Brysame bruer - 5,3 milliardar i etterslep
Samferdsel og infrastruktur er viktig for lokalsamfunna rundt Fensfjorden. Noko av det som bokstaveleg talt bind oss saman, forutan om ferjene våre, er dei mange bruene i regionen. I sist veke var bruer tema i det politiske samferdselsutvalet i Vestland fylke. På fylkesvegnettet i Vestland er det til saman 2.031 bruer, av desse 1.604 vegbruer. Vestland er både det fylket i landet med flest bruer og det fylket med flest bruer som er eldre enn 50 år.
Fylket har gjennomført ei kartlegging av tilstanden på fylkesvegbruene, og konklusjonen er nedslåande. 702 bruer har skader eller behov for vedlikehald eller trafikktryggingstiltak. Forfallet aukar og vedlikehaldsetterslepet tilsvarar 5,3 milliardar kroner. Dersom det ikkje blir utført nødvendig vedlikehald kan enkelte bruer stå i fare for å bli stengte i åra som kjem.
Samferdselspolitikarane er rysta over etterslepet, og ber om at bruvedlikehald blir prioritert når samferdselspengane skal fordelast. Dei ønsker også at staten skal kome på banen med midlar.
I same kartlegging kjem fylket med ei fagleg tilråding over kva bruer som bør prioriterast i vedlikehaldsarbeidet dei komande tolv åra. I våre kommunar er det éi bru på lista, nemleg Risnes bru i Masfjorden. Her er allereie planlegginga av ny bru i gang. Sjølv om brua er inne på den tilrådde prioriteringslista, er den førebels plassert nedst på lista, med årstal for tiltaket sett til 2035.
I tillegg til Risnes bru er fire bruer i Gulen inne blant dei prioriterte bruene i gjeldande periode som går fram til 2026. Bruene det er snakk om er Leversundbrua, Mjåsundbrua, Mjømnesundbrua og Nappsundbrua.
For Fensfjorden.no blir det viktig å følge med på fylkespolitikken. Fylket sine ansvarsområde er viktige for distriktskommunane, ikkje minst innanfor transport og samferdsel. Det er fylkespolitikarane som sit med ansvaret for at vi har tilfredstillande tilstand på fylkesvegnettet og at vi har eit kollektivtilbod som dekker behova våre.
Kvart år før sommaren oppdaterer fylket sine planar for utbetringar av fylkesvegane, og vi skal følge nøye med på korleis prioriteringane framover blir. Men vi ønsker også tips frå dykk om kva slags vegstrekningar, bruer og tunellar de meiner har størst behov for vedlikehald eller oppgradering i vårt område. Vi tar imot alle tips med stor takk.
Vi vil også rette ein stor takk til alle som har teikna eit støtteabonnement for å hjelpe oss i oppstarten. Det betyr mykje for oss og for journalistikken vi ønsker å produsere. Viss du også ønsker å støtte arbeidet vårt, kan du trykke her.
Hugs også å tipse andre om Fensfjorden.no, og fortel dei om nyheitsbreva våre. Har du fått dette nyheitsbrevet vidaresendt? Meld deg på her.
I slutten av veka sender vi ut ei ny sak ut der vi går litt meir i dybden på dei økonomiske føresetnadane til kommunane våre. Økonomi blir eit viktig tema i kommunane i dei siste politiske møta for sommaren, og etter sommaren ventar ein tøff budsjetthaust.
Beste helsing
Redaktør Øyvind Bjerkestrand
oyvind@fensfjorden.no