Lågast arbeidsløyse i Vestland
Ingen kommunar i fylket har færre heilt arbeidsledige enn Gulen. Blant fensfjordkommunane er det tydelege forskjellar.


I alt 5,734 personar i Vestland fylke er registret som heilt arbeidsledige, ifølge NAV sine tal for september. Det tilsvarar 1,7 prosent av arbeidsstyrken, og er eit lågare tal enn landssnittet.
Aller lågast prosentdel i Vestland har Gulen kommune. Der er berre 0,6 prosent av den totale arbeidsstyrken registrert som heilt arbeidsledige.
Det er også soleklart lågast i fensfjordregionen. Austrheim og Masfjorden likk likevel rett under fylkessnittet med høvesvis 1,5 og 1,4 prosent arbeidsløyse i september. Fedje ligg på 2,7 prosent, men det er verd å merke at jo mindre kommunane er, jo større utslag på ein prosentskala vil enkeltindivid utgjere.
Av nabokommunane har Alver og Solund begge 1 prosent heilt arbedsledige, medan Hyllestad med sine 2,9 prosent er blant kommunane i fylket med høgast arbeidsløyse.
Gulen har også relativt mange ledige stillingar innanfor kommunegrensene, sett i forhold til folketalet. Det er også mange ledige stillingar samanlikna med Austrheim, Fedje og Masfjorden, der NAV har registrert maks ei handfull ledige stillingar per kommune. Samstundes har talet på ledige stillingar i Gulen gått kraftig ned samanlikna med september 2024.
At Gulen scorar godt på desse statistikkane er også bidragsytande for den gode plasseringa fekk i NHO sitt kommune-NM tidlegare i år, som Fensfjorden tidlegare har omtalt.
Talet på ledige stillingar totalt i fylket er omtrent like høgt som talet på arbeidsledige. Dei bransjene som har flest ledige stillingar er bygg, helse og handel.