Fylkesdirektøren vil ha ny vidaregåande på same tomt
Berre eit steinkast skil dei to tomtealternativa for ny vidaregåande. Austrheim-politikarane vil ha nytt skulebygg på "verftstomta", medan fylkesdirektøren tilrår same tomt som skulen står på i dag.


Neste veke skal fylkespolitikarane i opplæringsutvalet ta stilling til tomtevalet for ny vidaregåande skule i Austrheim.
Gjennom ein moglegheitsstudie har fylket sett nærare på fem ulike tomtealternativ. Studien konkluderte med at det beste alternativet er å bygge nytt på same tomt som skulen står på i dag, men at eit mogleg alternativ er å bygge på tomta omtalt som "verftet", altså eigedomen ned mot Mastrevik kai der skulen i dag leiger verkstader.
Studien såg også på eit alternativ på tomta der kommunehuset er plassert, tomta ved sidan av Austrheimhallen og den kommunale næringstomta på Mongstad.
Austrheim vil ha "verftstomta"
Politikarane i Austrheim har tydeleg sagt at verftsalternativet er deira føretrekte alternativ.
"Denne tomten ligg flott og lunt til i sjøkanten i Mastrevik. Her kan Vestland fylkeskommune byggja ein vidaregåande skule som kan vera eit fyrtårn og eit utstillingsvindauge for fylkeskommunen. Mastrevik kan transformerast til ei perle i den indre farleia. Me meiner at plassering av ein ny vidaregåande skule på tomt 2.2, vil auka attraktiviteten til Mastrevik-området vesentleg, noko som vil gagne kommunen, men også arbeids- og læringsmiljøet ved skulen", skriv kommunestyret i sin uttale.
Alternativet fylkesdirektøren tilrår er austrheimpolitikarane sitt andreval, men då uttalen vart behandla i kommunestyret i Austrheim, vart det poengtert at det viktigaste uansett er at det kjem eit nytt skulebygg.
Også Regionrådet Nordhordland og Nordhordland Næringslag stiller seg bak uttalen og tomteønsket til Austrheim kommune.

Økonomiske skilnadar
Bakgrunnen for at eksisterande tomt blir tilrådd, er mellom anna at dette allereie er tomteareal som fylkeskommunen eig, medan utbygging på "verftstomta" vil bety at fylket må kjøpe eigedomen.
Begge alternativa vil bety at fylket må etablere mellombelse undervisingslokale i byggeperioden, men fylkesdirektøren skriv at det vil bli dyrare å etablere mellombelse løysingar for verkstada på verftstomta.
Fylkesdirektøren skriv at verftstomta totalt sett er estimert til å vere eit 70 millionar dyrare alternativ enn eksisterande tomt.
Ligg i økonomiplanen
Eit grovt kostnadsestimat for ny skule på tomta til dagens skule, er 373-393 millionar kroner.
I fylkesdirektøren sitt forslag til økonomiplan for 2026 til 2029, ligg pengar til ny vidaregåande skule inne. Men der er totalkostnaden estimert til 256 millionar kroner.
207 millionar er føreslått sett av i økonomiplanperioden, altså fram til og med 2029, med hovudtyngda av pengar sett av i 2028 og 2029. Med andre ord blir det lagt opp til byggestart i 2028.
"Grunna den dårlege standarden på det eksisterande skulebygget og leigebygget, så bør dette skulebygget ha høg prioritet", skriv fylkesdirektøren i budsjettforslaget.
Ein faktor som kan påverka prisen, er om det eksisterande skulebygget skal rivast, eller heilt eller delvis rehabiliterast og nyttast som ein del av den nye skulen. Det ønsker fylkesdirektøren å kome tilbake til etter vidare vurdering.
Tomtevalet ligg no i hendene til fylkespolitikarane, som skal handsame saka i opplæringsutvalet i neste veke, og deretter i fylkesutvalet veka etter. Fylkestinget gjer siste vedtak i desember.
