Politikarane seier ja til to ferjer på Leirvåg-Sløvåg
Samferdslepolitikarane i fylket er positive til å sette inn ei ekstra ferje på Leirvåg-Sløvåg-sambandet frå 2030.


Den politiske behandlinga av nye ferjekontraktar for samband i Hordaland er i gang. Tysdag sa samferdslepolitikarane i fylket seg positive til å sette inn ei seglande reserveferje på Leirvåg-Sløvåg-sambandet.
Dermed ligg det an til at sambandet frå 2030 får to ferjer i den daglege drifta, men at den eine ferja kan bli tatt ut av sambandet og nyttast som reserveferje andre plassar.
Gjekk for to ferjer
Fylkesdirektøren si tilråding tilsa at anten Leirvåg-Sløvåg eller Krokeide-Hufthamar skal få den seglande reserveferja, og Skyss-direktør Målfrid Vik Sønstabø forklarte at planen i utgangspunktet var å gjere vidare vurderingar på kvar dene ferja skal gå.
– Det er noko vi må jobbe vidare med, og ha litt ope for å vurdere opp mot behov og kostnadar, sa ho i møtet.
Men politikarane bringa eit anna framlegg på bordet. Posisjonspartia ville støtte innstillinga til fylkesdirektøren, men med eit par endringar. Ei av endringane inneber å spesifisere at den omtalte seglande reserveferja skal setjast inn i Leirvåg-Sløvåg-sambandet.
Det fekk også fleirtal frå politikarane, men siste ord skal først seiast når fylkesutvalet skal møtast i neste veke.
Diskusjonar
Samferdsleutvalet var delt på kva dei ville gjere med saka om nye ferjekontraktar. Representantane frå Høgre, Frp og Bergenslista ville ikkje gjere eit vedtak i tråd med innstillinga frå fylkesdirektøren, men ta saka til orientering. Dei ønskte meir tid til å vurdere noko av elementa i saka. Det gjeldt særleg for ferjesamband lengre sør i fylket, mellom anna Kinsarvik-Utne, som er føreslått å leggast ned, og Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes, der det er føreslått å fjerne natteruter.
For det er nemleg slik at det vil koste å ha ei seglende reserveferje over Fensfjorden, og nokon av punkta fylkesdirektøren føreslår for å spare penger på andre samband, er omdiskuterte.
Men eit tydeleg fleirtal uttrykte seg positive til at Leirvåg-Sløvåg får ei ekstra ferje frå 2030.
– Eg synast administrasjonen har vore gode til å sjå på løysingar der ein kan betre tilbodet enkelte plassar, kommenterte Høgre-politikar Kåre Martin Kleppe.
Reserveferje plassert på Fedje
Sakshandsaminga i samferdsleutvalet tysdag gjev tydelege teikn på at Nordhordland får eit betre ferjetilbod når dei nye kontraktane startar opp i 2030. Forutan to ferjer på Leirvåg-Sløvåg, ligg det i innstillinga at Fedje-sambandet skal gå som i dag, men med reserveferje liggande fast på Fedje for å betre responstida.
Samstundes kan det bli diskusjonar om mellom anna opningstida på sambandet.
I Fedje kommune sin uttale til saka, peikar dei på tre hovudutfordringar:
- Manglar i rutetilbodet, inkludert ønske om seinare avgangar.
- Kapasitetsutfordringar, særleg om sommaren.
- Beredskapsutfordringar, mellom anna knytt til lang responstid ved bruk av reserveferje.
Førebels legg dei nye kontraktane berre opp til at siste punkt blir delvis utbetra.
I samferdselsutvalsmøtet tysdag vart det stilt spørsmål ved om det er rekna på kostnadar ved å utvide rutetilbodet på søndagar, slik at det blir likt som i kvardagane. Svaret frå Skyss-direktøren var at det er noko dei ønsker å ta med vidare i prosessen.
Også Masfjordnes-Duesund vart diskutert i møtet, og det vart orientert om at arbeidet med å auke ruteproduksjonen i lag med Masfjorden kommune fortset parallelt med det nye kontraktsarbeidet.
Vidare prosess
Etter at fylkesutvalet i neste veke gjer endeleg vedtak om rammar og føringar for utarbeidinga av dei nye kontraktane, har fylkespolitikarane framleis moglegheit til å gjere endringar før kontraktane blir offentleggjort. Det skal etter planen skje neste vår. Før den tid skal politikarane også få på bordet ei eiga sak knytt til infrastruktur og ferjekaier.
Samstundes vart det poengtert frå politisk hald, med erfaring frå førre kontraktsprosess, at det er no det er viktig å legge dei riktige føringane for det vidare arbeidet, og at det kan bli vanskelegare å gjere endringar seinare.