FENSFJORDEN
Publisert for 22 dagar sidan|Nyheiter

NY VGS: Utfordrar kommunen til å bidra for å få sitt førsteval

Dersom verftstomta blir dyrare enn dagens tomt, bør Austrheim kommune utfordrast på å bidra økonomisk, meiner fylkespolitikar Trude Brosvik (KrF).

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 17.12.2025 07:45
Trude Brosvik
UTFORDRAR KOMMUNEN: Kan kommunen bidra for å få sitt ønskte tomteval? Det spørsmålet stilte KrF-politikar Trude Brosvik i fylkestinget. (Skjermdump frå Vestland fylke sin nett-TV)

– No går startskotet for ein ny og framtidsretta skule i Austrheim, sa Alexander Fosse Andersen i Senterpartiet då Fylkestinget i sist veke gjorde eit vedtak om vegen vidare for ny vidaregåande skule i Austrheim.

Austrheim VGS står høgt på lista over fylka sine vidaregåandebygg som må oppgraderast, og denne hausten har politikarane diskutert kvar den nye skulen skal byggast.

Fem tomtar vart vurdert i moglegheitsstudien som vart gjennomført tidlegare i år. Desse har deretter blitt redusert til to hovudalternativ. Anten bygge nytt der skulen står i dag, eller bygge på tomta ned mot Mastrevik kai der skulen i dag leiger verkstadbygg.

Politikarane i Austrheim har uttalt seg positivt til begge alternativa, men peika på at dei helst ønsker tomta ned mot Mastrevik kai, omtalt som "verftstomta", som lokasjon for nytt skulebygg.

Austrheim-politikarane meiner mellom anna at "eit nytt skulebygg her vil kunna vera eit kraftfullt bidrag til utviklinga av Mastrevikområdet og styrkja samspel mellom utdanning, næringsliv og lokalsamfunn", som dei skriv i sin uttale.

Både Regionrådet og Nordhordland Næringslag stiller seg bak uttalen frå Austrheim kommune.

Fylkespolitikarane vil ha meir kunnskap

Alle fylkespolitikarane er positive til at det blir starta opp eit arbeid med å oppgradere skulen i Austrheim, og fleirtalet vil framleis halde døra open for kommunen sitt førsteval, sjølv om fylkesdirektøren tilrådde at det blir bygd nytt på eksisterande lokasjon.

Fylkesdirektøren viser til at "verftstomta" er eit estimert dyrare alternativ, og peiker på nokre usikkerheiter mellom anna knytt til forurensing i grunnen. "Verftstomta" er også privat eigd, medan fylket sjølv eiger tomta skulen står på i dag.

Men fylkestinget ber om meir kunnskap før det blir tatt ei endeleg avgjerd. Fylkesadministrasjonen får i oppgåve å utgreie begge alternativa nøyare. Det inkluderer å gå i dialog om pris på overtaking av "verftstomta" og undersøke om kommunen eller lokalt næringsliv kan bidra til eventuell opprydding av sjøgrunn viss det må gjennomførast.

Peikar på lokale aktørar

Fleire av fylkespolitikarane kastar ballen delvis tilbake til lokale aktørar i Austrheim dersom "verftstomta" skal bli hovudalternativet.

Fosse Andersen i Sp kommenterte at det for hans parti er "viktig og rett å nøste litt meir" i begge alternativa, og at det bør vere i tett samspel med kommunen og lokalt næringsliv.

– Senterpartiet har klare forventingar til at desse aktørane hektar seg på den vidare prosessen, slik at nye Austrheim vidaregåande blir realisert så raskt som mogleg, sa han.

Trude Brosvik i KrF utfordrar Austrheim kommune endå meir.

– Eg har eigentleg ei forventing om at viss ein går for ei løysing på kaien, som er mykje dyrare enn ei anna løysing, og kommunen argumenterer med at det vil auke attraktiviteten til Mastrevik-området vesentleg og gagne kommunen, må kommunen óg utfordrast på å vere med å dekke den skilnaden i økonomi for det valet.

Politisk usemje

Vedtaket i fylkestinget hadde eit breitt fleirtal, men Frp og ein uavhengig representant røysta for fylkesdirektøren si tilråding om å velje tomta skulen ligg på i dag.

– Det kan bli mange skjulte utgifter viss vi skal gå for det andre alternativet med det gamle verftet, sa den uavhengige representanten Bjarte Helland.

Sigurd André Maraas i Frp følte ikkje saka trengte eit større kunnskapsgrunnlag.

– Det er ikkje alltid bra med for mye kunnskap heller, av og til må ein seie at ein har nok kunnskap. I Framstegspartiet handlar det om å kome vidare og vere effektive.

Planen vidare er at fylkesadministrasjonen skal greie ut saka vidare, og i midten av januar skal dei i møte med Austrheim kommune. Endeleg tomteval skal etter planen gjerast i mars.

Førebels planlagd byggestart er i 2028.