Borgarleg siger i skulevalet ved Austrheim VGS
Hadde skuleelevane ved Austrheim VGS fått bestemme, hadde det blitt regjeringsskifte med god margin.


Tysdag kom resultata i årets skuleval, inkludert resultata for Austrheim vidaregåande skule. På nasjonal basis vart det braksiger til Framstegspartiet, som fekk 26,0 prosent av elevrøystene. Høgre får 19,7 prosent, medan Arbeidarpartiet får 17,1 prosent.
Inkludert Venstre sine 6,9 prosent og Kristeleg Folkeparti sine 3,2 prosent ville borgarleg side fått fleirtal dersom skuleelevane landet rundt hadde bestemt.
Totalt er det 379 skuler som er påmeldt skulevalet, og resultatet stammer frå over 157.000 opptalte røyster.
Høgre størst på Austrheim
Også ved Austrheim VGS er det klar siger til høgresida, men her er det Høgre som blir største parti med 36,0 prosent av røystene. Frp får 28,1 prosent, medan Venstre endar på 10,3 prosent. KrF får riktignok berre 1 prosent av røystene ved skulen.
På raudgrøn side er Ap størst, men får berre 8,9 prosent av røystene ved Austrheim VGS. SV får 4,4 prosent, MDG får 3,0 prosent, Sp 1,5 prosent og Raudt 1,0 prosent.
I tillegg fekk "andre" parti til saman 6 prosent. Størst av desse er Pensjonistpartiet med 2,5 prosent av røystene.
Av dei 271 elevane ved skulen er det blitt registrert 203 gyldige røyster.
LES OGSÅ: 1/4 har førehandsrøysta
Store endringar
Det er ikkje uvanleg at skulevalet varierer stort frå valår til valår, ikkje minst ved enkeltskular som Austrheim VGS. I 2021 røysta Austrheim elevane fullstendig motsett av i år.
Då vart Ap klart størst med 38,7 prosent, medan Sp vart nest størst med 16,1 prosent. Frp fekk 15,3, medan Høgre berre fekk 4,0 prosent av røystene ved Austrheim VGS.
Det blir også arrangert skuleval i samband med kommunevalet. For to år sidan fekk Høgre og Ap like mange røyster ved Austrheim VGS, med 20,1 prosent kvar. Då var Frp størst, med 28,2 prosent, omtrent det same som i år.
Historisk sett, sidan ein starta med organiserte skuleval som ein del av demokratiopplæringa i 1989, har borgarleg side gjort det sterkt ved den vidaregåande skulen i Austrheim. Både i 2005 og 2007 låg Frp på rett under 50 prosent oppslutnad. Dei komande åra var Høgre størst, men mellom 2015 og 2021 var Ap i føringa.
Årets resultat er det nest dårlegaste for Arbeidarpartiet sidan 1989.
Kan påverka valresultatet
Det er ikkje uvanleg at skulevalet kan gje eit inntrykk av korleis det reelle valresultatet blir, og skulevalet kan også påverka røystinga fram mot valdagen. Det uttalte mellom anna valforskar Johannes Bergh til Utdanningsnytt tilbake i 2019.
– Resultata får oppslag i media og det er stor interesse knytt til kva dei unge stemmer. Gladnyheit om gode resultat under skulevalet kan også gje enkeltparti ein "boost" under valkampinnspurten, sa han til Utdanningsnytt.