Austrheim under sparekniven - Vil spara inn 80 millionar
Det blir dratt i naudbremsen i Austrheim, og kommunedirektøren har levert forslag til kutt og innsparingar tilsvarande 80 millionar kroner fram til 2029.
Denne artikkelen tar for seg den økonomiske stoda i Austrheim kommune. Vi vil framover publisere tilsvarende saker for dei andre kommunane i fensfjordområdet. Kjenner du nokon som er interessert i lokalpolitikk og kommuneøkonomi? Tips om Fensfjorden og vidaresend gjerne dette nyheitsbrevet. Har du fått vidaresendt nyheitsbrevet? Meld deg på her.
Økonomien i Austrheim kommune er eit brennheitt tema. Underskot i 2024 og ein tøff økonomisk start på 2025, kombinert med langsiktige utfordringar, gjer at behovet for å kutte i driftsutgitene er uungåelege. I midten av mai gjekk politikarane i formannskapet inn for å kutte 4,8 millionar i utgifter i 2025-budsjettet, og samstundes sette mange kommunale investeringar på vent.
Komande tysdag er det nytt formannskapsmøte, og kommunedirektøren har lagt fram ei ny kuttliste som skal spare kommunen for til saman 80 millionar kroner i åra 2026 til 2029. Heile kommuneorganisasjonen har vore under lupa, og "ingenting er verna".
Formålet med innsparingane er todelte. For det første må det sparast inn ti millionar årleg for å unngå nye underskot. I tillegg må kommunen bygge opp dispensasjonsfondet sitt, med andre ord fylle sparegrisen, for å sikre seg ved eventuelt nye underskotsår. I 2024 måtte kommunen bruke 7,5 millionar av oppsparte fondsmidlar for å få balanse i reknskapen.
Kommunen har fått påpakning frå Statsforvaltaren, som ber om at fondet blir auka. Det må skje gjennom meir innsparing, og målet er å fylle sparegrisen med 40 millionar innan 2029.

Kuttar i årets budsjett
Dei 80 millionane kommunedirektøren ønsker å spare inn i perioden 2026 til 2029, kjem i tillegg til 4,8 millionar i innsparingar i budsjettet for 2025. Dette er basert på rekneskapstala for årets første månadar som vart lagt fram for formannskapet i mai. I same møte godkjente politikarane kuttforslaga.
Desse innsparingane skal i størst mogleg grad skjerma både innbyggjarar og tilsette for negative konsekvensar, og i liten grad gå på kostnad av kommunen sine tenester. Det handlar i stor grad om å effektivisere drifta, stramme inn på kurs-, møte- og reiseverksemd, kutte i konsulentutgifter, spare straum og utsette vedlikehald. I tillegg skal ein avvente med å fylle opp ledige stillingar "så langt det let seg gjere". Det er dette punktet som er venta å generere mest innsparing.
27 langsiktige innsparingstiltak
Den langsiktige kuttlista på 80 millionar, som formannskapet skal drøfte i neste veke, inneheld 27 konkrete innsparingstiltak. Kommunedirektøren har også sett på elleve andre tiltak. Fem av desse blir vurdert som uaktuelle, medan dei seks siste krev meir utgreiing.
Eit av tiltaka som kommunedirektøren ikkje tilrår, er å innføre eigedomsskatt på private bustader. Argumentet er at det ikkje er politisk grunnlag for eit slikt tiltak.
Samstundes har kommunen eigedomsskatt på næringsbygg. Eit av sparetiltaka som blir føreslått, er å framskunde retaksering av eigedomane som er dekka av skatten. Ved å auke taksten på eigedomane kan kommunen få inn meir inntekter, ifølge kommunedirektøren seks millionar kroner i året.
Resten av lista er ei blanding av små og store tiltak. Dei største tiltaka går ut på å effektivisere drifta og redusere talet på årsverk. Samfunnseininga er føreslått ned med 1,5 årsverk, medan administrasjonen skal reduserast med to årsverk. I tillegg vil kommunedirektøren ha ein større gjennomgang av heile kommunen med mål om å redusere inntil tre årsverk på tvers av tenesteområda.
Sjå heile kuttlista nedst i saka.
Blant tiltaka som kommunedirektøren har vurdert, men ikkje tilrår, er å avvikle barn/ungdomseininga, anbodsutsette frivilligtenesta og avvikle havsportsenteret.
Tiltaka kommunedirektøren ønsker vidare utgreiing av, er blant anna å skille ut plan/bygg og vass og avlaup i eit eige interkommunalt selskap i lag med andre kommunar, justere leigeprisen i kommunale bustader og gjennomføre ei større omorganisering av det kommunale tenestetilbodet.
