Kaiane på Leirvåg og Sløvåg oppfyller ikkje nye krav, men er ikkje tilrådd blant prioriterte tiltak
Både på Leirvåg og Sløvåg er tilleggskaiane for korte i høve nye krav, men fylkesadministrasjonen har ikkje utbetring av desse kaiane på prioriteringslista før nye ferjekontraktar trer i kraft i 2030. Fedje-kaia er derimot inne.


I november skreiv Fensfjorden om fylket sine vurderingar av tilstanden på ferjekaiane på sambanda i den delen av fylket som tidlegare var Hordaland. Denne vurderinga heng saman med oppstarten av arbeidet med nye kontraktar for drift av ferjesambanda, som skal tre i kraft i 2030.
Nye statlege krav tilseier at tilleggskaiane, altså den delen av kaianlegget som går parallelt med ferja når ferja ligg til kai, skal vere minst 3/4 av lengda til ferja, men det kan gjevast dispensasjon for tilleggskaiar som er 2/3 av lengda.
Kaiane både på Leirvåg og Sløvåg er kortare enn 2/3 av lengda til dagens ferje. Det betyr at desse kaiane i prinsippet ikkje vil bli godkjende for bruk frå 2030, med mindre det blir gjort utbetring av kaiane før den tid.
Elleve andre ferjekaier deler same skjebne som Leirvåg og Sløvåg, samstundes som det er ti ferjekaiar som er vurdert til å vere i så dårleg tilstand at “tiltak er påkrevd”. Dette problemet råkar ikkje sambandet som kryssar Fensfjorden, då begge desse kaiane er vurdert i god nok generell tilstand.
Ikkje på prioriteringsliste
Fylkesadministrasjonen har no kome med ei tilråding om kva ferjekaiar det skal prioriterast å gjere utbetringar på før dei nye ferjekontraktane trer i kraft i 2030, anten knytt til tilstand eller for kort tilleggskai.
Verken Leirvåg eller Sløvåg er inne blant dei prioriterte kaiane. Dersom denne prioriteringslista forblir slik etter at saka er politisk handsama av fylkespolitikarane, står ferjekaiane i fare for å ikkje bli godkjende. Andre tiltak som dermed kan sikre ferjedrift er til dømes at det blir innført kortare ferjer, som gjer at forholdet mellom ferjelengde og lengde på tilleggskai blir innanfor krava.
“Dersom det ikkje vert gjennomført naudsynte oppgraderingar av ferjekaiene, vil det kunne få store konsekvensar for ferjetilbodet. Eit kompenserande tiltak vil kunne vere å setje inn mindre og mogleg fleire ferjer i eit samband, noko som vil auke driftskostnadane”, skriv fylkesadministrasjonen.
Fensfjorden har sendt ein førespurnad til avdelinga for infrastruktur og veg i Vestland fylke med spørsmål om kva dei konkrete konsekvensane for Leirvåg-Sløvåg-sambandet og utarbeidinga av dei nye kontraktane vil bli dersom ferjekaiane ikkje blir utbetra før 2030.
Fedje er inne
Årsaka til dei nye krava er at for korte tilleggskaiar kan vera ei tryggleiksutfordring.
“Tilleggskai som er for kort kan medføre rotasjon av ferja, med konsekvens at ferja ikkje vert liggande på plass i ferjebåsen når trafikken skal på og av ferja. Kan òg medføre at ferja ikkje får den støtta den treng for å ligga forsvarleg til kai ved dårleg vêr”, skriv fylkesadministrasjonen.
Også ferjekaien på Fedje har same problemstilling som Leirvåg og Sløvåg, med for kort tilleggskai. Derimot er denne kaien inne blant dei prioriterte tiltaka til fylkesadministrasjon.
Av 13 prioriterte kaiar, er Fedje nummer elleve.
Kaien på Fedje er dermed blant dei kaiane som vert beskrive som “mest kritisk å få utbetra i samband med ny ferjekontrakt i 2030”.
Dyre utbetringar
Å utbetra ferjekaiane er kostbart. Til saman er utbetring av dei 13 prioriterte kaiane estimert til å koste kring 400 millionar kroner.
Det betyr at store oppgraderingar på ferjekaiane kan gå utover andre fylkeskommunale investeringar, ikkje minst knytt til fylkesvegnettet.
Å gjere tilleggskaien på Fedje lang nok er estimert til å koste mellom 10 og 20 millionar kroner. Dei same summane blir brukte dersom kaiane på Leirvåg og Sløvåg skal utbetrast.
Fylkesadministrasjonen skriv at det er økonomisk krevjande å følge opp alle krava frå statleg hald, og stiller spørsmål ved om fylka bør kompenserast for ekstrautgifter. Vestland fylke har vore i kontakt med andre ferjefylke som opplever tilsvarande utfordringar.
“Dei statlege krava som vert stilt til ferjekaiane er krevjande for fylkeskommunen å kunne innfri. Det kan hevdast at desse kostnadane vert pålagt fylkeskommunane utan at det følgjer ekstra midlar med, og dermed så kjem dei i konflikt med andre, store utfordringar på vegnettet, som til dømes vedlikehald og oppgraderingar på bru og tunnel”, skriv fylkesadministrasjonen.
Politisk behandling
Det er opp til politikarane å avgjere vegen vidare for å sikre gode nok ferjekaiar til dei nye kontraktane trer i kraft. Saka skal først behandlast i hovudutvalet for samferdsel og mobilitet i neste veke, og seinare i fylkesutvalet og fylkestinget.
Denne saka handlar kun om tilstanden på sjølve kaianlegga, og til dømes ikkje om oppstillingsplassar. Fensfjorden har stilt spørsmål til fylket om korleis det blir arbeidd med kapasitetsutfordringar på oppstillingsplassar i samband med dei nye ferjekontraktane. Fedje er blant kaiane som periodevis opplever utfordringar med for lite oppstillingskapasitet.