FENSFJORDEN
Publisert for omtrent ein månad sidan|Nyheiter

– Dette er ei bru som vi er nøydd til å utbetre

Samferdselspolitikarane måtte bite i det sure eplet og akseptere prisauken på Alversundbrua. Samstundes jobbar fylket med å finne ut korleis ein kan hindre framtidige kostnadsauker i store samferdselsprosjekt.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 06.03.2026 11:15
Alversundbrua
KOSTNADSSPREKK: Alversundbrua blir 125 millionar kroner dyrare enn planlagd, men politikarane i samferdselsutvalet var innstilte på å akseptere ekstrakostnaden.

Torsdag vart saka om kostnadsauken på Alversundbrua drøfta i samferdselsutvalet i fylket.

Politikarane gjekk inn for å løyve 125 millionar kroner ekstra til prosjektet, ein kostnadsauke på kring 15 prosent. Saka skal til endeleg behandling i fylkestinget, men viss dei følger samferdselspolitikarane si innstilling ser dermed alt klart ut for kontraktsignering med entreprenør.

– Berre å ta prisauken

Politikarane i samferdselsutvalet si haldning var at ein måtte gå med på kostnadsauken, sjølv om det svir at prosjektet har blitt såpass mykje dyrare enn opphaveleg estimert.

– Dette er ei bru som vi er nøydd til å utbetre, og som vi ha fått melding om kan bli stengd viss vi ikkje gjer det. Sånn sett tenker eg at vi ikkje kan gjere slik vi har gjort nokre andre plassar ved å ha ny utlysing, og det har ingen ting for seg heller. Vi kan vel ikkje rekne med at det blir noko billigare, kommenterte KrF-politikar Trude Brosvik.

– Her er det berre å ta prisauken og få det gjort, sa ho vidare.

Høgre-politikar Kåre Martin Kleppe refererte til tidlegare drøftingar av prisestimat på tilsvarande prosjekt, og at det kan vere naturleg at nokre prosjekt blir dyrare og noko blir billigare enn estimert.

– Men erfaringa er vel at det ikkje er 50 prosent (av prosjekta, journ.merk.) som blir dyrare og 50 prosent som blir billigare, det er vel 100 prosent som blir dyrare slik vi opplever det no, kommenterte Kleppe.

Han poengterte også, som fylkesdirektøren i saksutgreiinga, at dette vil gå utover andre prosjekt.

– Alt det ekstra vi bruker her går utover det vi skal prioritere i neste omgang, sa Kleppe.

Alexander Papas i SV kommenterte at det må takast læring av dette.

– Dette fordrar at vi framover følger med på liknande prosjekt, er displinerte på økonomien og er tett på som folkevalde. Det bør få nokre alarmklokkar til å ringe litt, sa han.

Har sett på årsakar til kostnadsauke på store prosjekt

Politikarane stilte også spørsmål ved om det blir gjort noko for å hindre tilsvarande kostnadsauker ved nye prosjekt.

– Har ein gjennomgått nokre av desse estimata som vi har? Kor ofte pleier ein å treffe? spurde Vegard Enerstvedt (H).

Vegdirektøren Dina Lefdal svarte, og refererte mellom anna til eit orienteringsnotat som hadde blitt sendt ut til politikarane. Notatet handlar om årsakar til kostnadssprekkar på store samferdselsprosjekt, og kva tiltak som kan gjerast for å treffe betre på estimata.

Fylkesadministrasjonen har sett nærare på nokon av dei store prosjekta som dei siste åra har opplevd stor kostnadsauke, og i notatet blir det vist til nokon av årsakane.

Det blir mellom anna peikt på at auken skjer i tida mellom tidleg planleggingsfase og gjennomføringsfasen.

Det vert lista opp følgande faktorar som skapar kostnadsauke:

• “Lang tid mellom tidlegfaseanslag og gjennomføringsfase.”

• “Endringar i prosjektomfang, standard og tekniske løysingar.”

• “I tidlegfase er tekniske løysingar ikkje fullstendig detaljerte, - mengder, kvalitetar og gjennomføringsmåte er basert på estimat.”

Andre faktorar som har spelt inn i kostnadsaukane dei siste åra er auka krav innan klima og miljø, samt stor generell prisvekst og endringar i marknadsforholda.

– Og så jobbar vi vidare med å analysere kvar vi ikkje treff når det gjeld kostnadar, kommenterte Lefdal i møtet.

Moglege tiltak

Notatet viser også til moglege tiltak for å sikre at framtidige estimat treff betre. Fylkesadministrasjonen lister opp følgande:

• “Systematisk gjennomgang av kostnadsutvikling i fleire prosjekt saman med prosessleiarar og prisgjevarar.”

• “Løpande evaluering av anslag mot faktiske sluttkostnader.”

• “Tydelegare skilje mellom indre og ytre kostnadsfaktorar i kalkylane for betre estimering og betre grunnlag for oppfølging, framtidige analyser og evalueringar.”

• “Tettare vurdering av kravendringar og konsekvensar for risiko og kostnad.”

• “Klårare synleggjering av kostnader knytt til klima- og miljøkrav i kostnadsanslag.”

• “Styrkt merksemd på usikkerheit i tidlegfase.”

“Tiltaka skal bidra til meir robuste kostnadsoverslag, betre læring på tvers av prosjekt og sterkare styring av risiko før prosjekt går til anbod”, står det i notatet.

Forskjell på store og små prosjekt

I møtet viste vegdirektør Lefdal også til at fylket ser tendensar til større sjanse for kostnadssprekk på store prosjekt samanlikna med små prosjekt.

– Det vi generelt kan seie er at det kanskje er på dei store prosjekta at auken kjem, at vi får kanskje betre prisar på småprosjekt. Det er ein forskjell på dei veldig store prosjekta der det er dei store entreprenørane som gjev pris, og dei mindre prosjekta der det kanskje er fleire og mindre entprenørar som kan konkurrere om arbeidet. Det kan sjå slik ut, men det må vi kome tilbake til om vi kan dokumentere, sa vegdirektøren.

Saka skal vidare til fylkesutvalet 19. mars, før fylkestinget gjer endeleg vedtak 24. mars.