Stort artistslepp til Utkant
Det har vore stille frå Utkant gjennom hausten og vinteren, men tysdag lanserte dei heile tre av sommarens festivalartistar.


– I år har vi hatt fokus på å lytte til publikum i bookingprossessen, og eg synast at vi no har snekra saman ein god lineup som reflekterer det. Det blir mykje kjent og kjært, samt litt nyare og lokale ting som vi har veldig trua på, seier Ingvild Nordfonn, bookingansvarleg for Utkant.
Allereie då festivalen i fjor sommar vart avslutta, vart Kjartan Lauritzen lansert som klar for 2026-utgåva. Sidan den gong har det ikkje kome fleire artistslepp, før no.
Tysdag ettermiddag lanserte Utkant tre nye artistar: Admiral P, Slomosa og Oddny.
Festivalleiinga melder at dei har brukt tid på å “få på plass ein plan og ei godt forankra finansiering” før årets festivalutgåve, og at det no ser ut til “å bli eit lovande år for Utkant”.
Admiral P er kanskje det største namnet som blir lansert i denne omgangen. Norsk-zambieren er kjent for sin reggae-pop-stil, og slo gjennom med eit brak for 15 år sidan med hiten “Snakke litt”.
Fire år seinare fekk han og Nico D Spellemannprisen i kategorien Årets hit for låta “Engel”.
Dei to andre sleppa er lokale vestlendinger. Slomosa er eit bergensband i framvekst som dei siste åra har turnert både i Norge, Europa og USA, med eigenprodusert musikk i sin eigen definerte sjanger “tundra-rock”.
Bremangergruppa Oddny er eit anna band i framvekst, og dei slo gjennom med låta “Oktober, Bergen by” i 2023. I fjor kom debutalbumet “Eg trur eg er åt å komme meg/Nye sko“, og vart av Bergens Tidende sin anmeldar omtalt som “Vestlandets Odd Nordstoga”.
Årets Utkantfestival går av stabelen frå 23-25 juli.
– Det er godt å endeleg vere i gang igjen, seier bookingsjefen om det ferske artistsleppet.
