– Kva er det som gjer at dette er mogleg i 2030, men ikkje no?
Lokale Høgre-politikarar reagerer på at fylkesutvalet sa nei til å sjå på innføring av to ferjer allereie frå neste år.


I saka om rammer og føringar for nye ferjekontraktar, var eit samla fylkesutval positive til å sette inn ei seglande reserveferje på Leirvåg-Sløvåg-sambandet når dei nye kontraktane trer i kraft i 2030.
Det skapar reaksjonar.
– Gulen og Masfjorden treng eit betre, meir forutsigbart og stabilt ferjetilbod som gjer det mogleg både å bu, arbeide og investere her. Det behovet er her allereie i dag, seier Stein Inge Larsen i Gulen Høgre.
Dei er skuffa over at dei "tapte kampen" om eit styrka ferjetilbod allereie frå neste år.
Også ordførar i Masfjorden, Erlend Kvamsdal, fortel til Fensfjorden at han er skuffa over at fleirtalet i fylkesutvalet ikkje ville opne døra for tidleg innføring av seglande reserveferje.
Han var også skuffa over vedtaka som vart gjort kring Masfjordnes-Duesund-sambandet.
For dyrt
– Vi ser på å innføre dette allereie frå 2026 som svært økonomisk krevande, seier Arve Helle.
Han representerer Arbeidarpartiet i fylkespolitikken, og er leiar i samferdsleutvalet som handsama saka veka før fylkesutvalet.
Fleirtalet som røysta ned Høgre sitt forslag består av Ap, Sp, Venstre, KrF, MDG og SV.
Han viser til fylket sitt vedtak om ekstra sommarferje mellom Jondal og Tørvikbygd som eit eksempel på kor mykje ekstra ruteproduksjon kan koste. Der kostar det kring 20 millionar kroner ekstra å ha to ferjer gjennom fire sommarmånadar.
– Kor Høgre har tenkt å hente pengane frå har vi endå til gode å sjå. For oss framstår det som heilt urealistisk å få dette til innanfor eksisterande rammer utan å ta ned tilbodet på andre område, seier Helle.
Og sjølv om fylket skulle redusert tilbodet andre stader for å få råd, meiner Arbeidarparti-politikaren det er lite å hente midt i ein kontraktsperiode.
– Skal ein kutte i eksisterande anbod andre stadar så gjer dette sjeldan store innsparingar grunna inngåtte kontraktsforpliktelsar. Difor bør slike justeringar gjerast i samband med nye anbod, seier han.
Meiner tala er på plass
Det same meiner KrF-politikar Trude Brosvik.
– Å kome med krav om tilleggskjøp inni ein anbodsperiode er alltid dyrare enn å ta det i eit anbod, seier ho.
Brosvik meiner Høgre allereie har fått svar på kva det vil koste å starte opp neste år. Ho viser til at det i saksutgreiinga frå administrasjonen er vist til at forslaget om å auke ruteproduksjonen på Leirvåg-Sløvåg er estimert til å koste 60-70 millionar i året.
I samferdsleutvalet stilte ho sjølv eit spørsmål kring sambandet Hatvik-Venjaneset, der oppgradering av kapasiteten i sambandet er rekna på å koste kring 5 millionar kroner. Spørsmålet hennar var om dette kunne innførast neste år.
Svaret frå administrasjonen var at "estimata er gjort utifrå ny kontrakt", og at "det vil vere heilt andre estimat viss vi skal gjere endringrar i eksisterande kontrakt.
Ho meiner dette gjev svar på at det også er vanskeleg å gjere andre endringar før 2030.
– Eg har tillit til at administrasjonen legg dei rette tala inn i saka vår, og å auke budsjettet med 70 millionar på neste års budsjett kan eg ikkje sjå vert mogeleg, seier Brosvik.
Ho meiner det som no ligg i vedtaket, som inkluderer utviding av rutetilbodet på Leirvåg-Sløvåg, er resultat av fleirtalskoalisjonen sitt arbeid.
