Jobbar vidare med hyppigare avgangar, i lag med kommunen
Forslaga i saka om nye ferjekontraktar tilseier å vidareføre dagens tilbod på Masfjordnes-Duesund, men fylket jobbar parallelt i lag med Masfjorden kommune for å utvide rutetilbodet.


I dag har Masfjordnes-Duesund-ferja 24 daglege avgangar. På laurdagar 18 og søndagar 17.
Masfjorden kommune vil auke dette til 27 daglege avgangar måndag til søndag, pluss nattavgang på helgedagane.
Det er likevel ikkje ei del av saka når fylket i desse dagar legg rammar og føringar for dei nye ferjekontraktane som skal tre i kraft i 2030. Derimot blir det jobba parallelt med Masfjorden kommune om å forbetre rutetilbodet på sambandet.
Det kan innebere medfinansiering frå kommunen, og at fleire avgangar kjem på plass allereie før 2030.
– Der jobbar vi saman med kommunen med såkalt opprydding i tilbodet. Det har vi ikkje inkludert i denne saka. orienterte Skyss-direktør Målfrid Vik Sønstabø då samferdselsutvalet i fylket drøfta dei nye ferjekontraktane tysdag.
Det som derimot ligg i saka om nye kontraktar er vidareføring av sambandet som i dag. Forutan dette står det berre i forslaget som i dag ligg på bordet at reserve for ferja blir passasjerbåt.
"Det vil vere kostbart å setje inn ei anna kabelferje og vanleg ferje kan ikkje anløpe dagens kabelferjekaiar", skriv fylkesdirektøren i innstillinga, som i dag vart vedtatt av fleirtalet i samferdselsutvalet.
Saka skal vidare til fylkesutvalet i neste veke.
Sende innspel i januar
Sjølv om rutetilbodet dermed likevel kan bli betre på sambandet, seier saka om nye kontraktar ingenting om dei andre innspela Masfjorden kommunen har hatt.
I januar sende kommunen eit innspel til saka med følgande punkt:
- At ferja i dei periodane det er lengst mellom avgangane, skal gå tilbake og hente eventuelt attståande bilar.
- At ferja kan vente i inntil fem minutt på forsinka bussar.
- At det må vere reserveløysing med bilferje. Denne må vere på plass innan tolv timar ved uføresett driftsstans og umiddelbart ved planlagd driftstans.
- At kommunen skal orienterast skriftleg om erstatningstilbod dersom det er planlagt driftsstans.
- Dersom punkt 3 ikkje lar seg gjennomføre, må reserverløysinga vere universelt utforma passasjerbåt som skal vere på plass minst seks timar etter driftsstans.
- Ved lengre driftsstans blir det sett opp busstilbod frå ferjekaien til Fensfjordbygget på Hosteland.
Ny ferje?
Eit poeng som vart trekt fram av Høgre-politikar Kåre Martin Kleppe i møtet tysdag, og som kommunen sjølv også har poengtert, er at dagens ferje begynner å bli gamal. Det betyr blant anna at den oftare må på verkstadsopphald.
Kleppe spurde om det er planar om ny ferje på sambandet.
Der hadde ikkje fylket noko heilt konkret svar å kome med, verken i eine eller andre retninga.
– Når det gjeld Masfjordnes-Duesund er forslaget vårt å videreføre kabelferje, men ikkje nødvendigvis dagens ferje, svarte Skyss-direktøren.