FENSFJORDEN
Publisert for omtrent 2 måneder siden|Nyheiter

Mange austrheimingar på sosiale ytingar: – Ekstremt urovekkande

Store kostnadar til sosiale ytingar er ei utfordring for Austrheim kommune. Tysdag fekk politikarane siste status på den økonomiske situasjonen.

Øyvind Bjerkestrand
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 22.08.2025 11:00
Formannskapet i Austrheim
DISKUTERTE ØKONOMI: Politikarane og administrasjonen i Austrheim er bekymra for høge kostnadar til sosiale ytingar.

Tysdag var formannskapet i Austrheim samla for første gong etter sommaren, og på agendaen stod ein oppdatert statusrapport om den økonomiske situasjonen.

Bakteppet er det kommunale underskotet i 2024, som kommunen slit med å hente inn att i 2025. At kommunen i tillegg har lite att av oppsparte midler, gjer den økonomiske framtida usikker.

Alvorleg utvikling

Økonomisjef Odd Harald Dommersnes trekte fram tre punkt der kommunen så langt i 2025 har hatt særleg store ekstrautgifter samanlikna med det vedtatte budsjettet. Dei tre punkta er:

  • Leige av bustader til innbyggarar som har krav på kommunalbustad
  • Innleige av sjukepleievikarar
  • Sosial ytingar

Særleg det siste punktet vart trekt fram som eit område og ei utvikling kommunen bør følge opp framover.

Kommunen sine utgifter til sosiale ytingar inneber mellom anna NAV sin økonomiske sosialhjelp, som skal hjelpe dei med behov for bu- og levestøtte.

Dommersnes forklarte at det samanlikna med mange andre kommunar, inkludert nabokommunane Gulen og Masfjorden, er det svært mange i Austrheim som mottar sosiale ytingar.

– Og vi ser at talet på brukarar av sosiale ytingar har auka, og at storleiken på ytingane er større, sa han.

Dommersnes omtalte tala som alvorlege, og trekte fram at mange som mottar ytingar er unge vaksne.

– Det som skremmer oss mest er kor mange som har falt utanfor av ungdom mellom 19 og 30 år, sa han.

Økonomisjefen forklarte at det er snakk om nesten 200 personar i kommunen som mottar ytingar. Mange av desse mottar også ytingar sjølv om dei er i jobb.

– Det er ekstremt urovekkande, sa han.

Komplekse årsakar

– Det er eit veldig komplekst bilete, og mange faktorar som påverkar tala, sa konstituert kommunedirektør Trine Merete Jansen då ho utdjupa problemstillinga.

Ho forklarte også at kommuneadministrasjonen ville vere varsame med å gå for mykje i detalj på deler av årsaksbilete både på grunn av personvern og for å unngå å stigmatisere enkeltgrupper.

– Vi skal vakte oss vel for å handtere altfor detaljert informasjon i opne møte, sa ho.

Dei jobbar også med å sjølv få meir informasjon om stoda, og Jansen opplyste at kommunen skal i møte med NAV i komande veke.

– Vi kjenner på at vi har ei slik utvikling, og så har vi ikkje nok grunnlag til å forstå situasjonen slik at vi kan ta presise avgjerder for korleis vi skal følge dette vidare. Men det tenker eg at vi skal få i dette møtet, sa ho.

Admnistrasjonen opplyste likevel noko om deler av bakgrunnen for dei høge tala. Høg busetting av flyktningar dei siste åra er eit del av biletet. Det same er rus og psykisk helse.

– Innanfor psykisk helse og rus har vi hatt ein dobling i talet på brukarar i Austrheim dei siste ti åra, sa Anne Hildegunn Færøy, kommunalsjef for helse og velferd.

No

gjeld det for kommunen å finne dei riktige løysingane.

– Vi må sjå samanhengane, og så prøve å sjå kva vi kan sette i gang av tiltak for å fleire ut i arbeid, sa Færøy.

Politikarane brukte tid på å diskutere kva tiltak som kan gjerast for å hindre utanforskap.

– Det som er tragisk er at denne utviklinga har skjedd parallelt med at vi har styrka innsatsen på området med forskjellige tiltak retta inn mot barn og unge, kommenterte Per Lerøy (Ap).

– Vala vi tar må byggast på det vi veit. Kvalitet i skule og barnehage er den aller viktigaste enkeltfaktoren for sosial mobilitet og sosial utjamning. Det må vi halde ved, sa Jansen.

Positiv sjukefråværstrend

Innleige av sjukepleiarar er eit anna punkt som har gjeve ekstrautgifter og budsjettavvik for kommunen. Det skuldast at kommunen manglar kvalifiserte sjukepleiarar i faste stillingar.

Det som derimot er ei positiv nyheit, er at kommunen har lågt sjukefråvær samanlikna med mange tilsvarande kommunar.

– Sjukefråværet er på seks prosent, som samanlikna med andre kommunar er svært lågt, sa økonomisjefen.

Fire færre årsverk på kommunehuset

Før sommaren var det mykje diskusjonar om kommunale innsparingar, og kommunestyret kom fram til eit vedtak om ein god del kutt som skal spare kommunen for utgifter dei komande åra.

Dommersnes forklarte at nokon av dei allereie er sett i verk. Nokre av kutta inneber å redusere talet på tilsette, både i administrasjonen og på tvers av einingane.

– Tiltak for å kutte kostnader er iverksett. 1. september blir vi fire årsverk mindre her på rådhuset enn i dag. Det betyr at nokon einingar får mindre kapasitet. Det må ein ha forståing for, sa han.

Kutta skjer ved at tilsette som sluttar ikkje blir erstatta.

Økonomisjefen varsla at andre tiltak også er sett i verk, inkludert oppsigelse av leigeavtalen for lokale til hjelpemiddel.