– Nokon gongar må vi endre oss for at vi skal kunne vere robuste i framtida
Mange følgde med, men få hadde spørsmål då Gulen kommune gjennomførte informasjonsmøte om den pågåande omstillingsprosessen i kommunen. Samstundes er forslaget om sommarstengd SFO og barnehagar sendt ut på høyring.


– Målet med dette møtet er at innbyggarar og andre interesserte skal få informasjon om situasjonen i kommunen, både korleis det står til med økonomien og korleis vi har det bemanningsmessig i forhold til å kunne utføre tenestene våre, sa kommunedirektør i Gulen, Reidun Halland, då ho innleia det tysdag i sist veke.
Eit hundretals personar hadde samla seg for å følge møtet, der kommuneleiinga skulle legge fram bakgrunnen for det pågåande prosjektet som skal ruste kommunen for framtida.
Prosjektet inneber potensielt store omstruktureringar av kommunen, både administrativt og knytt til tenestene.
Det er dei to rapportane frå konsulentselskapet PwC som legg grunnlaget for det vidare arbeidet og dei vidare tiltaka som blir vurderte.
– PwC-rapportane er bestilt frå oss politisk for å gje eit så grundig og objektivt kunnskapsgrunnlag som mogleg, så vi som folkevalde skal ha godt grunnlag til å ta beslutningar seinare i prosessen. Det er veldig viktig for oss politikarar at vi skal kunne ta dei endelege beslutningane om kva omfang ei eventuell omstrukturering skal få, sa ordførar May-Lynn Osland då ho orienterte om bakgrunnen for omstillingsarbeidet.
Ordføraren poengterte viktigheita av at Gulen må ruste seg for dei samfunnsmessige utviklingane som vil legge meir press på dei kommunale tenestene i framtida.
– Eg føler det er eit uttrykk for forholdsvis ansvarleg styring at vi har etterspurd desse rapportane, slik at vi får eit redskap for å kunne planlegge for framtida, og ikkje berre handtere situasjonen slik den er no. Mange kommunar må omstille seg akkurat no og kutte, men vi er litt i forkant, sa Osland.
– Vi som folkevalde har eit stort ansvar for å stille oss spørsmålet om vi er organisert på ein måte som gjer oss best mogleg rusta til å levere gode og forsvarlege tenester til innbyggarane våre, no og i framtida. Det er utgangspunktet for at dette har kome på bordet, og vi prøver å vere i forkant, fortsette ho.
Økonomiske omsyn
Allereie i budsjettarbeidet i haust har dei framtidige utfordringane blitt trekt fram som viktige føresetnadar for dei kommunale budsjetta. Utgangspunktet er at Gulen førebels har kontroll på utgiftsbiletet, men at dei økonomiske føresetnadane er under press og det må gjerast tiltak for å hindre framtidige budsjettsmellar.
I tillegg har Gulen sparepengar på fond som kan nyttast til å kome seg gjennom ein omstillingsprosess, medan til dømes ein kommune som Austrheim, som står overfor tilsvarande utfordringar som Gulen, har lite fondsmidlar å jobbe med.
Men også Gulen må gjere tiltak med ein gong.
– Det er rett og slett økonomisk nødvendig, sa Osland i møtet.
Det har vore mykje diskusjonar rundt dei framlagde PwC-rapportane, og tiltaka som PwC tilrår. Ordføraren poengterte i møtet at PwC ikkje har kome med fasiten, og at det er politikarane som til slutt skal ta avgjerdene, og at det skal basere seg på innspel og tilbakemeldingar frå ulike hald.