Snart brakar det laus i havgapet
I nesten 20 år har Utkant vore eit av dei mest framståande årlege kulturarrangementa i fensfjordregionen.


– Det blir ein tradisjonsrik Utkantfestival slik ein er van med, seier festivalsjef Jostein Sydnes, som er svært klar for ei ny runde med festivalmoro i havgapet i Skjerjehamn i Gulen.
I år blir Utkant myndig. Festivalen kom til verda for 18 år sidan, då som ei markering i høve avdukinga av kongestatuen. Sidan den gong har både steinutgåva av kong Olav og tusensvis av publikummarar kost seg med god stemning og store artistnamn siste helga i juli.
På årets festivalplakat står namn som Staut, OnklP, Silvana Imam, Ramon, Casiokids, Maria Mena og Beathoven.
– Vi er veldig stolte av programmet i år. Mykje rock, pop og hip-hop, noko for ein kvar smak, seier Sydnes.
Det er framleis billettar att, men festivalleiinga opplyser at det begynner å nærme seg fullt for dei som vil ha båtplass i hamna.
Skal ein klare å gjennomføre ein stor festival på ein liten plass, er det behov for dugnadsinnsats og frivillig hjelp.
– Det er ein god del logistikk som skal løysast, forklarar frivilligansvarleg Sabine Graeff.
Skjerjehamn er ein heilt unik stad, men det er ikkje større fysisk plass enn det treng å vere for å lage eit stort festivalområde. Det betyr blant anna at det er behov for frivillig hjelp til å frakte personar og utstyr til og frå festivalområdet.
Dei forklarar at dei har mange engasjerte frivillige med seg, men at det alltid er behov for fleire.
– Ein skal ikkje undervurdere kor kjekt det er å vere frivillig på festival. Ein blir kjent med festivalen på ein annan måte, seier Sydnes.
– Og ein blir kjent med folk, noko eg synast er veldig givande. Det kan vere ein fin moglegheit viss ein ikkje kjenner så mange eller har lyst til å møte nye folk, fortset Graeff.
Sjølv om Utkant allereie har hatt ei god levetid, håpar leiinga at festivalen fortsatt skal lage folkefest i Skjerjehamn i mange år framover. Men det krev at festivalen ikkje blir tatt for gitt.
– Vi klarar ikkje ein festival på den storleiken det trass alt er utan lokalt engasjement. Det krev litt både frå folk, næringsliv og kommunen, seier Sydnes.
Både Sydnes og Graeff kosar seg stort med å arrangere Utkant.
– Det er eit veldig fint fellesskap,p både blant dei som er med og arrangerer festivalen og publikum, seier Graeff.
– Det er feiring av Vestlandet og kystkulturen, avsluttar Sydnes.
