Eit steg nærare
Vi er i andre veka i mai, og sommaren nærmar seg med stormskritt. Også for Fensfjorden går det unna, og vi nærmar oss publisering av dei første redaksjonelle sakene. Planen er å vere godt i gang med å publisere innhald innan månaden er omme.
Det er viktig å bli kjent med regionen. Difor reiser underteikna i desse dagar rundt og treffer mange av personane som har sentrale roller i næringsliv og politikk, eller på andre felt. Denne veka tar eg mellom anna turen til Austrheim VGS for å møte rektor Frode Hervik. Den vidaregåande skulen er eit nøkkelpunkt for heile Fensfjorden, og fleire gongar dei siste åra har lokalsamfunnet samla seg kring skolen når det har blitt trua med nedlegging og kutt i linjer.
Mange av desse møta vil gje grunnlag for gode saker som vil gje oss eit bilete av kva slags behov og utfordringar regionen står overfor i åra som kjem. Variasjonen er stor, men det alle har til felles er at dei heier på lokal utvikling.
Vi treng også å høyre frå dykk som lesarar om kva de meiner er dei største utfordringane og behova for framtida. Kva skal til for å skape grobotn for lokal utvikling i alle dei små lokalsamfunna? Alle tips og innspel blir mottatt med takk.
Vi har store ambisjonar for avisa, men vi startar i det små og håpar å gradvis vekse oss større. Det handlar om å nytte ressursane våre på best mogleg måte. Vi skal lage effektiv journalistikk, utan at det går på kostnad av kvaliteten i innhaldet. Vi klarer kanskje ikkje å dekke alt som røyrer seg, men vi skal lage mykje god journalistikk med unike perspektiv kring viktige saker.
Hugs at du kan følge oss i sosiale medium. Vi er både på Facebook og Instagram. Tips gjerne andre om Fensfjorden, og ikkje nøl med å vidaresende denne e-posten. Dersom du har fått denne e-posten vidaresendt, kan du melde deg på nyheitsbrevet ved å gå inn på fensfjorden.no.
Beste helsing
Redaktør Øyvind Bjerkestrand