
Ferjefrustrasjon på Fedje og kuttvedtak i Austrheim
Sist veke nemnde vi at Fedje-politikarane ber om dialog med fylket for å få bukt med utfordringar knytt til ferjesambandet som er fedjingane si einaste fastlandsforbinding. Då passar det ekstra bra for bodskapet sin del at den siste veka har vore prega av innstillingar etter innstillingar.
Både søndag, måndag og tysdag har dei to siste rundturane blitt kutta på grunn av sjukdom og mannskapsmangel. Også morgonavgangane har blitt prega.
Ordførar Stian Herøy sende ein frustrasjonsfylt mail til Skyss-direktøren der han innstendig ber om at noko må skje for å betre situasjonen.
– Det er ei enorm påkjenning for dei som er avhengige av ferja, seier Herøy til Fensfjorden.no.
Skyss-direktøren var rask med å svare på mailen. Kva ho seier kan du lese her.
I Austrheim har kommunstyret no behandla ferdig saka om dei store kuttforslaga til kommunedirektøren. Forslaget var å gjere 25-30 tiltak som skulle spare kommunen for 80 millionar kroner dei neste fem åra.
Politikarane gjekk imot ein stor del av forslaga, inkludert å redusere driftstilskot til fysioterapeutane og sommarstenge barnehagene. Meir om kommuenstyret sitt vedtak kan du lese her.
På same møte vart kommunedirektør Bjørnar Fjellhaug takka av. Han sluttar i jobben i Austrheim, og reiser austover for å bli ny kommunedirektør i Aurskog-Høland.
Austrheim søker difor etter ny kommunedirektør. Dei søker etter ein handlings- og løysingsorientert person, med "solid leiarerfaring", "god økonomiforståing" og "god relasjonskompetanse".
Inntil vidare har kommunalsjef for oppvekst og integrering, Trine Merete Jansen, fått jobben som konstituert kommunedirektør.
Vi ønsker å kome oss ut blant folket i regionen gjennom sommaren, så send gjerne ein mail til oyvind@fensfjorden.no med tips om nokon som driv med litt spesielle eller unike sommaraktiviteter. Eller kanskje er det ein stad der sommarstemninga er ekstra sterk?
Fensfjorden.no utviklar seg stadig. No har vi samla alle artiklane våre her, og tidlegare nyheitsbrev kan du lese her.
Alt innhald er ope for alle, men i løpet av hausten innfører vi ei abonnementsløysing for å finansiere journalistikken vår. Men du kan allereie no gå inn på sida vår og støtte oss på vegen til å bli den nye lokalavisa for alle med hjarte i fensfjordkommunane. Vi set pris på alle som vil hjelpe oss i gang.
Beste helsing
Redaktør Øyvind Bjerkestrand
oyvind@fensfjorden.no