Høgre vil ha to ferjer allereie frå neste sommar
Vestland Høgre vil ha to ferjer på Leirvåg-Sløvåg frå sommaren 2026, styrke søndagstilbodet på Fedje-sambandet og få på plass betre rutetilbod på Masfjordnes-Duesund snarast mogleg.


Då samferdsleutvalet i fylket drøfta saka om nye ferjekontraktar tidlegare denne veka, var Høgre-gruppa ikkje heilt klare til å gjere noko vedtak.
Fredag ettermiddag sende dei derimot ut ei pressemelding der dei presenterer sitt forslag til vedtak før saka skal behandlast i fylkesutvalet i neste veke, og partiet ønsker å styrke ferjetilbodet på dei tre lokale sambanda.
For Leirvåg-Sløvåg ønsker partiet å følge forslaget om å sette inn ei seglande reserveferje på sambandet, men dei vil samtidig gjere ein kostnadsvurdering knytt til å sette inn denne ferja allereie frå sommaren 2026.
"Seglande reserveferjer er ein kostnadseffektiv måte å auke kapasitet på ferjesamband som har behov for dette", står det i pressemeldinga.
Også Fedje-Sævrøy skal få ei styrking av tilbodet, viss Høgre får vilja si. Dei vil ha same rutetilbod på søndagar som i resten av veka, og samtidig ha ei utgreiing av kostnadar for å utvida tilbodet med ein seinare avgang.
Dette kjem i tillegg til forslaget som allereie ligg i saka om at reserveferje skal ligge fast på Fedje.
For Masfjordnes-Duesund vil partiet ha fortgang i det pågåande arbeidet med å utvide rutetilbodet, som fylket og kommunen er i gang med. Masfjorden kommune er villige til å kunne medfinansiere eit betre rutetilbod.
"Dette må på plass så snart som mogleg", skriv Vestland Høgre.
Vil auke finansieringa frå staten
Auka rutetilbod kostar pengar, og Høgre vil at staten skal bidra meir for å sikre betre ferjetilbod i fylket.
I pressemeldinga skriv dei mellom anna at "Vestland fylkeskommune har på fleire samband eit dårlegare tilbod enn det statens sjølv har satt som standard på dei ulike sambanda", og "at staten ikkje dekker fylkeskommunen sine behov i dag, kan ikkje føre til at ein skal akseptere eit dårlegare tilbod enn me skal ha, heilt fram til 2040".
Dei legg også vekt på at Vestland i 2020 gjekk i front for elektrifisering av ferjeflåta, og at regjeringa i sitt statsbudsjettforslag føreslår å kutte ordninga med gratis ferje på mindre samband. Med tanke på sistnemnde punkt poengterer partiet at pengane som blir spart på å kutte gratis-ordninga, må bli liggande att på Vestlandet.
"No må Vestland gå i front for å kjempe for innbyggjarane sitt tilbod. Ikkje gå i front for å kutte i tilbodet, på vegner av ein stat som ikkje prioriterer landsdelen. Når staten ikkje prioriterer å byggje saman landsdelen med bru og veg, må ein synleggjere kva det kostar kongerike Norge å drifte ferjer", skriv Vestland Høgre.