FENSFJORDEN
Publisert for 22 dagar sidan|Nyheiter

Stramt budsjettforslag i Austrheim - varslar nedbemanning

Kommuneadministrasjonen kuttar det dei klarar i dei kommunale einingane. Så mykje at økonomisjefen varslar om nedbemanningsprosessar.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 31.10.2025 08:00
Økonomisjef Odd Harald Dommersnes presenterer budsjettframlegg for politikarane.
BUDSJETTFRAMLEGGING: Økonomisjef Odd Harald Dommersnes tok politikarane gjennom hovudtala i administrasjonen sitt budsjettframlegg.

Etter ein sommar og haust med mykje fokus på den økonomiske situasjonen i Austrheim kommune, la kommuneadministrasjonen torsdag ettermiddag fram sitt forslag til budsjett for neste år.

Bodskapet frå administrasjonen er tydeleg. Lovpålagde tenester blir prioriterte, og det blir kutta til beinet i dei ulike einingane, noko som betyr lite handlingsrom for politikarane. Kommunen må jobbe med å effektivisere drifta, og det kan inkludere nedbemanningsprosessar.

Budsjettforslaget legg opp til kring seks millionar kroner i pluss i 2026, men det er eit mindre overskot enn dei økonomiske måltala tilseier. Austrheim må fylle opp den kommunale sparegrisen, men det vil ta lengre tid enn planlagt.

Politikarane sende forslaget ut på høyring. I november startar dei politiske diskusjonane for fullt.

Nye innsparingar i år

Politikarane i kommunestyret fekk orienteringa om det nye budsjettforslaget etter at økonomisjef Odd Harald Dommersnes hadde gjeve ein rapport om stoda for årets budsjett.

Den ferske økonomirapporteringa inneheldt meir av det same som politikarane har fått servert gjennom store delar av året. Kommunen slit med å kome i mål med budsjettet for 2025, og fortset dermed å spare og kutte så langt det let seg gjere.

Det administrasjonen vil gjere vidare ut året er mellom anna å sette full stopp for nye tilsettingar, så langt det lar seg gjere, kun gjennomføre heilt nødvendig kursing/opplæring av tilsette og sette på vent nye innkjøp av IKT-utstyr og inventar.

Økonomisjefen melde klart frå at Austrheim ikkje klarar å kome seg inn på den frykta ROBEK-lista neste år, men at dette blir nemnd viser kva konsekvensane kan bli for kommunen dersom dei ikkje klarar å sikre pluss i rekneskapen dei komande åra.

Når ikkje måla

I 2024 måtte kommunen bruke av eige disposisjonsfond, altså oppsparte midlar, for å gå i null. Men no er det ikkje mykje pengar att i sparegrisen. Kommunen har sjølv som mål at storleiken på disposisjonsfondet skal tilsvare 13 prosent av brutto driftsinntekter.

Det betyr at kommunen ikkje berre må gå i overskot, men må gå såpass mykje i overskot at dei, innan relativt få år, klarar å fylle opp att sparegrisen.

For å klare dette har kommunen eit mål om eit årleg driftsresultat på 2,5 prosent. Minimumsmålet er 1,75 prosent.

Det skjer neppe i 2026.

Administrasjonen sitt forslag legg opp til eit driftsresultat på 1,5 prosent. Det betyr likevel kring seks millionar kroner i pluss. Med andre ord blir det litt penger inn på sparebøssa, men ikkje så mykje som ønskt.

Det poengterte kommunedirektør Britt Skaalevik Lerøy då ho innleia budsjettpresentasjonen.

– Gjennom året vil vi leite med nebb og klør for å finne andre tiltak. Eg skal ikkje seie at vi ikkje når det (måltalet, journ.merk.), men slik vi har lagt det fram no, kan det sjå ut som vi ikkje er heilt der vi ønskte vi var, sa ho.

Kommunedirektøren
FOKUS PÅ LOVPÅLAGDE TENESTER: Kommunedirektør Britt Skaalevik Lerøy forklarte at hovudprioriteringane i budsjettframlegget er på lovpålagde tenester.

Vil satse på førebygging

Kommunedirektøren forklarte at dei har prioritert dei lovpålagde tenestene, men at dei ikkje har kutta alt av tilbod som ikkje er lovpålagde. Skaalevik Lerøy peikte særleg på tilbod med "førebyggande verdi".

– Vi har ønskt å videreføre ein del tenester som ikkje er lovpålagde. Det er fordi vi ønsker å førebygge og kome i forkant, for å ikkje utsette utfordringane våre, sa ho.

Det gjeld mellom anna "Grønt arbeid", som er eit lågterskel tilbod blant anna retta mot psykisk helse, og andre tilbod retta mot ungdom. Også lærlingar er eit satsingsområde.

Nedbemanning

Som nemnd i økonomirapporteringa, set kommunen no stopp for tilsettingar så langt det lar seg gjere. Det kjem etter eit år der det allereie har blitt kutta i årsverk, ikkje minst i administrasjonen, der fleire tilsette som har slutta ikkje har blitt erstatta.

