No skal saka om studietilbodet ved Austrheim VGS avgjerast
Fylkesdirektøren tilrår å ikkje starte opp Vg1 studiespesialisering ved Austrheim vidaregåande skule frå hausten av. Det er det reaksjonar på. No skal opplæringspolitikarane i fylket drøfte saka.


Fylkesdirektøren meiner det er for låge søkartal til den nye fyrsteklassen i studiespesialisering ved Austrheim VGS, og tilrår difor at klassen ikkje blir starta opp når eit skuleår tar til i august. No skal fylkespolitikarane i hovudutval for opplæring og kompetanse ta stilling til om dei vil følge tilrådinga eller ikkje.
Forslaget skaper reaksjonar, og Nordhordland Næringslag er blant dei som har reagert. I eit brev til fylket, som er publisert av Strilen, fryktar dei at dette kan bli starten på full utfasing av studiespesialiseringa.
“Ved å ikkje lengre tilby studiespes på VG1, frykter vi ei gradvis utfasing av studiet dei neste åra. 30% av elevane på studiespesialisering hjå Austrheim VGS kjem frå kommunar der det å flytte på hybel vert einaste alternativ for å få studiekompetanse. Vår region har lågare utdanningsnivå enn snittet i befolkninga, noko som skapar bekymring då ungdom her ikkje får dei same moglegheitene til utdanning som i andre deler av fylket”, skriv næringslaget.
Austrheim VGS har i dag elevar både frå Austrheim, Alver, Fedje, Gulen, Masfjorden og Solund. Næraste vidaregåandealternativ til Austrheim er Knarvik i sør eller Dale i Fjaler i nord. Frå Gulen og Solund går det i dag skulebåt til Austrheim, og for mange elevar i desse kommunane, samt Fedje og Masfjorden, betyr manglande tilbod på Austrheim at dei må flytte på hybel andre stader.
Vil ha same moglegheiter i distrikta
Saka har i forkant av den politiske behandlinga i opplæringsutvalet vore til uttale hos Vestland Ungdomsutval.
Ungdomane er imot å kutta studiespesialiseringa på Austrheim, og er tydeleg i bodskapen sin.
“Elevane ute i distrikta må få dei same moglegheitene til utdanning som ungdom i Stor-Bergen”, skriv utvalet.
Dei fryktar at ungdom blir tvunge vekk frå nærmiljøet sitt når skuletilboda blir kutta.
“Når lokale skuletilbod vert kutta, får ungdom lengre reiseveg eller vert tvungen bort frå nærmiljøet sitt i det som er for mange ein sårbar fase i livet. Slike kutt bidrar til å bryte opp etablerte sosiale miljø og rammar særleg dei mest sårbare elevane som får mindre tryggheit og større risiko for utenforskap og fråfall. Pendling er ikkje eit reelt alternativ for alle. Vestland ungdomsutval meiner derfor at omsynet til nærskule, gjennomføring og likeverd må vektleggast, og ber at det studiespesialiserande tilbodet ved Austrheim vgs vert opprettheldt”, skriv ungdomsutvalet.
Til handsaming på torsdag
Møtet i opplæringsutvalet går over to dagar, onsdag og torsdag. Ifølge planen består onsdag av besøk ved Amalie Skram VGS i Bergen, før resten av dagen består av ulike orienteringar. Behandlinga av dei ulike sakene skjer fyrst på torsdag.Justering av opplæringstilbodet for neste skuleår er ei av dei viktigaste sakene for politikarane å ta stilling til i dette møtet.