Kommunestyret drøfta nytt aktivitetsanlegg: – Vi må sikre at vi har både næringsliv, kommune og idrettsaktørar med på laget vidare
Gulen-politikarane vil drøfte aktivitetsanleggplanane vidare med nærings- og idrettsaktørar og Masfjorden kommune. I tillegg vart det poengtert i møtet at kommunane kan velje vekk eller utsette enkelte byggetrinn som gjer prislappen på anlegget meir leveleg.


Den nye rapporten om eit felles aktivitetsanlegg for Gulen og Masfjorden, plassert enten i Sløvåg eller på Dalsøyra, vart diskutert i kommunestyret i Gulen i sist veke.
I januar fekk politikarane sjå på den ferske rapporten utarbeidd av 3RW arkitekter, som er ei oppfølging av Vestland fylke si “nyskapande aktivitetsanlegg”-ordning, der Gulen og Masfjorden har søkt om å få vere med.
Det betyr at den nye arkitekt-rapporten, som inneheld eit skisseforslag til nytt anlegg og ei vurdering av lokalisering, blir betalt av fylket.
Presenterte planane
Tord Bakke og Camilla Arnesen frå 3RW arkitekter var på plass i kommunestyret for å informere om rapporten, og svare på eventuelle spørsmål frå Gulen-politikarane.
– Det som er viktig for fylkeskommunen er behovskartleggingen, at desse prosjekta svarar på genuine lokale behov, og at ein tenker litt nytt om korleis ein kan løyse desse behova. Det er rammene for dette prosjektet, sa Bakke innleiingsvis.
– Bakgrunnen for at det er viktig å gjere noko slikt her i Gulen, er den uttrykte mangelen på innandørs treningsanlegg med konkurranseflatar, svømmeopplæring og ønske om sosiale arenaer i kommunen, fortsette han.
Deretter gjekk han grundig gjennom rapporten, og forklarte litt om kva som ligg til grunn for 3RW sine vurderinger og skisser. Bakke kommenterte mellom anna at dei har arbeidd med å finne ut kva behov som er viktigast, og korleis ein kan løyse dette på ein “nøktern” måte.
3RW tilrår Dalsøyra som lokalisering framfor Sløvåg. Det blir grunngjeve i at Dalsøyra har fleire kvalitetar å spele på, mellom anna knytt til plassering i eit bygdesentrum og nærleik til skule og andre kommunale tenester.
Bakke påpeikte at 3RW har gjort ei “rein fagleg vurdering” av tomtealternativa, og ikkje vurdert inn ulike økonomiske forhold knytt til dei to alternativa.
– Eit av dei sentrale argumenta er at dette anlegget skal ha ein folkehelsefunksjon, og vi meiner at det er veldig vanskeleg å sjå for seg at ein skal få til gode helseting i eit industriområde (Sløvåg, journ.merk.). Vi veit av alle studier at omgjevnadane utanfor betyr veldig mykje, sa Bakke.
Økonomi er avgjerande
Men det økonomiske aspektet kan likevel bli avgjerande for framtida til aktivitetsanlegget. Det kom fram i den politiske diskusjonen etter at 3RW hadde presentert rapporten.
Arkitektane har utarbeidd eit grovt kostnadsestimat for det skisserte prosjektet. Der er totalkostnaden kring 325 millionar kroner for heile anlegget. Deler av dette vil kunne bli redusert ved hjelp av momsrefusjon og tildeling av spelemidlar.
I tillegg legg 3RW-prosjektet opp til fleire byggetrinn, slik at anlegget kan byggast ut stegvis i eige tempo. Inngangsparti/lobby med enkelte sosiale funksjonar er byggetrinn 1, medan idrettshall er byggetrinn 2. Dei siste byggetrinna inneheld kulturrom og svømmebasseng.
Det kom spørsmål frå politikarane om ein måtte bygge heile anlegget, eller til dømes kunne ta vekk bassenget dersom det vart vurdert som for dyrt.
3RW svarte at det er akkurat slik dei har tenkt i utarbeidinga av prosjektet.
– Det har vore ein berande idé at det ikkje er nødvendig å etablere alt, sa Bakke.
Ordførar May-Lynn Osland kommenterte at det kan vere misleiande å tenke at prosjektet må bli så dyrt som den totale 3RW-kalkylen tilseier.
– Eg trur det aspektet ved at det kan delast opp i forskjellige byggetrinn er veldig viktig å ta med seg. Det er litt misleiande som det står i avisa at dette er eit 350-millionarsprosjekt, for det er det ikkje. Det kjem heilt an på kva vi som politikarar vel å ta med oss, om vi skal gjere noko og kva vi eventuelt ønsker å bygge, sa ordføraren.
Dei to første byggetrinna, inngangsparti og idrettshall, er estimert til å koste kring 197 millionar kroner. Svømmebassenget, som er byggetrinn 4, har i seg sjølv ein estimert prislapp på over 100 millionar.
Sit att med usikre moment
Sjølv om 3RW fagleg tilrår Dalsøyra som lokasjon, peika fleire av politikarane på at Sløvåg framleis må vere med i vurderinga, sjølv om dei støtter dei positive effektene ved eit anlegg på Dalsøyra, slik 3RW vektlegg.
Mellom anna blir det vist til større moglegheiter for å få næringslivet med på finansiering i Sløvåg, samt andre effektar som at ein kan nytte overskotsvarme frå industrien til å varme opp bassenget, som igjen kan spare kommunen for driftsutgifter.
Mange av dei politiske innspela i møtet kan oppsummerast i at moment som å prate med lokale nærings-aktørar, samt idrettslag/idrettsråd, er viktig i det vidare arbeidet. Det same gjeld dialogen med Masfjorden.
– Det aller, aller viktigaste for oss er å vite kva Masfjorden verkeleg tenker, kommenterte Linda Oppeland (Sp), som også refererte til Masfjorden sine eigne planar om fleirbrukshall på Hosteland.
Desse momenta gjenspegla seg i vedtaket kommunestyret gjorde.
Kommunedirektøren sitt opphavelege forslag var å gje kommuneadministrasjonen tid til å gjere eigne faglege vurderingar før dei kjem tilbake til kommunestyret med ny sak i neste møte. Det støtta politikarane, men dei la også til eit eige punkt for å styre den vidare utviklinga i saka.
“Kommunestyret ber ordføraren ta initiativ til felles møte med næringslivet og idrettsråda i Gulen og Masfjorden for å gjennomgå rapporten for nyskapande aktivitetsanlegg før vidare politisk behandling. Ordførar i Masfjorden inviterast med i dette møtet”, heiter det i ekstrapunktet i vedtaket som politikarane gjekk inn for.
Dette punktet vart lagt fram som eit forslag frå Høgre. Øyvind Bøe (H) forklarte at bakgrunnen for tilleggspunktet er å sikre at prosjektet både blir interkommunalt og eit samarbeidsprosjekt med andre aktørar.
– Vi må sikre at vi har både næringsliv, kommune og idrettsaktørar med på laget vidare, sa Bøe.
Det står også i vedtaket at saka må på agendaen når Gulen og Masfjorden skal ha felles formannskapsmøte i mars.
Med andre ord ønsker Gulen-politikarane å få svar på dei usikre momenta, og drøfte saka med andre aktørar, før dei tar stilling til om prosjektet er noko dei vil satse vidare på.