Desse helse og omsorgstiltaka føreslår PwC
Nytt "helsehus" i Eivindvik, nye "helsetun" i Brekke og Byrknes og endringar i organiseringa av tenestene er blant tiltaka PcW tilrår Gulen kommune for å møte framtidas utfordringar.


Torsdag vart dei omtalte PwC-rapportane presentert for kommunepolitikarane i Gulen.
Dei la fram tydelege og konkrete tilrådingar for korleis dei meiner helse- og omsorgstenestene i Gulen kommune bør organiserast i framtida.
Tilrådinga vart oppsummert i desse tiltaka, som har eit tidsperspektiv fram til 2040:
- Etablere nytt "helsehus" i Eivindvik, inkludert oppretting av nytt heildøgnsbemanna bufellesskap.
- Etablere nye "helsetun" i Brekke og Byrknes. Desse skal ikkje vere heildøgnsbemanna.
- Avvikle bu- og omsorgssentera i Eivindvik og Dalsøyra.
- Vidareutvikle miljøtenesta i Dalsøyra.
- Etablere ny eining for forvaltning, ressursstyring og støttetjenester.
- Etablere ny eining for for sjukeheim og heildøgnstilbod for eldre.
- Etablere ny eining for heimebaserte tenester for eldre.
Meir om bakgrunnen for tiltaka kjem lenger nede i saka.
Får ikkje nok arbeidskraft
Tiltaka er basert på utfordringane knytt til venta demografiske utviklingar, i korte trekk at det blir fleire eldre og færre i arbeidsfør alder. Dette er noko dei fleste kommunar opplever, og utfordringane blir ofte størst i distriktskommunar.
– Viss de skal handtere eldreomsorgen likt som i dag, i møte med stadig fleire brukarar, må det leggast til eit ganske valdsamt antal årsverk i tenesta i eit 2040-perspektiv. Det trur vi ikkje at de får til, sjølv om de hadde hatt pengar og hadde hatt lyst, for arbeidskrafta kjem vi ikkje til å få tak i, sa prosjektleiar for PwC, Peder Heggdal, som presenterte rapporten for politikarane.
– Kva kan vi då gjere for å kunne fortsette å gje ei god teneste i 2040, på ein måte som vi får til å gå i hop både økonomisk og med tanke på arbeidskraft? spurde han vidare.
Heggdal forklarte at han meiner tiltaka PwC føreslår vil bidra til å "bremse veksten i bemanningsbehovet".
"Helsehus" i Eivindvik
Ein del av tilrådingane handlar om korleis struktur og lokalisering av tenestene skal sjå ut.
Tiltaket med nytt "helsehus", som er begrepet PwC har brukt, i Eivindvik, er grunngjeve med at kommunen bør samlokalisere ein større del av helsetenestene enn i dag. I tillegg meiner PwC at kommunen bør opprette eit nytt omsorgstilbod i tilknytting til dette bygget, definert som "heildøgnsbemanna bufellesskap for eldre".
– Det er for å etablere eit trinn i omsorgstrappa som de per i dag ikkje har, sa Heggdal.
Dermed inneber forslaget at helsehuset både skal innehalde sjukeheimsplassar, tilsvarande talet kommunen har i dag, samt eit tilsvarande tal plassar med heildøgsbemanna bufellesskap.
PcW meiner at "Helsehuset" i Eivindvik også kan huse andre helsetenester, som til dømes legekontor, helsestasjon, fysio-/ergoterapi og tenester innan psykisk helse og rus. Også heimetenesta for Eivindvik bør ha base i dette bygget.
"Helsetun" i Brekke og Byrknes
I Brekke og Byrknes bør det etablerast "helsetun", som inneheld tilrettelagte bustadar for bebuarar med "pleie- og omsorgsbehov på linje med brukere i private boliger". Dersom behova utviklar seg til heildøgnsbehov, skal heildøgnsbemanna bufellesskap eller sjukeheimsplass i Eivindvik nyttast.
PwC meiner at det kan vere mogleg å nytte eksisterande bygningar til desse føremåla, men meiner kommunen bør vurdere om bygga har den funksjonaliteten som krevst for framtida. Dette gjeld for dei fleste kommunale bygg som i dag huser helse- og omsorgstenester.
Desse helsetuna bør også inkludere areal som lege, fysio-/ergoterapeut og andre tenester kan nytte seg av. Bygga skal også vere base for dei lokale heimetenestene, og innehalda fellesareal som kan nyttast til dag- og aktivitetstilbod eller andre føremål.
– Vi meiner at det er nødvendig å gjere noko grep for å oppretthalde tenestetilboda i Brekke og Byrknes for å ha god nok geografisk dekning. Det stiller nokre krav til bygga de driftar ved desse lokasjonane, sa Heggdal.
Omdisponering av bygg i Eivindvik og Dalsøyra
Med nytt helsehus på plass i Eivindvik, ser PwC for seg at det som i dag er Eivindvik bu- og omsorgssenter kan få ein tredelt funksjon. Bygget kan både innehalde tilrettelagte bustadar for eldre, ordinære utleigebustadar og bustadtilbod for kommunalt tilsette.
Den siste biten heng saman med PwC sine tilrådingar knytt til rekruttering og bemanning.
– Ein må aktivt tilrettelegge for ein del ikkje-fastbuande tilsette, både gjennom arbeidstidsordningar, og turnusordningar og butilbod, sa Heggdal i presentasjonen.
Også helsetuna i Brekke og Byrknes bør innehalda nokre bustadar for tilsette, meiner PwC.
