FENSFJORDEN
Publisert for 21 dagar sidan|Nyheiter

Uroa over lang reisetid til ny tannklinikk

Gulen-politikarane har forståing for utfordringane fylket har ved å drifte tannhelseklinikken i Eivindvik, men er bekymra for auka reisetid for dei fleste innbyggarane.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 18.12.2025 07:30
Eivindvik
GULEN: Tannhelseklinikken i Eivindvik kan forsvinne i framtida. Politikarane er uroa for lang reiseveg.

I sist kommunestyremøte gjekk politikarane i Gulen inn for sitt høyringsinnspel til det nye planforslaget for offentleg tannhelsestruktur i Vestland fylke.

Det er fylkeskommunen som er ansvarleg for det offentlege tannhelsetilbodet, og skal om kort tid vedta ein ny plan som skildrar kvar dei offentlege tannklinikkane skal vere plasserte i framtida.

Planforslaget inneheld ein del endringar, fordelt på to trinn. Gjennom trinn 1, som dekker tidsperioden fram til og med 2030, er det ikkje føreslått endringar i fensfjordområdet.

I trinn 2, mellom 2031 og 2036, er det derimot skissert å legge ned tannklinikken i Eivindvik til fordel for ein ny og større klinikk i Austrheim. Denne klinikken skal også erstatte tannklinikken på Lindås.

"Pasientgrunnlaget er relativt lågt og det er forventa utfordring med rekruttering og stabilisering", skriv fylkesdirektøren om klinikken i Eivindvik.

Uttale frå Gulen

Til kommunestyremøtet i Gulen i sist veke hadde kommunedirektøren utarbeidd eit forslag til høyringsinnspel, som politikarane stilte seg bak.

I uttalen står det at Gulen kommune har "forståing for at fylkeskommunen må tilpasse drifta av tannhelsetenesta til utfordringsbildet vi møter i framtida". Samstundes blir det uttrykt bekymring for dei som lang reisetid til ein ny klinikk i Austrheim.

"Vi ber om at de tar omsyn til fordelinga av klinikkar, slik at reisebelastninga vert jamnare fordelt for heile regionen, eventuelt med ambulerande tenester, der ein tar omsyn til dei mest sårbare gruppene. For Gulen kommune vil den aller største belastninga vere knytt til tannhelseoppfølging for bebuarane på Gulen sjukeheim", står det vidare i uttalen som skal sendast tilbake til fylket.

Det vart lite diskusjon om temaet i kommunestyremøtet, men Linda Oppedal (Sp) tok ordet for å legge fram ein tilleggssetning til kommunedirektøren forslag.

Ho uttrykte ekstra uro for dei som har aller lengst reiseveg til Austrheim, særleg dei frå Brekke og Oppedal.

– For delar av oss er Eivindvik allereie ganske langt vekke, Austrheim blir betydeleg lengre vekke, sa ho.

Tilleggssetninga, som resten av kommunestyret støtta, er følgande:

"Gulen kommune ber fylkeskommunen sjå på alternative løysingar for innbyggjarane i dei delane av kommunen som ligg lengst vekke frå Austrheim pga, uforholdsmessig lange avstandar".

Reisetid

Dei føreslåtte strukturendringane i tannhelsetenesta inneber ei sentralisering av tilboda.

"Ei viktig endring for å oppnå meir berekraftig drift er overgangen frå mange små klinikkar til større og meir robuste einingar. Denne utviklinga følger ein nasjonal trend og har som mål å styrke fagmiljøa gjennom breiare kompetanse, tettare samordning og auka kapasitet. Slik kan tannhelsetenesta tilby meir spesialiserte og tverrfaglege tenester, samtidig som ein nyttar ressursane der behovet er størst", skriv fylkesdirektøren i planforslaget.

Ein av grunnane til at Eivindvik-klinikken er føreslått nedlagt er sårbarheit og varsel om at det vil bli vanskelegare å rekruttere tilsette i framtida, noko som også gjeld mange andre distriktsklinikkar.

Det betyr samtidig at fleire vil få lengre reiseveg til eit offentlege tannhelsetilbod.

Fylkesdirektøren skriv at 99,7 prosent av innbyggarane i fylket i dag har mindre enn éin time reisetid med bil til næraste tannklinikk.

Målsettinga i det nye planforslaget er samstundes at 90 prosent av innbyggarane skal kunne nå ein tannklinikk på under éin time.

Gulen er ein stor kommune med kronglete vegar. Frå Oppedal til Sløvåg tar det potensielt éin time å køyre, avhengig av trafikk og køyreforhold.