FENSFJORDEN
Publisert 5 dager siden|Nyheiter

Stoppar ei rekke innsparingstiltak

Kommunestyret i Austrheim gjorde store endringar på kommunedirektøren si kuttliste.

Øyvind Bjerkestrand
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 27.06.2025 09:30
Kommunstyret i Austrheim
DISKUTERTE KUTTFORSLAG: Kommunestyret i Austrheim seier nei til ei rekke av kommunedirektøren sine kuttforslag.

Økonomien i Austrheim kommune har vore mykje omtalt, og kommunestyret har no gjort opp si meining om kommunedirektøren si massive innsparingsliste som hadde som hensikt å spare kommunen 80 millionar kroner i åra 2026 til 2029.

Kuttforslaga bestod av ei liste på 27 konkrete innsparingstiltak, samt seks tiltak kommunedirektøren ynskte vidare vurdering av. I tillegg var fem tiltak vurderte, men ikkje tilrådd frå kommunedirektøren.

Politikarane vart einige

Det var knytt stor spenning til kva politikarane i kommunestyret meinte om innsparingane. Samlingslista føreslo i første omgang å utsette saka, men fekk ikkje fleirtal for dette forslaget. Dermed var det klart for full behandling og vedtak då kommunestyret var samla for siste gong før sommaren på samfunnshuset i Austrheim.

Diskusjonane gjekk føre seg på bakrommet. Gruppeleiarane for dei fem partigruppene samla seg til gruppeleiarmøte, og returnerte derifrå med eit felles vedtaksforslag. Forslaget inneheldt store endringar samanlikna med kommunedirektøren sitt forslag.

Politikarane sa nei til følgande av kommunedirektøren sine forslag:

  • Sommarstenging av barnehagane
  • Redusering av sommarjobbtilbod til ungdom
  • Redusert driftstilskot til kyrkja
  • Kutt i driftstilskot til fysioterapeutar
  • Avslutting av køyretilbod til Aufera
  • Stopp i inntak av TAF-elevar
  • Stopp av annonsering i lokalavisar
  • Sette revisjonstenestene ut på anbod
  • Stopp i tilskot til kunsthuset
  • Redusere stilling i ungdomsklubben

I tillegg er politikarane skeptiske til administrativ samanslåing av barnehagane, og dei vil ikkje at det skal vurderast oppretting av interkommunalt aksjeselskap for å drifte plan- og byggesaksavdelinga. Kontinuerleg opptak i barnehagane skal fortsette, men dersom dette fører til at barnehagane må auke bemanning, skal det godkjennast av formannskapet.

Det politikarane derimot ønsker å sjå vidare på, er å vurdere lokale for hjelpemiddellageret og sjå etter moglege innsparingar knytt til den kommunale bilparken. I tillegg vil dei at det skal leggast fram ei oversikt over politiske godtgjersler.

Føreseielege innsparingar

Blant innsparingane kommunedirektøren føreslo, og som politikarane ikkje sa direkte nei til, er nedskalering av årsverk fleire stader i den kommunale drifta. Kommunedirektøren meiner mykje av dette kan løysast ved omorganisering og omfordeling av oppgåver.

Kommunedirektøren føreslo også at det blir sett vidare på moglegheita for ei større omorgansering med mål om å effektivisere drifta.

Politikarane er skeptisk til for mykje endringar.

"Kommunen har nyleg vore gjennom ei omorganisering og den nye organisasjonen må no få setja seg. Kommunestyret kan derfor ikkje støtta ein prosess der resultatet kan bli nye organisasjonsendringar eller utfasing av tenester eller avdelingar", står det i vedtaket frå kommunestyret.

Politikarane ber også om at innsparingsvedtak blir tatt inn som ein del av det komande budsjett- og økonomiplanarbeidet.

"Innsparingstiltak bør vera føreseielege og ikkje framstå som avtalebrot eller omkampar. Andre aktørar har lagt sine planar basert på kommunale vedtak og då må kommunen kunna levera på desse", står det vidare i vedtaket.