med 27,8 prosent av røystene. På Fedje var Ap mest populært med 27,2 prosent.
Sjå alle 2021-resultata i grafen under eller i tabellar nedst i saka.

Det kan ofte variere stort frå val til val kva parti som gjer det best blant veljarane i kvar enkelt kommune. Arbeidarpartiet hadde størst oppslutnad i Masfjorden både i 2009 og i 2013, men vart passert av både Høgre og Senterpartiet ved dei to neste stortingsvala.
Høgre har vore det klart største partiet ved kommunestyrevala i Masfjorden dei siste 15 åra, men det har altså ikkje alltid gjenspegla seg ved stortingsvala.
I Gulen kommune har Senterpartiet hatt god oppslutnad ved dei siste vala, og dei fekk over 30 prosent både i 2017 og 2021. Eit parti som Høgre har derimot variert meir. Sist fekk dei "berre" 16,2 prosent oppslutnad i kommunen, samanlikna med 25,9 prosent i 2017 og 23,1 prosent i 2013. Samstundes var dei heilt nede på 14,7 prosent i 2009.
I motsett ende har Ap vane for å vere uvanlegt stabile i Gulen, og har ved alle dei siste fire stortingsvala landa tett på 20 prosent-talet.
Austrheimingane har sidan 2013 føretrekt Høgre, sjølv om oppslutnaden i 2021 var lågare enn dei to føregåande valåra.
Austrheim er også ein sterk Frp-kommune, sjølv om lokallaget ikkje har stilt liste til kommunestyrevalet etter 2011. Frp-oppslutnaden har sidan den gong lege relativt stabilt på kring 16-19 prosent. Tilbake i 2009 var derimot Frp størst på borgarleg side i Austrheim, med 26,5 prosent. Berre Ap var så vidt større.
På Fedje har Ap og Høgre bytta på å vere størst. Ap var mest populære i 2009 og i 2021, medan Høgre var størst dei to vala imellom. Også KrF har stått sterkt på Fedje, med kring 14 prosent oppslutnad både i 2021 og i 2017. I 2013 og 2009 låg dei endå høgare, på kring 19,5 prosent.
KrF har stått sterkt i fleire kommunar, men opplevd nedgang dei siste åra. I Gulen vart populariteten deira meir enn halvert frå 12,1 prosent i 2013 til 5,8 prosent i 2017, etterfølgd av ein ny botnnotering med 4,9 prosent i 2021. Omtrent den same utviklinga har partiet opplevd også i Austrheim og Masfjorden, etter å ha hatt over 10 prosent oppslutnad i begge kommunane i 2013.
Det er dei største partia som har dominert i dei fire fensfjordkommunane. Berre to gongar sidan 2009 har det skjedd at eit anna parti enn Ap, Høgre, Frp, Sp og KrF har fått meir enn 4 prosent oppslutnad i ein av dei fire kommunane ved stortingsvalet. Begge gongane var det Venstre som klarte det og begge gongane i 2013, i kommunane Austrheim (4,1 prosent) og i Gulen i 2013 (4,7 prosent).
Resultat Austrheim 2021:
Raudt - 2,0 %
SV - 2,6 %
Ap - 23,5 %
Sp - 14,9 %
MDG - 1,1 %
KrF - 5,1 %
Venstre - 2,0 %
Høgre - 27,8 %
FrP - 17,6 %
Andre - 3,4 %
Resultat Gulen 2021:
Raudt - 2,3 %
SV - 2,9 %
Ap - 19,6 %
Sp - 36,9 %
MDG - 1,3 %
KrF - 4,9 %
Venstre - 1,6 %
Høgre - 16,2 %
FrP - 12,0 %
Andre - 2,2 %
Resultat Masfjorden 2021:
Raudt - 2,3 %
SV - 2,9 %
Ap - 20,2 %
Sp - 30,5 %
MDG - 1,0 %
KrF - 5,2 %
Venstre - 1,2 %
Høgre - 20,6 %
FrP - 13,2 %
Andre - 3,1 %
Resultat Fedje 2021:
Raudt - 1,1 %
SV - 2,8 %
Ap - 27,2 %
Sp - 10,7 %
MDG - 0,6 %
KrF - 14,3 %
Venstre - 1,7 %
Høgre - 23,6 %
FrP - 13,8 %
Andre - 4,2 %
Resultat nasjonalt 2021:
Raudt - 4,7 %
SV - 7,6 %
Ap - 26,3 %
Sp - 13,5 %
MDG - 3,9 %
KrF - 3,8 %
Venstre - 4,6 %
Høgre - 20,4 %
FrP - 11,6 %
Andre - 3,6 %