FENSFJORDEN
Publisert for ti dagar sidan|Nyheiter

Ferjekaiane er for korte

Fylket må vurdere om dei anten må bygge ut ferjekaiane både på Leirvåg, Sløvåg og Fedje eller bruke mindre ferje(r) når dei nye kontraktane trer i kraft i 2030. Begge alternativa vil koste mykje, og dei to sambanda er langt frå dei einaste i fylket med tilsvarande problemstilling.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 12.11.2025 11:15
Leirvåg ferjekai
FOR KORT: Tilleggskaiane både i Leirvåg og Sløvåg er for korte. Det skapar hovudbry for fylket.

Det er tilleggskaiane, altså den delen av kaianlegget som går parallelt med ferja når ferja ligg til kai, som no har blitt vurderte av fylkesadministrasjonen. Statlege retningslinjer tilseier at desse skal vere minst 3/4 av lengda til ferja, men det kan gjevast dispensasjon for tilleggskaiar som er 2/3 av lengda.

13 av ferjekaiane i Hordaland er i dag kortare enn 2/3 av ferjelengda. Det inkludere ferjekaiane i Leirvåg, Sløvåg og Fedje.

Endring i drift kan utløyse krav

Utgreiinga som fylkesadministrasjonen no har gjort, heng saman med arbeidet med nye ferjekontraktar som skal tre i kraft i 2030. Sjølv om mange av sambanda i dag opererer utan omsyn til krava om kailengde, kan det bli ei utfordring når dei nye kontraktane startar opp.

"Kravet til lengde på tilleggskaien trer i kraft når det blir gjort endringar i drifta – som t.d. ei ny ferje i sambandet. På bakgrunn av dette utgjer kaitilhøva ein risiko for ferjedrifta frå 2030", står det i utgreiinga frå fylkesadministrasjonen.

Vidare står det at "dersom det ikkje blir gjennomført naudsynte oppgraderingar av ferjekaiane, vil det kunne få store konsekvensar for ferjetilbodet".

Saka skal opp til fylkespolitisk behandling i samferdselsutvalet neste veke, deretter i fylkesutvalet veka etter. Fylkesadministrasjonen føreslår å kome tilbake med ei sak i starten av 2026 som inneheld "kunnskapsgrunnlag og faglege prioriteringar" for ferjekaiane som er knytt til dei ferjekontraktane.
Samstundes blir følgande vedtak føreslått no:

"Fylkesutvalet legg til grunn at det i førebuingane til nye ferjekontraktar i Hordaland blir arbeidd vidare med utvikling av ferjetilbodet i tråd med reisebehov. For mange samband vil tilbodet som blir planlagt forutsette utbetringar av kai. Manglande oppgraderingar vil kunne gje endringar og reduksjon i ferjetilbodet."

Mindre ferjer?

På Leirvåg-Sløvåg-sambandet blir det allereie planlagd å sette inn ei ekstra ferje, såkalt seglande reserveferje, som ved ordinær drift vil gje fleire avgangar og større kapasitet på sambandet.

Men viss ikkje det blir gjort oppgraderingar på kaiane, kan den framtidige kapasiteten bli utfordra.

"Ei driftsløysing med to mindre ferjer, til dømes to ferjer på 75-80 PBE, vil ta ned risikoen for å ikkje få dispensasjon for lengdekravet. Frekvensen vil med dette bli auka, men det vil ikkje gje styrkinga av kapasiteten i sambandet som det er peikt på behov for", står det i utgreiinga.

Føresetnadane som i dag ligg til grunn, inneber ei ferje på 120 PBE, og ei ferje på 110 PBE. PBE står for personbileining, og speler på kor mange biler det er plass til på ferjene.

Ei anna utfordring er at ferje nummer to på Leirvåg-Sløvåg skal fungere som reserveferje både på eige samband og på Krokeide-Hufthamar. Fylkesadministrasjonen beskriv det som "krevjande" dersom det blir snakk om ei mindre ferje.

Om Fedje-sambandet skriv administrasjonen følgande:

"Dersom ferjestorleik skal bli tilpassa lengda på tilleggskai som i dag, vil det vere snakk om ei ferje med kapasitet på 35-40 PBE, ein reduksjon på 10-15 PBE. Basert på vurderingar av behov er det ikkje er tilrådeleg å setje inn ei mindre ferje på sambandet. Med tidvis høge reisetal i samband med helg, sesong og utfartsdagar er det vurdert at ein drift med ei mindre ferje vil ha stor negativ konsekvens for reisande. I tillegg gir sambandet fastlandstilknyting for Fedje, og er viktig når det gjeld å sikre grunnleggande samfunnsfunksjonar".

LES OGSÅ: Usemje etter at fleirtalet sa nei til å vurdere tidleg oppstart av to ferjer på Leirvåg-Sløvåg

Kostnadskrevjande

Uansett kva fylket vel å gjere, vil det bli eit kostnadsspørsmål. For mange av dei andre sambanda blir det skissert ein moglegheit ved å nytte to mindre ferjer i staden for éi stor. Men det vil koste. Det same vil oppgraderingar av kaianlegga.

"Saka peiker på behov for store investeringar i ferjekai for å oppretthalde rutetilbodet for ferje, gitt nasjonale krav. Alternativet vil kunne vere reduksjon i ferjetilbodet gjennom bruk av mindre fartøy, eller fleire ferjer med tilhøyrande auke i driftskostnader", skriv administrasjonen.

Bakgrunnen for dei nasjonale krava er "omsyn til trygg og effektiv tillegging, lasting og lossing ved ferjekaiar, og for å redusere risiko for skade på konstruksjon eller fartøy".

LES OGSÅ: Masfjorden-ordførar skuffa over manglande vilje til å finne betre reserveferjeløysingar for Masfjordnes-Duesund