FENSFJORDEN
Publisert for omtrent en måned siden|Nyheiter

Vil redusere i utgifter utan å kutte i kommunale tilbod

Fedje står i ein krevande økonomisk situasjon, og må dekke 3,3 millionar kroner i ekstrautgifter med oppsparte fondsmidlar. Tysdag skal formannskapet diskutere moglege innsparingstiltak.

Øyvind Bjerkestrand
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 01.09.2025 07:45
Fedje kommune
FEDJE: Kommuneøkonomi er eit sentralt tema når dei politiske møta startar opp på Fedje etter sommaren.

3,3 millionar kroner ekstra er det kommunedirektøren i Fedje har bedd om for å handtere dei ekstra utgiftene kommunen har pådratt seg så langt i 2025. Før sommaren gjekk kommunestyret inn for å auke budsjettet med denne summen ved hjelp av oppsparte fondsmidlar.

Samstundes bad dei kommunedirektøren kome tilbake til politikarane med forslag til innsparingar.

Tysdag er det møte i formannskapet på Fedje, og kommunedirektøren har sendt ut sine forslag til tiltak som skal redusere årets utgifter, utan å redusere i tenestetilbodet.

Lista er som følgende:

1. Ikkje sette inn vikar ved korttidssjukefråvær der det er mogleg å finne andre løysingar

2. Redusere reise og kurs til eit minimum

3. Alle innkjøp over 10.000 kroner blir vurdert særskilt av kommunedirektør

4. Redusere innkjøp av utstyr og IKT-utstyr

5. Meir bruk av digitale møte

6. Arbeide aktivt med å redusere sjukefråvær

7. Jobbe vidare med omstillingsprosjektet «Fedje 2030», eit prosjekt med mål om å gjere den kommunale økonomien meir robust

8. Mindre bruk av overtid

9. I størst mogleg grad nytte eigne lokale for møter, kurs og arrangement

Større handlingsrom

"Det er lite økonomisk handlingsrom, og difor blir samarbeidet mellom politikk og administrasjon veldig sentralt for å lukkast med å skape ein berekraftig økonomisk utvikling", skriv kommunedirektøren i saksutgreiinga til politikarane.

Den kommunale økonomien vil bli eit sentralt tema i Fedje-politikken i tida framover, og "Fedje 2030"-prosjektet er eit døme på korleis kommunen fokuserer på langsiktig omstilling.

Tiltakslista som no blir presentert, og som skal diskuterast av politikarane tysdag, er meint å gje kortsiktig gevinst og auka handlingsrom.

"På kort sikt vil kommunedirektøren gjennomføre tiltaka som nemnt over. Dei vil ikkje gå ut over tenestetilbodet, og kan gi oss større handlingsrom for å betre økonomien i Fedje kommune", skriv kommunedirektøren.

Uføresette utgifter

Det er særleg fire punkt som blir trekt fram som årsaker til utgiftsauken i 2025:

  • Auke i bemanning i barnehage
  • Auke i særskilde behov ved skulen
  • Auke i utbetalingar knytt til sosiale ytingar
  • Auke i utgifter til flyktningar

Kommunedirektøren omtalar dette som uføresette utgifter som det er vanskeleg å budsjettere for.

Samstundes blir det presisert at einingsleiarane elles har "god kontroll på driftsutgiftene", og at kommunen også ligg an til å få inn meir inntekter enn budsjettert i 2025. Det kjem mellom anna av ekstra overføringar frå staten og førebels vekst i skatteinntekter. I tillegg skriv kommunedirektøren at kommunen har større inntektspotensiale i fleire sektorar, inkludert kommunale avgifter som i prinsippet skal vere sjølvkostområde.

Desse føresetnadane gjer at kommunedirektøren førebels ikkje vil føreslå innsparingar som går utover tenestetilbodet.

Tysdag ettermiddag samlast politikarane i formannskapet for å drøfte saka.