
Denne veka lanserte Statistisk Sentralbyrå (SSB) dei ferskaste folketala for fensfjordkommunane. Samla sett står folketalet i Austrheim, Gulen, Masfjorden og Fedje i ro i starten av 2025, men fødselstala i første kvartal er lågare enn normalt.
Folketal er ofte ein viktig indikator på lokal utvikling, og dei fleste distriktskommunar har ambisjon om vekst i talet på innbyggarar. Fire gongar i året presenterer SSB oppdaterte folketal for alle kommunar i landet, og denne veka kom tala som viser utviklinga i dei tre første månadane i 2025.
Samla sett auka folketalet i fensfjordkommunane jamt og trutt fram til 2017, før det vart ein nedsving dei neste fem åra. Deretter har innbyggartalet auka att, godt hjelpt av dei ukrainske flyktningane som har kome til kommunane sidan 2022. Ved starten av 2025 budde det 7.383 personar i Austrheim, Gulen, Masfjorden og Fedje. Det er 55 personar meir enn året før, ein auke på 0,75 prosent i løpet av 2024. Det er nesten like høgt som landssnittet, som var på 0,79 prosent.
Låge fødselstal
I løpet av årets tre første månadar har det blitt tre innbyggarar færre i området. Den største nedgangen er i Masfjorden, som går frå 1.687 til 1.678 innbyggjarar i første kvartal. Fedje har også ein liten nedgang, medan Gulen har ein liten auke. Austrheim aukar mest, frå 2.915 til 2.921 innbyggarar.
Innbyggartal per 1. april 2025 (sjå grafar i botn):
- Austrheim, 2.921
- Gulen, 2.263
- Masfjorden, 1.678
- Fedje, 518
Sjølv om tala stort sett heldt seg stabile, går tala på nyfødde ned. Dei siste ti åra har det årleg i snitt blitt født 64 barn totalt i dei fire kommunane, men så langt i år har det berre blitt født ti barn. Samstundes kan talet på nyfødde variere stort avhengig av tid på året, men også snittet for årets tre første månadar er vesentleg høgare enn tala for i år.
Nyfødde i januar, februar og mars 2025:
- Austrheim, 6
- Gulen, 2
- Masfjorden, 1
- Fedje, 1
Forøvrig har Gulen dei siste tre åra passert Austrheim som kommunen i området med flest barnefødslar.
Fleirårig fødselsunderskot
Utan tilflytting, der flyktningar frå Ukraina utgjer ein stor andel, hadde fensfjordkommunane hatt ein negativ trend i folketalsutviklinga. I løpet av dei siste 20 åra har det berre skjedd to gongar at talet på nyfødde er større enn talet på døydde gjennom eit heilt kalenderår. Denne summen blir kalla for fødselsover-/underskot.
Sidan 2015 har det berre vore fødselsunderskot i regionen. I denne tiårsperioden har det til saman døydd 119 fleire innbyggarar enn det har blitt fødd. Éin kommune går derimot i fødselsoverskot i same periode. Det er Austrheim med 14 innbyggarar i pluss. Samstundes er utviklinga negativ også for Austrheim, som har gått i fødselsunderskot dei tre siste åra.
Sjølv om dei ferske tala til SSB gjev eit bilete av utviklinga så langt i 2025, er det mykje som kan skje av resten av året. I små kommunar er det ikkje uvanleg at det kan vere store variasjonar i tala, både gjennom året og frå år til år. Dei neste tala til SSB kjem om tre månadar, og viser utviklinga i april, mai og juni.
Nettsida vår er framleis ikkje heilt klar for publisering av saker, så vi vil innan den tid publisere redaksjonelt innhald i nyheitsbrev. Gje oss gjerne ei tilbakemelding på kva du synast om å lesa nyheiter på e-post.
Øyvind Bjerkestrand
oyvind@fensfjorden.no
Kvartalsvis folketalsutvikling 2020-2025 - Austrheim, Gulen, Masfjorden og Fedje:



