FENSFJORDEN
Publisert for 27 dager siden|Nyheiter

Frp størst i Fensfjorden

Det vart raudgrøn valsiger, men hadde folket i Austrheim, Gulen, Masfjorden og Fedje fått bestemme, ville det sannsynlegvis blitt regjeringsskifte. Frp er mest populær i tre av dei fire fensfjordkommunane.

Øyvind Bjerkestrand
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 09.09.2025 06:15
Valresultat Fensfjorden 2025
FRP STØRST: Slik vart det røysta i dei fire fensfjordkommunane.

Det er framleis nokre stemmer att å telje, så resultatet kan endre seg noko. Samstundes er det klart at den raudgrøne sida blir størst etter gårsdagens stortingsval. I skrivande stund ligg dei an til å få 87 mandat på Stortinget, mot borgarleg side sine 82 mandat. Det krevst 85 for å få fleirtal.

I dei fire fensfjordkommunane er det derimot meir vilje for regjeringsskifte enn generelt på landsbasis. Totalt blir Framstegspartiet størst i regionen, og det er partiet med flest røyster både i Austrheim, Gulen og Masfjorden. I Fedje kommune er Arbeidarpartiet størst, like framfor Frp.

Frp sin auke i Fensfjorden sidan sist stortingsval er frå 14,5 til 27,6 prosent.

Dei fire borgarlege partia har førebels 49,7 prosent av røystene i dei fire kommunane. Det er fire prosentpoeng meir enn dei fem raudgrøne.

4,4 prosent i Fensfjorden har røysta andre parti enn dei som har stortingsplass, noko som er ei klar auke frå 2021. Størst av desse er Generasjonspartiet med 1,1 prosent av røystene i fensfjordkommunane.

Som elles i landet går Høgre kraftig ned også i fensfjordkommunane, frå 22,2 prosent i 2021, til 14,8 prosent i år. Ap aukar med 3 prosentpoeng til 24,8 prosent, medan Senterpartiet går frå 25 prosent til 13,6.

Av dei mindre partia veks både Raudt og MDG, medan SV og Venstre går litt tilbake. KrF får akkurat same oppslutnad i Fensfjorden som for fire år sidan.

Slik er dei førebelse resultata i kvar kommune:

Austrheim:

Raudt - 3,6 %
SV - 2,1 %
Ap - 26,1 %
Sp - 8,2 %
MDG - 1,4 %
KrF - 5,7 %
Venstre - 1,4 %
Høgre - 17,0 %
FrP - 30,9 %
Andre - 3,8 %

Gulen:

Raudt - 3,7 %
SV - 1,5 %
Ap - 23,0 %
Sp - 21,8 %
MDG - 1,9 %
KrF - 5,3 %
Venstre - 1,9 %
Høgre - 11,5 %
FrP - 24,4 %
Andre - 5,0 %

Masfjorden:

Raudt - 4,5 %
SV - 2,2 %
Ap - 23,8 %
Sp - 14,9 %
MDG . 1,7 %
KrF - 4,1 %
Venstre - 1,4 %
Høgre - 15,4 %
FrP - 27,5 %
Andre - 4,5 %

Fedje:

Raudt - 1,6 %
SV - 3,2 %
Ap - 29,1 %
Sp - 3,5 %
MDG - 1,3 %
KrF - 13,7 %
Venstre - 0,6 %
Høgre - 15,7 %
FrP - 24,3 %
Andre - 7,0 %

Her kan du lese meir om resultata i 2021, og trendane dei siste 15 åra.