– Heile saka om ferjene, slik ho ligg, er kome av eit krav koalisjonen har hatt om å sjå på korleis vi brukar midlane totalt sett, og at vi ikkje berre lar ferjene gå etter historiske kontraktar uten å sjå på likebehandling, ny infrastruktur og utvikling i trafikken. Å omprioritere er alltid vanskeleg, og eg synast ikkje Høgre sitt forslag innheld særleg mykje av det, så langt. Så er dette eit prosess-vedtak, fram til våren, då vi får endeleg sak om mandat for anbudsutlysing, seier Brosvik.
Vil ha kunnskap på bordet
– Kva er det som gjer at dette er mogleg i 2030, men ikkje no?
Det spørsmålet stiller Kåre Martin Kleppe. Han representerer Høgre både i samferdsleutvalet og fylkesutvalet, og var den som la fram partiet sitt alternative forslag.
Han er ikkje nøgd med svara frå fleirtalspartia.
Kleppe meiner behovet for ei ferje nummer to er tydeleg til stades på Leirvåg-Sløvåg-sambandet, og ville helst sett at det kom på plass før dei nye kontraktane trer i kraft i 2030.
I dei politiske diskusjonane har han sjølv sagt at han trur ei tidleg innføring kan bli vanskeleg å få til økonomisk sett, men han skjøner ikkje kvifor fleirtalskoalisjonen ikkje ville gå med på å få ei utgreiing av kostnadsbiletet.
– Fleirtalet vil ikkje ein gong ha den kunnskapen på bordet, seier han til Fensfjorden.
Politiske prioriteringar
Kleppe trur ikkje summen på 60-70 millionar årleg, som administrasjonen og Brosvik peikar på, er det same som det ville kosta å få på plass ei seglande reserveferje neste år.
– Den prisen er knytt opp til eit heilt nytt konsept der ein aukar talet på rutepakkar. Det vi ville sjå på, var om vi kunne bruke eksisterande reserveferje som seglande reserveferje frå sommaren 2026, seier han.
Viss han fyrst skal snakke om sum, trur han det er meir reellt å samanlikne med dei 20 millionane, som også Arve Helle refererer til, det kostar å drifte ei ekstra sommarferje på Jondal-Tørvikbygd.
Kleppe peiker også på at ei ekstra ferje vil kunne gje trafikkauke og dermed litt ekstra billettinntekter som kompenserer for deler av utgifta.
– For oss er det viktig å i alle fall sjå på kva vi kan få til, seier Høgre-politikaren.
Han viser også til at Høgre kan ha andre budsjettmessige prioriteringar enn fleirtalskoalisjonen, som opnar for at dei kan bruke meir pengar på ferje og samferdsel. Han gjentar difor opningsspørsmålet om kvifor det skal vere råd til to ferjer i 2030, men ikkje i 2026.
– Vi er opptatt av å prioritere samferdsel, avsluttar han.
Spørsmål i budsjettarbeidet
– Til kostnader så må eg forhalde meg til det som står i saka, og svara som blir gitt frå administrasjonen i møte, svarar Trude Brosvik tilbake.
Ho meiner Høgre vil få høve til å både finne svar, og eventuelt føreslå løysingar når fylket sitt budsjett skal vedtas.
– Viss Høgre meiner at det å sette inn seglande B-ferje frå 2026 er langt billegare, så kan dei stille det spørsmålet i budsjettarbeidet. Det er det opna for, og då vil dei ha svar, viss det går an å svare uten å prøve det i marknaden som tilleggskjøp, før budsjettet, seier Brosvik.
Ho peiker også på at det kan bli ei krevjande ordning å ha ei seglande reserveferje på Leirvåg-Sløvåg som også er reserveferje for sju andre samband, slik reserverferja er i dag.
– Viss Høgre etter det finn å kunne ta det inn i budsjettet, så må dei også vise korleis dei finansierer det, seier ho.
At ferjekontraktane også blir til diskusjonar i budsjettarbeidet, kommenterte ho også i møtet i samferdsleutvalet.
– Veksten i utgifter som ligg her, er langt over dei kutta som òg ligg. Eg går utifrå at dette er noko som må løysast i budsjetta framover. Om vi landar på eit vedtak no, betyr ikkje det at vi har fått ferje nummer to, sa ho.