Skuffa ordførar: – Politisk styring blir gjort gjennom vedtak
Vestland fylke og Masfjorden kommune skal jobbe med betre rutetilbod på Masfjordnes-Duesund, men i vedtaket gjort knytt til nye ferjekontraktar står det ingenting. Ordføraren i Masfjorden skulle gjerne sett at det pågåande arbeidet vart spesifisert i vedtaksform.


I saka om nye ferjekontraktar, , vedtok fylkesutvalet i sist veke kva slags føringar og rammer som skal ligge til grunn for utarbeiding av dei nye kontraktane.
Om Masfjordnes-Duesund-sambandet seier vedtaket følgande:
- Rutetilbod og kapasitet på sambandet blir på same nivå som i dag.
- Reserveløysing for sambandet blir passasjerbåt.
Det betyr at ingen av har blitt følgd opp, i alle fall ikkje på svart på kvitt.
Fekk munnleg svar i møtet
For fylket og kommunen er i dialog om moglegheitane for å betre rutetilbodet mellom Masfjordnes og Duesund, og kommunen har sagt seg villig til å medfinansiere utbetringane.
I fylkesutvalet spurde KrF-politikar Trude Brosvik om det var riktig forstått at fylket jobbar vidare med Masfjorden kommune for å betre rutetilbodet, og at det vil kome inn i dei nye kontraktane.
– Vi er i ein dialog med Masfjorden kommune om spleising på nytt tilbod der. I den grad vi kjem til løysingar der, vil det bli tatt med inn i dei nye anbodsvurderingane, kommenterte direktør for mobilitet og kollektivtransport, Anne Iren Fagerbakke.
Saknar stadfesting i vedtak
Ordføraren i Masfjorden, Erlend Kvamsdal, synast det er ei god stadfesting frå fylkesadministrasjonen.
– Det er positivt det Fagerbakke seier. Det betyr at dei endringane vi får til skal inn i kontraktane, seier han.
Likevel hadde Kvamsdal ønskt at dette også vart presisert i det politiske vedtaket.
– Eg er skuffa over at fleirtalskoalisjonen ikkje tok med noko om denne saka i vedtaket. Politisk styring blir gjort gjennom vedtak, poengterer ordføraren.
For hans eige parti, Høgre, presenterte eit forslag som sa følgande:
"Her skal ein i samråd med kommunen styrka tilbodet og få til ein ryddigare rutetabell. Dette kan gjerast allereie hausten 2026, der ein nyttar høve til samfinansiering med kommunen."
Det fekk berre støtte frå Frp og ein uavhengig representant, og dermed ikkje fleirtal.
Kvamsdal fortel at det no blir jobba aktivt med fylket. Han fortel at kommunen jobbar med å lage til eit nytt utkast til ny rutetabell, som dei skal vidareformidle til fylkesadministrasjonen.
Beredskapsutfordringar utan reserveferje
Masfjorden-ordføraren er også skuffa over at fylkesutvalet ikkje gjekk inn for å vurdere andre løysingar enn passasjerbåt som reserveløysing. Også her presenterte Høgre eit alternativt forslag som inneber å nytte dei gamle ferjekaiene som reserveløysing.
"Det skal jobbast vidare med å sikre moglegheit til reserveferje på Masfjordnes-Duesund ved å bruke ferjekaiane som vart nytta før sambandet fekk kabelferje", stod det i forslaget, som også vart stemt ned.