FENSFJORDEN
Publisert for ein dag sidan|Nyheiter

Folketalet fortset å vekse

Tre av fire fensfjordkommunar har folkeauke i 3. kvartal. Gulen og Fedje aukar mest.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 20.11.2025 09:30
Folkevekst
FOLKEVEKST: Fedje aukar innbyggartalet i 3. kvartal. Slik såg det ut då EM i Havfiske vart arrangert i august.

7.418 er det nye folketalet i dei fire fensfjordkommunane Austrheim, Gulen, Masfjorden og Fedje. Det er klart etter at SSB torsdag publiserte folketala for 3. kvartal.

Det betyr at regionen har hatt ein ny vekst i løpet av månadane juli, august og september.

Folketalet per 1. juli var 7.397.

Det betyr ein auke på 21 nye innbyggarar.

Slik er folketalet per 1. oktober i kvar kommune (tal per 1. juli i parentes):

  • Austrheim: 2.929 (2.930)
  • Gulen: 2.283 (2.269)
  • Masfjorden: 1.681 (1.678)
  • Fedje: 525 (520)

Det betyr at Austrheim er den einaste kommunen som ikkje har vekst i folketalet i 3. kvartal.

Størst auke er det i Gulen og Fedje.

Gulen kan særleg gle seg over gode fødselstal. Det vart fødd sju nye barn i kommunen i 3. kvartal, noko som gjer at den førebelse totalen for 2025 er 20 nyfødde. I fjor vart det fødd 22 nye gulingar.

Totalt i regionen kom det 20 nyfødde til verda i løpet av 3. kvartal. Sju i Gulen, sju i Austrheim, seks i Masfjorden og 1 i Fedje.

Det er det høgaste kvartalsvise fødselstalet i regionen så langt i år.

Veksten i regionen kjem også av tilflytting. Både Gulen, Masfjorden og Fedje har meir innflytting enn utflytting i 3. kvartal.

Ein del av tilflyttarane er registrerte som "innvandrarar", altså tilflyttarar frå utlandet. I Gulen har ni personar kome flyttande frå utlandet i 3. kvartal.

For Austrheim sin del er det derimot 13 personar som har flytta utanlands, noko som er eit sjeldant høgt tal, og avgjerande for at kommunen ikkje har folkevekst.

Så langt i 2025 har folketalet i dei fire kommunane auka med 38 innbyggarar. Den einaste kommunen som har færre innbyggarar no enn ved starten av året er Masfjorden.

Busetting av ukrainske flyktningar har vore ei avgjerande årsak til folkevekst i fensfjordregionen dei siste åra, noko Arngunna Haga i NAV kommenterte då ho var på besøk i kommunestyret i Austrheim.