Investeringsstopp
Det er det årlege driftsbudsjettet kommunen er nøydd til å få i balanse. I tillegg opererer kommunen med eit investeringsbudsjett som inneheld alle store og små byggesprosjekt, oppgraderingar og ymse kjøp som ikkje går inn i det vanlege driftsbudsjettet.
Kommunen tar opp lån for å betale for desse prosjekta. Desto meir gjeld, desto meir må kommunen betale tilbake kvart år Det slår igjen ut på driftsbudsjettet. Austrheim har gjennomført fleire store investeringar dei siste åra, og hadde ved utgangen av 2024 ei netto lånegjeld på 277,2 millionar. Det tilsvarar 75,5 prosent av driftsinntektene til kommunen.
I dei komande åra er det særleg eitt planlagd investeringsprosjekt som vil bidra til å auke gjelda. Nytt helse- og omsorgstun ligg inne med ei budsjettramme på 180 millionar kroner.
Statsforvaltaren ber kommunen om å vere forsiktig med store investeringar dei neste åra.
"Kommunen bør ikkje ta opp lån til andre føremål enn avgiftsfinansierte investeringar innan vatn og avlaup inntil vidare", skriv Statsforvaltaren i si vurdering av kommunen sin økonomiplan.
Den utfordrande økonomiske situasjonen gjer at kommunen set fleire investeringsprosjekt på vent, i alle fall fram til kommunen får naudsynte inntekter frå sal av det nyutvikla næringsarealet på Mongstad. Kommunen har i budsjettet for 2025 lagt inn tolv millionar i inntekter frå sal av eigedom, men førebels let desse inntektene vente på seg.
Det kan også utsette arbeidet med nytt helse- og omsorgstun. Kommunedirektøren tilrår politikarane å utsette oppstarten av dette prosjektet fram til næringstomtene er selde.
I politikarane sine hender
No er det opp til politikarane å ta for seg forslaga frå kommunedirektøren. Det er til sjuande og sist dei som avgjer kva kutt og innsparingar som skal gjennomførast. Kommunedirektøren åtvarar om at dersom kommunen ikkje klarar å spare pengar og bygge opp dispensasjonsfondet, risikerer ein å måtte gjennomføre bråare og meir inngripande kutt på seinare tidspunkt.
Komande tysdag er det formannskapet som skal diskutere den økonomiske situasjonen, før kommunestyret 19. juni skal gjere endeleg vedtak.
Kommunedirektøren sine forslag til langsiktige innsparingstiltak: (Summane er estimert årleg innsparing)
- Reduksjon i vikarbruk, 700.000 kr
- Sommarstengt barnehage i to veker, 200.000 kr
- Redusert løpande barnehageopptak, 1.000.000 kr (løpande opptak blir erstatta med hovudopptak 1. mars og supplerande opptak 1. oktober)
- Organisatorisk samanslåing av barnehagar, ikkje estimert (behalda begge barnehagane, men innføre felles administrasjon)
- Reduksjon 1,5 årsverk samfunn, 1.500.000 kr (samfunnseininga inneheld innbyggarservice, kultur og teknisk)
- Reduksjon 25 % stilling i ungdomsklubben, 175.000 kr
- Endra legetenesteorganisering, 1.500.000 kr
- Redusert tilskot kyrkja, 500.000 kr
- Redusert tilskot fysioterapi, 550.000 kr
- Avslutte Aufera-transport, 160.000 kr
- Felles natteneste/velferdsteknologi, 1.800.000 kr
- Innføring av årsturnus, 1.000.000 kr
- Robotvasking, 700.000 kr
- Energieffektivisering bygg, 500.000 kr
- Reduksjon TAF-elevar, 150.000 kr (kommunen tar i dag inn 2-3 TAF-elevar i året)
- Avvikle sommarjobb for ungdom, 300.000 kr
- Retaksering eigedomsskatt, 6.000.000 kr
- Anbodsutsetje revisortenester, 250.000 kr
- Avvikle tilskot kunsthuset, 50.000 kr
- Avvikle Industriutvikling vest, 150.000 kr
- Utmelding DigiVestland, 163.000 kr
- Avslutte annonsering Strilen, 96.000 kr
- Reduksjon 2 årsverk administrasjon, 1.700.000 kr
- Avvikle miljøfyrtårn, 120.000 kr
- Utmelding fjord/kyst-nettverk, 37.000 kr
- Organisasjonsgjennomgang, 3.000.000 kr (Mål om å redusere inntil tre årsverk)
- Oppseiing abonnement/samarbeid, 150.000 kr
Av Øyvind Bjerkestrand, oyvind@fensfjorden.no
