Vurderer å opprette ekstra ferje på Leirvåg-Sløvåg
No skal fylket vedta føringar for nye ferjekontraktar som skal gjelde frå 2030. Leirvåg-Sløvåg-sambandet kjempar mot Krokeide-Hufthamar om å få ei ekstra ferje i sambandet.


Vestland fylke jobbar i desse dagar med å utarbeide nye kontraktar for ferjesambanda i den delen av fylket som tidlegare var Hordaland, og i neste veke startar dei politiske behandlingane av kva rammar og føringar som skal ligge til grunn for dei nye kontraktane.
Kontraktane skal gjelde frå 2030, og Leirvåg-Sløvåg er eit av sambanda der det blir vurdert å auke kapasiteten. Fylkesdirektøren tilrår å sette inn ei ferje nummer to på dette sambandet, eller ei ferje nummer tre på Krokeide-Hufthamar-sambandet mellom Bergen og Austevoll.
Ekstraferja vil i så fall bli ei seglande reserveferje, og vil då fungere som reserveferje for begge sambanda. Spørsmålet no er om den ordinære seglinga skal skje mellom Leirvåg og Sløvåg eller Krokeide og Hufthamar.
"Tilbodsnivået på sambandet ligg under retningslinjene for tal rundturar, og rett under standard for opningstid", skriv fylkesdirektøren om Leirvåg-Sløvåg, i sakspapira som er sendt ut til fylkespolitikarane.
Samstundes påpeiker fylkesdirektøren at "sambandet vil kunne ha tilstrekkeleg kapasitet" den komande kontraktsperioden.
"Vi ser likevel grunnlag for å vurdere behovet for ei anna driftsløysing enn i dag, og tilrår at det vert arbeida vidare med ei driftsløysing med to ferjer på sambandet", skriv fylkesdirektøren.
For dei to andre sambanda, Fedje-Sævrøy og Masfjordnes-Duesund, tilrår fylkesdirektøren at dagen rutetilbod blir vidareført.
For Fedje-Sævrøy er det samstundes tilrådd at sambandet får delt reserveferje med Husavik-Sandvikvåg-sambandet, og at denne ferja skal ligge på Fedje. Dette blir føreslått for å korte responstiden ved driftsutfordringar.
Masfjordnes-Duesund er føreslått vidareført, men med passasjerbåt som reserve for ferja.
Første politiske behandling av saka skjer i hovudutval for samferdsel og mobilitet komande tysdag. Deretter skal saka vidare til fylkesutvalet veka etter.