
Turbin, or not turbin?
Det spørsmålet har vore ei utømmeleg kjelde til diskusjon i Gulen dei siste åra. Planane om ein 275 meter høg vindturbin på industriområdet i Sløvåg har møtt mykje motstand, men også støtte, ikkje minst frå fleirtalet i kommunestyret.
Torsdag var ein nøkkeldag for framdrifta til prosjektet. Utbyggarane er avhengig av konsesjon frå NVE, og no har dei fått grønt lys. Men vedtaket kan påklagast, og kommunen må få gjennom ei omregulering av næringsområdet før turbinen kan byggast.
Å oppsummere heile denne saka fullt ut i ein lesbar artikkel på drygt 1.000 ord er ikkje enkelt, men vi har gjort eit forsøk. Her kan du lese deg litt opp på saka som har skapt store diskusjonar i Gulen.
Det blir også neppe slutt på diskusjonane med det første, så send gjerne eit tips til oyvind@fensfjorden.no med kva du meiner vi bør ta opp kring saka i tida som kjem.
Sist veke skreiv vi om Austrheim som søker ny kommunedirektør. Torsdag melde Strilen at søkarlista er klar. Åtte personar har søkt på stillinga. Tre av namna er untatt offentlegheit, men blant dei resterande er det særleg to kjente namn som stikker seg ut: konstituert kommunedirektør Trine Merete Jansen og tidlegare ordførar Per Lerøy.
Dei tre andre er Olga Marie Torsvik frå Sandnes, Øystein Granheim frå Gjettum og Sven Tore Svennes frå Ski.
Austrheim er inni ein utfordrande økonomisk tid, men kanskje vil det hjelpe på budsjetta at kommunen har lagt to 55 tommar Smart-TV-ar ut for sal. Kven som helst kan legge inn bod på apparata, melder kommunen på eigne heimesider.
Fensfjorden.no kjem til å følge lokalpolitikken i dei fire kommunane våre tett, men vi er klare over at det ikkje er alle som veit like mykje om korleis dei politiske prosessane fungerer. Kva er eit formannskap? Kva gjer kommunedirektøren? Korleis blir dei politiske sakene avgjorte? Mange sit på slike spørsmål, og for at lokaldemokratiet skal fungere best mogleg er det viktig at alle har moglegheit til å følge med og forstå prosessane.
Difor jobbar vi med ei sak som skal prøve å forklare desse tinga på ein best mogleg måte. Send gjerne eit innspel om kva du lurar på, eller vil vite meir om.
Beste helsing
Redaktør Øyvind Bjerkestrand
oyvind@fensfjorden.no