Startar re-taksering av næringseigedomar - vil krevje inn 50 prosent meir eigedomsskatt
Auka inntekter frå eigedomsskatten er eit nøkkelpunkt blant Austrheim sine vedtatte innsparingstiltak, men det betyr at det kan bli meir enn 50 prosent høgare skatt på enkelte næringseigedomar.


Austrheim har i dag berre eigedomsskatt på næringseigedom, og ikkje på hus og fritidsbustadar. Å innføre eigedomsskatt også på hus og fritidsbustadar er førebels uaktuelt for Austrheim-politikarane, men å få auka inntekter på næringseigedomar er eit viktig grep for å betre kommuneøkonomien dei komande åra.
Då kommunestyret i juni vedtok dei kommunale innsparingstiltaka, vart det lagt til grunn at det kan vere mogleg å hente inn seks millionar kroner ekstra i året på eigedomsskatten.
Det er 50 prosent meir enn dei tolv millionane kommunen får inn i dag.
Eigedomane får nye takstar
Kor mykje skatt som skal betalast per næringseigedom baserer seg på ein fastsett takst av eigedomen. Det er kommunen som set takstane, som skal ta utgangspunkt i marknadsverdien til eigedomane.
Ein av grunnane til at kommunen no må endre takstane på eigedomane, er lovpålagd krav om oppdatering av takstgrunnlaget kvart tiande år. Gjeldande takstgrunnlag i Austrheim er frå 2016.
Det betyr at kommunen har tre val:
- Utsette re-taksering i inntil tre år, men det krev at det ligg føre "særskilde tilhøve" for utsetjing, noko kommuneadministrasjonen meiner Austrheim ikkje kan vise til.
- Gjere ein "kontorjustering". Det inneber ei utsetting av den fulle re-takseringa i inntil tre år, men at ein kompenserer ved å auke takstane på alle næringseigedomane med inntil 10 prosent årleg.
- Gjennomføre full re-taksering.
Kommuneadministrasjonen anbefalte punkt 3, som også vart vedtatt av kommunestyret.
– Vi meiner at vi skal gå for re-taksering. Ein av grunnane til det er det som skjedde i juni i kommunestyret då de vedtok ein innsparingsplan der det blant anna er lagt inn auka inntekt på skatt på næringseigedom, sa sakshandsamar og prosjektleiar i kommunen, Atle Vaage, då han la fram saka for kommunestyret.
Den alternative kontorjusteringa vil gje maksimalt 1,2 millionar kroner ekstra kvart år den blir gjennomført, altså langt mindre enn dei seks millionane ekstra kommunen håpar å kreve inn allereie frå dei nye takstane blir gyldige i 2027.
Kraftig skattehopp
Ei anna ulempe ved kontorjusteringsalternativet, er at denne vil gje lik takstauke på alle næringseigedomar, også dei som potensielt har tapt seg i verdi sidan 2016.
På den andre sida vil ei komplett re-taksering kunne gje eit kraftig takst- og skattehopp for mange eigedomar.
– Konsekvensen av re-taksering, vil vere at eigarar av næringseigedomar må forvente meir enn 50 prosent auke i eigedomskatten frå 2026 til 2027. Det er då viktig å ha med i vurderinga at tiårs-regelen i praksis betyr at verksemdene unngår årleg kostnadsauke i ti år fram mot kvar re-taksering, skriv kommuneadministrasjonen i saksutgreiinga.
Sjølve arbeidet med re-takseringa er estimert til å koste 300.000 kroner, og administrasjonen ønsker å bruke resten av året til førebuingar før sjølve re-takseringsarbeidet startar opp rett over nyttår.
Re-takseringsarbeidet kan vere tidkrevjande, ikkje minst dersom det blir mykje klagehandsamingar. Mange klagesaker vil også gje risiko for auka utgifter knytt til juridisk bistand.
– Kommunen må og vere førebudd på tap av omdøme som følgje av stor prosentvis auke i beløpa for eigedomskatt frå 2026 til 2027, skriv administrasjonen.
Kva vil det bety for næringsutvikling?
Politikarane i kommunestyret vedtok saka utan diskusjon, men då formannskapet gjorde den førebuande sakshandsaminga i august, vart eit av temaa korleis kommunen skal finne balansen mellom å hente inntekter frå eigedomsskatt utan å skremme vekk næringsverksemder med for høgt skattetrykk.
– Skal vi subsidiere næringslivet eller skal vi ikkje subsidiere. Eigedomsskatt har i dag blitt ein konkurransefaktor, sa økonomisjef Odd Harald Dommersnes i formannskapsmøtet.
– Etter mi meining skal vi ikkje vere prisleiande. Vi er interesserte i å få næringsverksemd i kommunen, fortsette Per Lerøy (Ap).
– Vi må vere edruelege når vi set opp prisen. Viss vi speler litt på lag kan vi kanskje trekke til oss næring, sa ordførar Morten Sognnes (H), som viste til både klaging og rettsaker i Alver kommune etter innføring av eigedomsskatt.
Også i Tysvær kommune har det vore rettsaker etter innføring av eigedomsskatt på næring, noko Dommersnes opplyste om. Det enda i rettsalen, og nokon av klagarane fekk medhald i at kommunen hadde takstlagt eigedomane for mykje.
– Eg trur vi må lære av kva Tysvær gjorde, sa han.
Økonomisjefen varsla at kommunestyret framover vil få fleire saker knytt til re-takseringa å ta stilling til, ikkje minst knytt til kor mykje eigedomsskatten til sjuande og sist skal aukast med.
– Her må vi nok ta ein diskusjon, og bruke rådgjevarar. Kva skal bli den reelle auka? Kor mykje tør vi? sa Dommersnes.

Kan tene tolv millionar på hus og hytter
Eit anna poeng økonomisjefen gjorde, var at politikarane måtte vere sikre på at dei vil halde fast på strategien med å ikkje innføre eigedomsskatt på hus og fritidsbustader. Austrheim er ein av 30 kommunar i landet som har eigedomsskatt på alle næringseigedomar, men ikkje på hus og fritidsbustadar. I alt har kring 250 av landets 357 kommunar eigedomsskatt på hus og hytter.
Dommersnes åtvara mot å re-taksere næringseigedomar no, dersom det i løpet av dei neste åra også vil bli aktuelt å innføre eigedomsskatt på hus og hytter. Då må i så fall heile takseringsarbeidet gjerast på nytt.
– Hadde vi innført eigedomsskatt på hus og hytter, ville det utgjort ca. tolv millionar i året. Vi må vere innforstått med at vi seier frå oss ein stor inntekt, sa han.
– Ein annan måte å sjå det på er at vi kan få fleire folk til å flytte til Austrheim fordi det er meir attraktivt å bu og bygge her samanlikna med nabokommunane. Då vil vi hente inn at nokon av dei tolv millionane, kommenterte Per Lerøy.