FENSFJORDEN
Publisert for omtrent ein månad sidan

Fleirtalet sa nei til å sjå på oppstart av to ferjer i 2026

Fylkespolitikarane vil ha to ferjer på Leirvåg-Sløvåg, men vil ikkje sjå på moglegheita for å innføre det allereie neste sommar.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 22.10.2025 08:15
Ferjekai ved Leirvåg med roleg sjø og blå himmel.

Tysdag behandla fylkesutvalet saka om nye ferjekontraktar, og politikarane gjekk inn for kva rammer og føringar som skal ligge til grunn når fylket no startar arbeidet med å utarbeide dei nye kontraktane.

Kontraktane skal gjelde frå 2030 til 2040.

Politikarane støtter fylkesdirektøren sitt forslag om å opprette ei ekstra ferje på Leirvåg-Sløvåg-sambandet. Det vil bli ei såkalt seglande reserveferje.

Fleirtalet, med Ap, Sp, SV, MDG, Venstre og KrF, sa derimot nei til å sjå på moglegheita for å få dette til allereie frå neste sommar.

"Det skal leggast fram sak i løpet av våren 2026 der ein gjer vurdering av kostnad med å starte opp med seglande reserveferje på sambanda Leirvåg–Sløvåg og Våge–Halhjem, allereie frå sumaren 2026", stod det i det alternative forslaget frå Høgre, som ikkje fekk fleirtal.

Høgre sitt forslag inkluderte også følgande punkt:

  • Fedje-Sævrøy: "Det skal jobbast for å styrke ruta på sundagar, slik at sundagsruta er lik som resten av veka. Det skal også utgreiast kostnad med innføring av seinare avgang på sambandet."
  • Masfjordnes-Duesund: "Det skal jobbast vidare med å sikre moglegheit til reserveferje på Masfjordnes-Duesund ved å bruke ferjekaiane som vart nytta før sambandet fekk kabelferje."
  • Masfjordnes-Duesund: "Her skal ein i samråd med kommunen styrka tilbodet og få til ein ryddigare rutetabell. Dette kan gjerast allereie hausten 2026, der ein nyttar høve til samfinansiering med kommunen."

Ingen av desse punkta fekk heller fleirtal.

Siste punkt, knytt til ønsket frå Masfjorden om å samfinansiere betre rutetilbod, vart derimot drøfta i møtet, og vegen vidare vart kommentert av fylkesadministrasjonen.

KrF-politikar Trude Brosvik spurte om det var riktig forstått at fylket jobbar vidare med Masfjorden kommune for å betre rutetilbodet, og at det vil kome inn i dei nye kontraktane.

– Vi er i ein dialog med Masfjorden kommune om spleising på nytt tilbod der. I den grad vi kjem til løysingar der, vil det bli tatt med inn i dei nye anbodsvurderingane, kommenterte direktør for mobilitet og kollektivtransport, Anne Iren Fagerbakke.

Det som står i vedtaket gjort i fylkesutvalet, er at rutetilbod og kapasitet blir på same nivå som i dag for Masfjordnes-Duesund, og at passasjerbåt blir reserveløysinga for sambandet.

For Fedje-sambandet blir også dagens tilbod vidareført, men at ei reserveferje, som også skal dekke Husavik-Sandvikvåg, skal ligge på Fedje for å sikre kort responstid.