Loading
Abonner på vårt vekentlege nyheitsbrev

Fensfjorden skreiv i slutten av januar om dei ferske skissene for eit aktivitetsanlegg for Gulen og Masfjorden, utarbeidd av arkitektfirmaet 3RW, som ein del av Vestland fylke sitt støtteprosjekt for nyskapande aktivitetsanlegg som dei to fensfjordenkommunane har fått plass i.
Dalsøyra og Sløvåg har vore dei to utpeikte alternativa, og 3RW skisserte opp eit nytt anlegg plassert på deira tilrådde lokasjon, Dalsøyra.
Anlegget inneheld både svømmebasseng, idrettshall, kultursal og ei rekke andre rom som kan nyttast til ulike kulturelle eller fritidsrelaterte tilbod.
Før eit slikt anlegg skal realiserast, må politikarane ta stilling til dei økonomiske føresetnadane. 3RW sine planar inneheldt ikkje eit prisestimat.
Det har derimot kommunedirektøren i Gulen etterspurd i samband med at kommunestyret skal få presentert skissene på torsdag i denne veka.
3RW har no ettersendt eit grovt kostnadsestimat. Prislapp på heile prosjektet blir sett til 325 millionar kroner.
Slik er kostnadane fordelt per byggetrinn:
I tillegg blir det estimert 1,8 millionar til “øvrige uteområde”, som er sett opp i eit ekstra byggetrinn.
“Kalkylen er basert på enkel utforming”, skriv 3RW til kommunen.
Dei har også sett på kor mykje tilskot det er mogleg å få i spelemidlar. 3RW estimerer at prosjektet kan kvalifisere til kring 19 millionar i spelemiddeltilskot, men påpeikar at dette bør gjennomgåast i lag med fylket som er ansvarleg for tildeling av desse midlane.
Prisestimatet frå 3RW er inkludert meirverdiavgift, som kommunane kan få refundert og dermed senke den totale eigenandelen for anlegget.
Kommuneadministrasjonen i Gulen har førebels ikkje fått gjort noko konkrete vurderingar til korleis dei ser for seg vegen vidare. Det ønsker dei derimot å kome tilbake til.
“Kommunedirektøren vurderer framlagde rapport som interessant og tek opp i seg mykje relevante aspekt som krev nærare vurdering knytt til økonomi, men også knytt til korleis vi tenker å rigge tenestetilbodet for framtida. Administrasjonen vil bruke noko tid på å gjere sine vurderingar, men vil ta sikte på å komme tilbake med ny sak til kommunestyret sitt møte i april”, skriv administrasjonen til politikarane.
Då ønsker dei å kome tilbake med “ei fagleg vurdering knytt til innhald i rapporten, samt ei vurdering av kva som vert vegen vidare fram mot ei mogleg investeringsbeslutning”.
Politikarane i Masfjorden sin neste sjanse til å drøfte skissene er i kommunestyremøtet torsdag i neste veke. 12. mars har dei to kommunane planlagt eit felles formannskapsmøte.
Det nye aktivitetsanlegget for Gulen og Masfjorden, som arkitektfirmaet 3RW har skissert på Dalsøyra, har fått ein førebels prislapp.