FENSFJORDEN
Publisert for ni dagar sidan|Nyheiter

Vurderer bompengar for å finansiere gangveg og rundkøyringar

Austrheim kommune ser på moglegheita for å nytte bompengar til å finansiere fleire trafikktryggleikstiltak på hovudvegen gjennom kommunen.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 01.04.2026 17:15
Austrheim kommune
BOMPENGAR?: Det kan kome bompengar på fylkesvegen gjennom Austrheim. Det skal i så fall finansiere fleire tiltak langs vegen, inkludert gangveg frå Mastrevik til Kilstraumen.

I sist formannskapsmøte i Austrheim orienterte ordførar Morten Sognnes om kva moglegheiter kommunen potensielt har til å finansiere trafikktryggleikstiltak på fylkesvegen gjennom kommunen med hjelp av bompengar.

Det er tre tiltak som blir trekt fram:

  • Gang- og sykkelveg frå Mastrevik til Kilstraumen.
  • Rundkøyring ved Leirvågkrysset (avkøyrsel mot ferjekaien).
  • Rundkøyring ved Keilavegkrysset.

For å få realisert desse tiltaka, er kanskje bompengar den mest realistiske løysinga? Det var i alle fall stoda då formannskapspolitikarane vart orienterte om saka før påske. Temaet kjem opp fordi kommunen har hatt samtalar med fylket om korleis ein kan finansiere dei ønskte tiltaka i kommunen.

“Bakgrunnen for å sjå på bompengefinansiering er at dette per no er den realistiske måten for å skaffa inntekter til utbetringar. Initiativet må komma frå kommunen, som må be fylkeskommunen om å starta arbeidet med å laga eit fagleg grunnlag for ei sak om bompengar”, står det i orienteringa til politikarane.

Det er ein lang prosess som skal til før det eventuelt blir bompengepassering i kommunen. Neste steg blir i så fall at kommunen går inn for å starte ein prosess.

Det har blitt presentert eit svært grovt estimat på kostnaden for trafikktiltaka. Estimatet ligg på 125 til 370 millionar kroner.

Det betyr i så fall bompengar på mellom 15 og 40 kronar i snitt-takst, basert på 15 års innkrevingstid. Det ligg nokre usikkerheitsmoment i reknestykket, mellom anna knytt til om det skal vere eit månadstak for bompengepasseringar.

Plassering av bomstasjonen må også avklarast. Førebels har Utkilen/Kilstraumbrua blitt brukt som døme på plassering.

Formannskapet gjorde ikkje noko konkret vedtak for vegen vidare, men ordføraren vil legge opp til at saka kan diskuterast vidare i kommunestyremøtet i mai.