Det same gjeld det som i dag er Dalsøyra bu- og omsorgssenter, eit bygg som forøvrig er tilrådd å overførast til miljøtenesta, som tilbyr tenester for menneske med nedsatt funksjonsevne og psykisk utviklingshemming.
"Bygget kan sikre kapasitet for økt behov for avlastning og for botilbud for tjenestens brukergruppe. Dette kan både dekke behov for kapasitetsøkning og potensielt samlokalisere brukere som i dag bor ved andre lokasjoner, i den grad dette er hensiktsmessig med tanke på brukerens behov og ønsker", skriv PwC i rapporten.
Vil teikne organisasjonskartet på nytt
Det kom også tilrådingar knytt til den administrative organiseringa av tenestene i kommunen. Mellom anna tilrår PwC at strukturen tar meir utgangspunkt i tenestene og mindre i geografien.
Kommunalsjef for helse og omsorg er den overordna leiaren for tenestene, og PwC har teikna opp eit eksempel på organisering der tenestene vidare blir delt opp i fem ulike einingar med kvar sin einingsleiar.
Dei einingane er:
- Helse, som dekker lege, helsestasjon, fysio-/ergoterapi og psykisk helse og rus.
- Heildøgnstilbod for eldre, som dekker sjukeheim og heildøgnsbemanna bufellesskap, samt kjøken og vaskeri som held til i nytt helsehus.
- Heimetenesta, som har ansvaret for dei heimebaserte tenestene, inkludert tilboda i Brekke og Byrknes. Også dag- og aktivitetstilbod kjem under denne eininga.
- Miljøtenesta, som har ansvar for tilbod til menneske med nedsatt funksjonsevne og psykisk utviklingshemming.
- Forvaltning, ressursstyring og støttetenester. Ei eiga eining med ansvar for tildelingar, kjøp av tenester og bemanningsplanlegging.
Det blir presisert at dette er eit eksempel på korleis tenestene kan organiserast.

Tydelgare oppgåve-/rollefordeling
Den nye eininga for "forvaltning, ressursstyring og støttetenester", har mellom som hensikt å avlaste arbeidet leiarar i dag har knytt til rekruttering og bemanning.
Dette er utfordringar PwC meiner berre vil bli større i åra som kjem.
– Det er allereie i dag ei ganske stor utfordring. Leiarane brukar til dels veldig mykje tid, dag til dag, på å sikre at det er nok og riktig folk på jobb til einkvar tid, sa Heggdal.
Fleire av tilrådingane til PwC handlar om å tydeleggjere kva roller, oppgåver og ansvar som følger med dei ulike stillingane, ikkje minst på administrativt nivå.
Følgande tiltak blir føreslått:
- "Utarbeid og gjør kjent formelle rolle- og ansvarsbeskrivelser for alle stillinger."
- "Fastsett tydelige retningslinjer for lederes ansvar og myndighet (delegasjon og beslutningsmatrise)."
- "Gjennomgå roller og ansvar for drift, renhold, vedlikehold og bilforvaltning på tvers av enheter og lokasjoner."
- "Etabler standard for samhandling på tvers av enheter og lokasjoner."
- "Tilpass kontrollspenn i tråd med eventuelle endringer i struktur og organisering."
"Tydelighet og struktur rundt ledelse, roller og kultur er avgjørende for å sikre at ansatte kan utføre arbeidet sitt på en effektiv og trygg måte, samtidig som brukerne får tjenester av tilstrekkelig kvalitet uten uønsket variasjon over tid eller på tvers av lokasjoner", skriv PwC i rapporten.
Peikar på fokusområda
PwC viser til at arbeidet deira har blitt gjort uavhengig av kommuneadministrasjonen, og at det som no blir presentert kan brukast som grunnlag for vidare politiske diskusjonar.
Sjølv om dei legg fram ei rekke tiltak for kva dei meiner bør gjerast, presiserte Heggdal at det ikkje automatisk betyr at det ikkje blir gjort eit bra arbeid i kommunen i dag.
– Ein slik rapport kan fort lesast som ein liste som ikkje er bra nok i kommunen, men det er ikkje hensikta. Vi bruker ganske lite tid på å beskrive alt som fungerer akkurat slik som det skal, det trur vi de får lite ut av. Så beskriver vi heller det vi meiner at bør styrkast eller gjerast på andre måtar, sa han.
Derimot skal rapporten peika på kva område og tiltak PwC meiner kommunen bør ha fokus på vidare.
– Ein må ikkje lese dette som om ting er ute av kontroll eller ikkje godt nok i dag, men her er det vi meiner de må vere opptatte av og fokusere på framover for at det fortsatt skal fungere, sa Heggdal.
Vegen vidare
No skal politikarane få lese gjennom og fordøye innhaldet, både i helse- og omsorgsrapporten, og den andre rapporten om oppvekts- og kultursektoren, som også vart lagt fram torsdag.
I kommunestyremøtet i desember er det opp til politikarane korleis dei skal jobbe vidare med prosjektet. Kommunedirektøren har allereie varsla at politikarane mellom anna må ta stilling til følgande spørsmål:
- Korleis skal kommunen jobbe vidare med innhaldet i PwC rapportane?
- Kva andre deler av den kommunale drifta skal gjennomgåast?
Desse rapportane tilhøyrer fase 2 av 3 som PwC har skissert som ein del av sitt arbeid med kommunen. Den siste fasen handlar om å bidra til å implementere dei første tiltaka politikarane vil gå inn for.
Kommunedirektøren ønsker også at rapportane blir lagt ut på høyring. Fredag vart dei også lagt ut på heimesida til kommunen, slik at alle kan lese gjennom innhaldet.