
Meir pengar til kommunane
Denne veka presenterte regjeringa sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett. Ikkje uventa ønsker regjeringa å auke inntektene til kommunar og fylkeskommunar, til saman mellom 4,2 og 4,9 milliardar kroner. Inntektene til kommunane har auka jamt og trutt dei siste åra, men kjem det nok pengar? Mange kommunar har merka prisveksten på kroppen, og det blir ofte prata meir om kutt enn vekst.
I tillegg startar det store omstillingsarbeidet. Kommunane skal omstille drifta i tråd med den demografiske utviklinga, altså at vi blir fleire eldre, og færre i arbeidsdyktig alder. Regjeringa seier sjølv at det ikkje er nok med auka inntekter frå staten, kommunane må i tillegg flytte ressursar mellom dei ulike tenesteområda, særleg frå oppvekst til pleie og omsorg. Det betyr i praksis mindre pengar til skular og barnehagar og meir til eldreomsorg.
For fensfjordkommunane er dei demografiske prognosane tydelege. Det er gledeleg nok venta folkevekst i alle kommunane, men andelen eldre aukar. Fram til 2050 blir andelen over 80 nær dobla i kommunane rundt Fensfjorden. Prognosane for alle dei fire kommunane er nokolunde like, men ein kommune skil seg ut. Fedje er den einaste kommunen der andelen personar i arbeidsdyktig alder ikkje er venta å synke.
Kva betyr eigentleg alt dette for våre kommunar? Neste veke begynner vi å produsere dei første redaksjonelle sakene, og vi skal gå djupare ned i dei økonomiske tala. Økonomi blir garantert også eit tema i dei siste politiske møta kommunane skal ha før sommarferien. Etter sommaren tar det ikkje lang tid før dei nye budsjettforhandlingane går i gang. Det kan bli ein utfordrande haust for politikarane.
I oppstarten kjem alt redaksjonelt innhald til å vere tilgjengeleg for alle, før vi i løpet av hausten innfører abonnementsordning. Men viss du allereie no ønsker å støtte journalistikken vår, kan du teikne eit støtteabonnement ved å trykke her. Det vil bety mykje for satsinga vår.
Vi ønsker alle ei god helg, og ikkje minst til lukke med nasjonaldagen på laurdag.
Kjenner du nokon i fensfjordregionen med eit brennande hjarte for lokal utvikling? Tips om fensfjorden.no og vidaresend gjerne dette nyheitsbrevet. Har du fått vidaresendt nyheitsbrev, meld deg på her.
Beste helsing
Redaktør Øyvind Bjerkestrand
oyvind@fensfjorden.no