Sviktande skatteinntekter for Austrheim
På toppen av ein allereie utfordrande økonomisk situasjon, opplever Austrheim kommune svikt i skatteinntekter. Det orienterte økonomisjefen om i sist kommunestyremøte.


– Kommunane rundt oss har ganske stor skatteinntektsauke, men ikkje Austrheim.
Det sa økonomisjef Odd Harald Dommersnes då politikarane i Austrheim var samla til kommunestyremøte sist veke.
På agendaen stod ein oppdatert rapportering om den økonomiske situasjonen, og eit av hovudpunkta til økonomisjefen var sviktande skatteinntekter.
Medan nabokommunar som Alver og Fedje har ei auke i skatteinntekter så langt i år på godt over ti prosent, ligg Austrheim på 3,5 prosent auke. Det er langt mindre enn kommunen har budsjettert med.
Vil sjå på årsakane
Den låge skatteveksten ligg an til å koste kommunen over 15 millionar kroner i mindre skatteinntekter i år, men det treng ikkje gå utover den totale kommunerekneskapen. Økonomisjefen forventar at tapet i skatteinntekter blir erstatta med auke i rammetilskot frå staten. På den måten ligg kommunen framleis an til å få budsjettet for 2025 i mål på inntektssida.
Skattesvikten er likevel noko som kan påverka den økonomiske framtida til kommunen.
– Tidlegare har vi vore i ein situasjon at skatteinntektene i Austrheim har lege ganske høgt i forhold til landssnittet, det gjer vi ikkje lenger, forklarte Dommersnes.
– Det gjev utfordringar i forhold til 2026, fortsette han.
For snart startar arbeidet med å lage budsjett for neste år, og då må politikarane ta ei vurdering på om dei vil justere ned forventa skatteinntekter samanlikna med tidlegare år.
– Vi har ein heilt anna utvikling når det gjeld skatt enn resten av dei nære kommunane, og det er så stort at det hadde vore spennende å sjå kva dette er for noko, sa økonomisjefen.
Nye innsparingar
Sjølv om kommunene sine inntekter totalt sett kan halde seg på venta nivå i 2025, slit kommunen med nokre ekstrautgifter, ikkje minst knytt til sosiale ytingar, slik .
Denne posten blir no auka opp med 2,2 millionar i 2025-budsjettet. Det må tenast inn på andre måtar.
Kommuneadministrasjonen føreslo nokre punkt der det kan vere mogleg å kutte utgifter ut året, utan at det skal gå utover tenestetilbodet til innbyggarane.
Økonomisjefen la fram fire konkrete punkt som skal spare kommunen for 2,2 millionar i årets budsjett:
- Kutta innkjøp av IKT-utstyr. Det betyr at kommunale PC-ar må leve eit år lenger enn anbefalt av IKT Nordhordland. Estimert innsparing 300.000 kroner.
- Kun opplæring knytt til oppgradering av systemkunnskap blir gjennomført. Estimert innsparing 1.000.000 kroner.
- Forlenge levetid på arbeidsklede. Estimert innsparing 100.000 kroner.
- Redusere innkjøp av inventar til kommunale bustadar og flyktningbustadar. Estimert innsparing 800.000 kroner.