Abonner på vårt vekentlege nyheitsbrev

OPPDATERT: Her er innhaldet i rapporten som omhandlar helse og omsorg.
Korleis skal Gulen kommune organisere seg for å sikre ei berekraftig økonomisk drift for framtida?
Det er bakgrunnen for rapportane konsulentselskapet PcW skal presentere for kommunestyret i Gulen torsdag. Rapportane blir offentleggjort så fort dei er presenterte for politikarane.
Det har blitt sett av kring tre timar til presentasjonen i torsdagens møte.
PcW har sidan mars sett nærare på kommunen sine tenester under områda helse og omsorg og oppvekst og kultur. Dei har observert, og prata med "ein del nøkkelpersonar".
"Målet deira var å få nok kunnskap om faktisk drift, - nok til at dei kan gjere sine eigne faglege vurderingar", skriv kommunedirektøren i saksutgreiinga til kommunestyremøtet.
Bakgrunnen for rapportane som no blir presenterte, stammar heilt tilbake til politikarane sitt budsjettvedtak i desember 2023. Då bad politikarane om at det vart laga ein tiltaksplan for å redusere driftskostnadar i kommunen.
Prosjektet vart seinare skissert nøyare, og administrasjonen fekk tilbakemelding om at prosjektet skulle:
PwC vart vald som eksterne konsulentar, og tilrådde at prosjektet vart følgd opp i tre ulike fasar.
Fase 1 var ein overordna gjennomgang av kommunen. Dette arbeidet vart levert til kommunestyret i desember 2024, og kommunen gjekk deretter i gang med fase 2, med mål om å sjå nærare på drifta innanfor dei to tidlegare nemnde sektorane.
Kommunedirektøren skriv at fase 2 "analyserer dagens organisering, bemanning og tenester, og gjev forslag til konkrete tiltak for å sikre ei berekraftig drift".
Frå starten av er det også planlagt ein fase 3 der PcW skal bidra til implementering av tiltak basert på funna i dei to første fasane.
I torsdagens møte er det tilrådd at politikarane tar rapportane til vitande. Kva som skal skje vidare ønsker administrasjonen å jobbe vidare med fram til kommunestyremøtet i desember.
Der vil kommunedirektøren at politikarane skal ta stilling til følgande spørsmål:
Kommunedirektøren ønsker også å legge rapportane ut på offentleg høyring.
"Administrasjonen ser for seg ein prosess der alle skal få høve til å sei si meining om innhaldet i rapportane. Til sak i desember vil administrasjonen komme med framlegg om at rapportar vert lagt ut på høyring t.d. like over nyttår. Då vil både tilsette og innbyggarar elles får høve til å komme med innspel, før kommunestyret seinare i 2026 gjer sine endelege vurderingar knytt til framtidig organisering av tenestene", skriv kommunedirektøren.
Konsulentselskapet PwC har sett nærare på helse og omsorg- og oppvekst og kultur-sektorane i Gulen kommune. Torsdag blir rapportane presentert for kommunestyret.
