FENSFJORDEN
Publisert for omtrent ein månad sidan|Nyheiter

Folkevekst i tre kommunar - nedgang i Masfjorden

Både Austrheim, Gulen og Fedje har folkevekst i 2025, medan Masfjorden går i minus.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 25.02.2026 10:45
Fensfjorden
FOLKETALSUTVIKLING: Det vart 66 fleire innbyggarar i fensfjordkommunane i 2025. Både Austrheim, Gulen og Fedje har folkevekst, medan Masfjorden har nedgang.

Onsdag presenterte SSB sine ferskaste folketalsstatistikkar. Statistikkane viser at det har blitt fleire innbyggarar i fensfjordkommunane både i siste kvartal i 2025, og totalt sett gjennom fjoråret.

Det samla folketalet i dei fire kommunane per 1. januar er 7.449. Det er 66 fleire innbyggarar enn eitt år tidlegare.

Nesten halvparten av veksten har skjedd i løpet av dei siste tre månadane av året. 1. oktober var det samla folketalet på 7.418.

Både Austrheim, Gulen og Fedje opplevde folkevekst i løpet av 2025, medan Masfjorden har hatt ein nedgang.

Slik er folketalet per 1. januar 2026 i kvar kommune (tal per 1. januar 2025 i parentes):

  • Austrheim: 2.947 (2.915)
  • Gulen: 2.301 (2.260)
  • Masfjorden: 1.672 (1.687)
  • Fedje: 529 (521)

Nærmar seg 3.000

For Gulen sin del er det første gong sidan 2019 at folketalet er høgare enn 2.300.

Samstundes er Austrheim på veg mot den “magiske” 3.000-grensa, som vil vere ein historisk milepæl å bryte for kommunen.

Også Fedje er på veg oppover, med det høgaste registrerte folketalet sidan 2020. Så seint som i 2022 var folketalet i den vesle øykommunen under 500.

Busetting av ukrainske flyktningar er ein avgjerande årsak til at folketalet totalt sett har auka i regionen dei siste åra.

– Auken i folketalet kjem stort sett av at vi har busett flyktningar. Hadde vi ikkje busett flyktningar, hadde vi hatt nedgang i folketalet i alle kommunar, kommenterte Arngunna Haga, regionleiar i NAV Nordhordland, då ho besøkte kommunestyret i Austrheim i haust.

Fødselsunderskot

Veksten i 2025 kjem på tross av at alle kommunane har “fødselsunderskot”, altså at det døyr fleire enn det blir fødd.

Det betyr likevel ikkje at fødselstala nødvendigvis er unormalt låge.

Antal fødde per kommune i 2025:

  • Austrheim: 22
  • Gulen: 25
  • Masfjorden: 8
  • Fedje: 3

I perioden 2010-2020 var det årlege fødselstalet i Austrheim jamt over høgare enn i no, men dei siste fem åra har det årlege talet vore tett rundt 20.

Gulen er den lokale kommunen med høgast fødselstal i 2025, og dette talet er det høgaste i kommunen sidan 2015. Det har i tillegg berre skjedd tre gongar dei siste 20 åra at fødselstalet har vore 25 eller høgare.

I Masfjorden er det berre i 2019 at fødselstalet har vore like lågt dei siste 60 åra. Det er også berre tredje gongen at det årlege fødselstalet er einsifra (2019, 2023 og 2025). Sjølv om dei ferske tala viser ein ny trend i Masfjorden, vart 2024 eit relativt godt år fødselsmessig med 17 fødslar i kommunen.

At tala kan variere kraftig frå år til år er ikkje uvanleg i mindre kommunar. Det gjeld også talet på døydde.

Antal døydde per kommune i 2025:

  • Austrheim: 26
  • Gulen: 28
  • Masfjorden: 21
  • Fedje: 6

Masfjorden har også her ei stor endring frå året før, då berre 13 innbyggarar gjekk bort. Det betyr at kommunen hadde fødselsoverskot i 2024, men underskot i 2025. Det store fødselsunderskotet i fjor er dermed med å forklare folkenedgangen gjennom året.

Dermed er det tilflytting som gjer at tre av fire fensfjordkommunar går i pluss i 2025. Tilflyttinga er høgare enn fråflyttinga i alle kommunar, med unntak av Masfjorden som går i null på dette punktet.

SSB publiserer tal for ferske folketalsutviklingar fire gongar i året. Tala er knytt opp mot kvartalsvis utvikling. Det betyr at dei neste tala, som kjem i mai, vil vise utviklinga i kommunen i dei tre første månadane av 2026.