Sterk innsats på Norway Cup
Ei intens og innhaldsrik Norway Cup-veke er over for dei to lokale laga som tok turen til hovudstaden. Både Masfjord J16 og Austrheim G15 var uslåelege i gruppespelet, før det vart litt for tøft i A-sluttspelet.


– Laget har prestert veldig bra, og det har vore ei kjekk veke. Jentene har kost seg frå første stund.
Det fortel Erlend Haugsvær som saman med Torbjørn Midtbø er trenarar for Masfjord FL sitt jenter 16-lag. Dei har denne veka vore på Norway Cup, og levert store sportslege prestasjonar i Oslo.
Frå søndag til tysdag spelte dei tre gruppespelskampar. Ikkje berre vart det tre sigrer, men jentene sleppte heller ikkje inn eit einaste baklengsmål. Ni poeng og 9-0 i målforskjell sikra soleklar gruppesiger.
– Vi slår blant anna førstelaget til Bergen Nord, seier Haugsvær.
Gjengen frå Salhus vart slått 3-0. I dei to neste kampane vann jentene 5-0 over Haugsbygd Tyristubben og 1-0 over Treungen.
Tøff motstand i sluttspelet
I åttandedelsfinalen i A-sluttspelet venta det internasjonal motstand, og jentene fekk det tøft mot Inspire Soccer FC frå USA.
– Det var ein god motstandar som var litt meir ballsikre enn oss, så vi låg oss litt lågt og satsa på kontringar, fortel Midtbø.
Taktikken lukkast til å begynne med, og Masfjord tok leiinga 1-0. Utover i kampen vart det derimot for vanskeleg å stå imot presset frå amerikanarane, som til slutt vann 2-1.
– Dei var det beste laget, seier trenaren.

God generasjon
Å levere gode prestasjonar på fotballbanen er ikkje uvan kost for jentelaget. Dei gjer det også godt i det ordinære seriespelet.
– Det er ein god generasjon som hevdar seg i avdelinga si. Det er eit lag med mange gode styrkar, seier Midtbø.
Det er imponerande når ein frå grisgrendte strøk og ofte kjempar mot gode lag frå Bergen og omegn.
– Vi har ei god grunnstamme i laget, og jentene er flinke og møter på trening kvar gong. Så jobbar vi for at dei skal få mest mogleg ut av treningane, seier Haugsvær.
Han fortel om eit lag med mykje kvalitetar gjennom heile linja. Eit solid forsvar, ein god midtbane, to spissar som kan få til ting på eigen hand og ein trygg og god keeper bakerst.
Laget har også nokre ulempar samanlikna med ein del konkurrerande lag.
– Vi har spelarar frå fem ulike skular i Masfjorden og Gulen. Nokon har éin time reiseveg for å kome på trening. Det gjer at vi ikkje kan ha like mange treningar i veka som ein del andre lag, seier Haugsvær.