Kommunen kjem framover til å fortsette å prøve å løyse oppgåvene sine med færre tilsette.

– Når stillingar no blir ledige, lar vi dei i utgangspunktet stå vakante, og vi gjer konkrete vurderingar for å sjå om det er oppgåver som kan løysast av andre, eller på andre måtar, før vi går i gang med utlysing, opplyste kommunedirektøren.

– Vi har ikkje formelt innført tilsettingsstopp, men alle ledige stillingar blir vurdert før dei blir eventuelt lyst ut. Det her kjem an på kva slags stillingar det er, sa ho vidare.

Men ein ting er å ikkje erstatte stillingar som blir ledige ved naturleg avgang, noko anna er det å aktivt nedbemanna.

Då økonomisjefen presenterte dei konkrete tala i budsjettforslaget, varsla han at budsjettet er såpass kutta til beinet at kommunen må starte nedbemanningsprosessar.

– Det vil vere folk som vi må starte prosessar på, som i framtida ikkje får lov til å jobbe i denne fantastiske kommunen, sa Dommersnes vemodig.

– Skal eg vere heilt ærleg, i dette forslaget ligg det nedbemanning. Det vil altså seie, det er folk som ikkje skal jobbe her vidare, fortsette han.

Lite handlingsrom

Økonomisjefen forklarte vidare at "nesten alle einingar har mindre budsjett i 2026, enn det dei hadde i 2025".

Det betyr, ifølge Dommersnes, at politikarane har lite handlingsrom å jobbe med når dei skal diskutere sine politiske prioriteringar.

– Ein må vere klar over at einingane har tatt det som er å ta, sa han.

Han trekte fram Nordliheimen som det tydelegaste eksempelet.

– På Nordliheimen har vi ikkje ei krone meir å ta. Der er det heilt skrapt no. Det er ingenting å ta på einingane våre.

Meir pengar i omløp

Sjølv om fokuset i budsjettforslaget er innsparingar, aukar dei totale driftsutgiftene i kommunen med omtrent 20 millionar samanlikna med budsjettet for 2025.

Halvparten av dette er naturleg lønsvekst for dei tilsette. Andre utgiftsauker er mellom anna knytt til den generelle pris-/kostnadsveksten i samfunnet.

Samstundes får kommunen meir pengar inn frå statlege overføringar. Kommunen sine skatteinntekter er venta å gå ned, men rammetilskotet frå staten aukar. I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett kjem Austrheim relativt godt ut.

– Staten er grei med Austrheim, kommenterte Dommersnes, sjølv om det var ord som kanskje sat langt inne å seie høgt.

Økonomisjefen omtalar Austrheim som heldige som ligg an til å få ein inntektsvekst frå staten på 4,4 prosent.

– Alver har fått ein auke på 3,5 prosent, vi har fått 4,4 prosent. Dei har akkurat fått kompensert løns- og prisveksten, medan vi har fått høgare enn prisveksten, sa han.

Innsparingstiltak

Budsjettforslaget inneheld ei rekke innsparingspunkt. Mange av desse punkta har blitt diskutert i Austrheim-politikken både i år og tidlegare.

Nokre moglege innsparingar slår ikkje inn før seinare år, som til dømes retaksering av næringseigedomar, som kan gje seks millionar meir i årlege inntekter frå eigedomsskatt frå 2027.

Andre tiltak det blir peika på i budsjettforslaget er mellom anna å:

  • gjere ein full gjennomgang av tenestetilbod og tenestenivå.
  • etablere felles natt-teneste innanfor helse og velferdssektoren.
  • satse på førebuande tiltak for hindre vekst i behov av kommunale tenester.
  • fortsette å arbeide med reduksjon av sjukefråvær.
  • vurdere framtidig organisering av legetenesta.
  • jobbe med omdøme for å tiltrekke seg tilflyttarar.
  • gjere vurdering av interkommunale samarbeid.

Skryter av dei tilsette

Sjølv om økonomien er utfordrande i kommunen, er det lyspunkt å ta med seg. Ikkje minst at sjukefråværet er svært lågt samanlikna med mange andre kommunar.

Det samla fråværet er per 3. kvartal på 5,23 prosent. For berre tre år sidan var dette talet dobbelt så høgt.

– Vi er heldige her i Austrheim, for vi har tilsette som står ganske mykje på, sa Dommersnes.

Både han og kommunedirektøren skrytte også av korleis dei tilsette, gjennom heile kommunen, har tilpassa seg ein tøffare økonomisk kvardag.

– Vi har kjempeflinke tilsette som er lojale i forhold til kutt. Vi har kjempeflinke leiarar og dyktige tillitsvalde som er med i prossessane. No er det opp til dykk å bestemme, sa Dommersnes, og spelte ballen over til politikarane som no sit med ansvaret med å vedta eit endeleg budsjett.

Kommunestyret
KOMMUNESTYRET: Austrheim-politikarane får litt å jobbe med fram til endeleg budsjettvedtak skal gjerast i desember.