Mange har førehandsrøysta
Over 1/4 av innbyggarane i fensfjordkommunane har førehandsrøysta, viser tal frå Valdirektoratet.

Valdirektoratet legg ut daglege oppdateringar av kor mange som har førehandsrøysta. Det er framleis mange som ventar til sjølve valdagen med å avlegge si stemme, men per 1. september har over 1,2 millionar nordmenn allereie røysta.
Totalt i Austrheim, Gulen, Masfjorden og Fedje er det 5,375 røysteføre innbyggarar. Av desse har 1.380 førehandsrøysta. Det tilsvarar drygt 25 prosent, altså 1/4.
Sidan førehandsrøystinga opna 11. august, er det måndag 1. september som til no har vore den dagen flest nordmenn har førehandsrøysta. I fensfjordkommunane er det særleg i sist veke og starten av denne veka at dei store mengdene har entra røystelokala. Dei lokale tala blir sjølvsagt påverka av .
Det er i Gulen og Fedje at flest har førehandsrøysta. Per 1. september ligg begge kommunane på over 30 prosent førehandsrøysting. Austrheim ligg litt under 30 prosent, medan berre 14,2 prosent av røysteføre i Masfjorden har førehandsrøysta. Det kan påverkast av at det er først i løpet av denne veka det er mogleg .
LES OGSÅ: