FENSFJORDEN
Publisert for 7 dager siden|Nyheiter

Skal sjå nærare på dei politiske godtgjerslene

Kor mykje pengar får dei folkevalde i Austrheim? Det vil formannskapet sjå nærare på når dei er samla til haustens første møte neste veke.

Øyvind Bjerkestrand
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 15.08.2025 09:30
Formannskapet i Austrheim
PENGEPRAT: Innsparingar i Austrheim kommune blir eit tema i tida framover. Tysdag skal formannskapet få orientering om kor mykje kommunen betalar i godtgjersle til dei folkevalde politikarane. (Arkivfoto)

Sommarferien er over for politikarane i Austrheim kommune, og tysdag i neste veke skal formannskapet samlast til haustens første møte.

Den økonomiske situasjonen, som var hovudtema før sommaren, kjem også til å prege dei politiske samtalane gjennom hausten. Då politikarane i juni gjorde vedtak om kva innsparingstiltak som skulle gjennomførast, bad dei også om å få ei oversikt frå administrasjonen over dei politiske godtgjerslene, altså kor mykje pengar kommunen betalar dei folkevalde.

No er oversikta sendt ut til politikarane. Den viser at ein del folkevalde har fast, årleg godtgjersle, medan andre får godtgjersle per møte dei stiller på.

Dei som har fast godtgjersle er ordførar, varaordførar, dei tre andre faste medlemmane i formannskapet, leiar i levekårsutvalet og leiar i kontrollutvalet.

Godtgjersla baserer seg på løna til ein stortingsrepresentant, som også tilsvarar ordførarløna. Per 1. mai var denne på 1.214.977 kroner årleg.

Varaordførar får 12 prosent av ordførarløna, altså 145.797 kroner. Det same får leiaren i levekårsutvalet.

Dei tre andre formannskapsmedlemmane, samt leiaren i kontrollutvalet, får 5 prosent, altså 60.748 kroner i året.

Desse politikarane får ikkje noko anna møtegodtgjersle.

I fast godtgjersle tilsvarar dette 1.749.563 kroner i året i utgifter for kommunen.

Dei andre folkevalde får ein fast sum per møte i kommunestyret eller dei andre politiske utvala. Summen per møte tilsvarar 0,16 prosent av ordførarløna, altså 1.944 kroner. Dette gjeld også varamedlemmar som må stille i møte.

Dersom ein legg opp til tolv kommunestyremøte, formannskapsmøte og levekårsutvalsmøte, samt fire kontrollutvalsmøte i året, blir den årlege kostnaden for dei som har møtegodtgjersle på 547.000 kroner. Talet på politiske møte i året kan variere, og er ofte lågare enn dette.

I lag med dei som får fast godtgjersle, betalar dermed kommunen ut nesten 2,3 millionar kroner årleg i politisk godtgjersle. Kring 1,2 millionar av dette er løna til ordføraren.

I tillegg til variasjon i talet på møter, avhengar den totale summen også av kor ofte det må kallast inn vara for politikarane med fast godtgjersle, og om nokon representantar ber om erstatning for tapt arbeidsforteneste. Kommunen opplyser at det er lite vanleg.

Dermed har politikarane fått oversikta som gjer at dei vidare kan vurdere om den politiske godtgjersle er eit potensielt innsparingspunkt i det kommunale budsjettet.

Forutan den politiske godtgjersla, skal også den generelle økonomiske situasjonen i kommunen vere tema i møtet, og politikarane skal få levert ein oppdatert status på den førebelse rekneskapen per juli i år. I tillegg skal politikarane begynne å jobbe med nokon av dei vedtatte innsparingstiltaka, mellom anna retaksering av eigedomar som kommunen hentar eigedomsskatt frå. Det er eit tiltak kommunen potensielt kan tene fleire millionar på.