
– Det er ein kompleks organisasjon og mykje å setje seg inn i, men eg tenker det skal gå greitt. Eg har tenkt å ta det steg for steg, seier Britt Skaalevik Lerøy til Fensfjorden.
Torsdag gav kommunestyret i Austrheim den formelle tommelen opp til å tilsette ho som ny kommunedirektør. Allereie på måndag startar ho i jobben.
Ho har mellom anna bakgrunn frå mange år som einingsleiar for matforsyning i Helse Bergen.
Torsdag vart ho ønskt velkomen av ein applauderande gjeng med folkevalde, og ho sa sine første ord på talarstolen. Meir om kva den nye kommunedirektøren hadde å seie kan du lese her.

Vi minner om at alle saker på Fensfjorden.no framleis er heilt opne for alle å lese. Vi blir abonnementsteneste på sikt, men enn så lenge vil vi berre at flest mogleg skal få lese det vi produserer. Vi takker også alle som har teikna støtteabonnement og hjelpt oss på den måten.
Vi takkar også alle som følger oss på sosiale medium, og som hjelper oss å spre ordet om den nye lokalavisa for fensfjordregionen. Fortsett å tipse oss om saker, og kome med andre innspel til avisa vår.
Det kjem mykje spennande saker framover. Mellom anna har vi denne veka vore i Gulen for å få med seg VilVite sitt opplegg på skulane i kommunen. Dei har hatt vitenshow og spennande fagleg opplegg for elevane i kvar enkelt skule.
Den mykje omtalte ubåten utanfor Fedje er eit viktig tema, ikkje berre for Fedje, men for heile vestlandskysten. Lekkasjer frå ein ny hemmelegstempla rapport frårår tildekking, melder BA.
Vi har møtt ein gjeng med lokale entusiastar som no krev heving av vraket, og vil sette inn eit støt for å vise at heile regionen stiller seg bak kravet.
Meir om desse sakene kjem på Fensfjorden.no, så det er berre å følge med.
Beste helsing
Redaktør Øyvind Bjerkestrand
oyvind@fensfjorden.no
