Fylkespolitikarane vil ikkje avfeie kommunen sitt tomteønske
Politikarane i opplæringsutvalet vil ha med begge dei to aktuelle tomtevala for ny Austrheim vidaregåande skule i dei vidare vurderingane. Endeleg avgjerd skal takast av fylkestinget i mars.


Entusiasmen blant Austrheim-politikarane for ny vidaregåande skule er massiv, og då ein uttale til saka vart vedtatt i sist kommunestyremøte, la politikarane vekt på at investeringsplanane er ei gladsak uavhengig av tomteval.
Dei har likevel eit soleklart førsteval. Politikarane i Austrheim ønsker å plassere den nye skulen på det som i moglegheitsstudien er omtalt som "verftstomta", altså tomta ned mot Mastrevik kai der skulen i dag leiger verkstadbygg.
Fylkesdirektøren si tilråding er å bygge på same tomt som skulen står på i dag.
Fylkespolitikarane drøfta saka
No har politikarane i opplæringsutvalet i fylket sagt sitt. Dei vil ha med begge alternativa i dei vidare utgreiingane, og ønsker eit betre kunnskapsgrunnlag før dei tar ei endeleg avgjerd.
I vedtaket som vart gjort onsdag peikar politikarane på usikkerheita kring pris og erverv av verftstomta. Fylkesdirektøren tilrådde ikkje dette alternativet på grunn av det er estimert til å vere eit dyrare alternativ, og fylket må kjøpe tomta frå private eigarar.
Tomta skulen står på i dag er allereie i kommunalt eige, men det er også litt usikkerheit knytt til dette alternativet. Å bygge ny skule her kan innebere at fylket må kjøpe litt ekstra areal for å utvide tomta, og deler av dette arealet er myrområde.
Fylkespolitikarane ønsker difor meir kunnskap om dei to alternativa. Det inkluderer at fylket "bør går i forhandlingar om pris vedrørande alternativ 2 (verftstomta journ.merk.)", som det står i vedtaket.
"Kommunen skal takast med i denne dialogen. Det skal og utgreiast som det er mogleg med samarbeid med næringslivet om areal", står det vidare.
Politikarane vil også ha nærare vurderingar av "klima- og miljøavtrykk" ved begge dei to alternativa.
I vedtaket blir det lagt opp til at saka hamnar tilbake på politikarane sitt bord i januar, og at eit endeleg vedtak om tomteval blir gjort av fylkestinget i mars.
– Signalbygg
– Vi har aldri vore så nære å få bygge ny vidaregåande skule som no, sa Austrheim-ordførar Morten Sognnes då kommunestyret gjekk inn for sin uttale til saka.
Han skrytte av fylket sitt arbeid med moglegheitsstudien, og dialogen dei har hatt med kommunen.
– Vi har hatt ein fantastisk god prosess på dette. Då fylket sette i gang dette, har dei verkeleg jobba fort, og dei har jobba godt i lag med oss både politisk og administrativt. Dei har hatt ein framdriftsplan det verkeleg står respekt av, kommenterte Sognnes.
I uttalen blir det lagt tydeleg vekt på at "verftstomta" er kommunen sitt førsteval.
– Vi kan skape eit signalbygg der nede, ein skule vi verkeleg kan vere stolt over, og vi kan løfte heile området, sa ordføraren.
I den vedtatte uttalen står det at "tomta ligg flott og skjerma til i sjøkanten, og gir Vestland fylkeskommune høve til å byggja ein vidaregåande skule som kan bli eit fyrtårn og eit utstillingsvindauge for heile fylket. Eit nytt skulebygg her vil kunna vera eit kraftfullt bidrag til utviklinga av Mastrevikområdet og styrkja samspel mellom utdanning, næringsliv og lokalsamfunn".
Austrheim sin uttale fekk også støtte frå Regionrådet og Nordhordland Næringslag.
Vedtaket i opplæringsutvalet har brei politisk støtte, men eit politisk parti, Raudt, ønskte eit alternativ vedtak som gjekk ut på å velje "verftstomta" som tomteval for ny skule.