
Store prestasjonar i hovudstaden
Det er Norway Cup, og to lokale Fensfjorden-lag har vore i hovudstaden for å kjempe om heider og ære i verdas største fotballturnering.
Begge laga har vist enorme kvalitetar på fotballbana. Masfjord sitt jenter 16-lag var ikkje berre uslåelege i gruppespelet, dei sleppte heller ikkje inn eit einaste mål i sine tre kampar.
– Dei har eit veldig godt samhald, både på og utanfor banen, seier trenar Erlend Haugsvær.
Den soleklare gruppesigeren sende dei rett inn i A-sluttspelet der det vart internasjonal motstand i åttandedelsfinalen. Amerikanske Inspire Soccer FC vart litt for sterke, og vann 2-1 over masfjordingane.
Det andre lokale laget på Ekebergsletta var Austrheim sitt G15-lag. Den talentfulle gjengen sikra avansement med to sigrar og ein uavgjort i gruppespelet, men også dei fekk det tøft i A-sluttspelet. Kampen mot Førde enda med 3-1-siger til sunnfjordingane.
Her kan lese meir om innsatsen på Norway Cup.
Neste veke er full av aktivitetar i regionen, ikkje minst på Fedje, som arrangerer EM i havfiske. Konkurransen i seg sjølv er samstundes berre ein liten del av alt som skjer på øya i havgapet, med ei rekke ulike arrangement og aktivitetar for heile familien i løpet av EM-veka.
Samstundes er det Havglede på Austrheim, ei veke fylt med ulike sjøaktivitetar for ulike aldrar.
Fensfjorden skal innom begge plassar, og vi gler oss til ei veke full av liv og moro. Viss du observerer underteikna ute på oppdrag er det berre å ta ein prat viss du har innspel om korleis vi skal bygge fensfjorden.no vidare.
Sist helg var vi innom Utkantfestivalen. Her kan du sjå bileta frå laurdagskvelden på Skjerjehamn.
Hugs å tipse andre om Fensfjorden, og vidaresend nyheitsbrevet viss du kjenner nokon som har interesse for det som rører seg i regionen.
Vi er no på Snapchat. Søk opp Fensfjorden og legg oss til. Der kan du få eit ekstra innblikk i kva vi jobbar med og kor vi er. Ein slags "behind the scenes" frå avisproduksjonen vår. Følg oss gjerne også på Facebook og Instagram.
Fortsatt god sommar!
Beste helsing
Redaktør Øyvind Bjerkestrand
