
Tre månadar til valet - desse sakene er viktige for fensfjordregionen
Med tanke på lokalt engasjement og interesse er det ein klar forskjell mellom kommuneval og stortingsval. Det er langt meir naturleg for lokalavisene å fylle spaltene med politisk stoff i oppbygginga til eit kommuneval, og lokale politiske kandidatar jobbar hardt for å synleggjere seg sjølv rundt om i bygdene.
I tillegg handlar kommunevalet, naturleg nok, om korleis kvar enkelt kommune skal styrast dei komande fire åra. Det betyr mykje for skular, barnehagar, eldreomsorg og andre tenestetilbod som kommunane sjølv sit med makta over. Tenester som dei aller fleste er i jamleg kontakt med.
Stortingsvalet manglar den same lokale forankringa, men det betyr på ingen måte at valresultatet er uviktig for lokalsamfunna, inkludert kommunane rundt Fensfjorden.
Dette er nokon av grunnane:
- Kva ressursar kommunane har å rutte med er det stortinget som avgjer. Dei fleste kommunar i landet står overfor ei utfordrande demografisk utvikling som inneber at det blir fleire eldre og færre yngre. Det betyr ikkje automatisk at kommunane vil få meir pengar til eldreomsorg. Instruksjonen frå nasjonalt hald er at kommunane må førebu seg på å sjølv flytte pengar frå oppvekstsektor til pleie og omsorg. Med andre ord skal det brukast mindre pengar på skular og barnehagar, og meir på eldreomsorg.
- Samferdsel er styrt frå fleire hald. Fylket sit med makta over dei fleste vegane, ferjesambanda og kollektivtransporten, medan staten har direkte ansvar for riksvegane, inkludert E39 som går gjennom området vårt. I tillegg påverkar stortingspolitikarane lokal samferdsel på andre måtar, for eksempel ved å innføre gratis ferje på enkelte samband. Nye miljøkrav påverkar også fylket sitt arbeid med kollektivtransport. Nullutsleppskrav på buss og hurtigbåt vil fleire plassar kreve betre teknologi eller større ressursbruk for å oppretthalde dagens rutetilbod.
- Nylig har regjeringa føreslått eit nytt klimamål som inneber eit utslipsskutt på 70-75 prosent innan 2035. Lokal politikk må ta hensyn til nasjonale klimamål. Det vil både kunne vere avgrensande for kommunane, men også sikre at lokalpolitikarane må tenke klimavenleg i alle avgjerder som blir tatt.
- Oppdrettsnæringa har vore mykje diskutert nasjonalt, og den nye oppdrettsskatten påverkar korleis aktørane opererer. Oppdretsnæringa er omdiskutert, men skapar mykje verdiar til mange lokalsamfunn langs kysten.
Dette er nokre eksempel på korleis nasjonal politikk har stor innverknad på lokale forhold. Difor er også stortingsvalet viktig for fensfjordregionen, sjølv om valfokuset i lokalavisene naturleg nok er mindre enn når det er lokalval.
Samstundes er det langt fleire som røyster ved stortingsvalet enn ved kommunevalet, også i distriktene.
Slik var valdeltakinga i fensfjordkommunane ved kommunevalet i 2023:
- Austrheim - 62,4 prosent
- Gulen - 72,8 prosent
- Masfjorden - 77,6 prosent
- Fedje - 84,3 prosent
Slik var deltakinga ved stortingsvalet i 2021:
- Austrheim - 80,9 prosent
- Gulen - 82,9 prosent
- Masfjorden - 84,8 prosent
- Fedje - 88,6 prosent
Det er også ofte store forskjellar på valresultata frå stortingsval til kommuneval. I Austrheim vart Ap største parti ved kommunevalet i 2024 med 33,5 prosent av røystene. I stortingsvalet to år tidlegare fekk Ap "berre" 23,5 prosent i Austrheim, og hamna bak Høgre.
Frp fekk 17,6 prosent av Austrheim-røystene ved stortingsvalet, men stilte ikkje eigen liste til lokalvalet.
I Masfjorden har Høgre tradisjon for å vere det klart største partiet i lokalvala, men ved stortingsvalet i 2021 vart dei kraftig slått av Senterpartiet.
Fensfjorden.no ser med spenning på haustens stortingsval, som no berre er tre små månadar unna. Vi tar gjerne imot tips til kva lokale saker som betyr mykje for dykk som veljarar når de går til røysteurnene i september.
I neste veke skrur vi opp den journalistiske produksjonen. Blant anna skal vi følge med på dei siste politiske møta før sommaren, som inneheld mange viktige saker, ikkje minst når det gjeld kommuneøkonomien. Situasjonen er særleg spennande i Austrheim, der kommunestyret skal ta stilling til den massive innsparingslista som kommunedirektøren har presentert.
Beste helsing
Redaktør Øyvind Bjerkestrand
oyvind@fensfjorden.no